Runebomme

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sjaman med runebomme. Gravering av O.H. von Lode for ei bok av Knud Leem frå 1767.
Runebomme med runer ᛒ (berkanan) og ᛟ (othalan)

Runebomme (sørsa. gievrie, 'ring', nordsa. goavddis), også kjend som sjamantromme eller trolltromme, er eit samisk instrument brukt til akkompagnement av joik og i sjamanisme. I Noreg er det berre igjen tre runebommer, ettersom dei fleste blei ødyelagde av norske prestar og styresmakter.

Kopi av runebomma som tilhøyrde den 100 år gamle samen Anders Paulsen som blei konfiskert i tinget i Vadsø i 1691. Tromma har sidan 1979 vore ved dei samiske samlingane i Karasjok, medan kopien er utstilt i Oslo Museum.
Foto: Sandivas

Tromma er laga av eit reinskinn som er spent på ei ramme og pynta med symbol. Noaiden, den samiske sjamanen, held henne i handa og slår på tromma med ein hammar av reinhorn.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]