Det samiske flagget

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Det samiske flagget

Det samiske flagget er flagget til den samiske nasjonen og er felles for samar i alle land. Det vart godkjent av den 13. nordiske samekonferansen, 15. august 1986. Flagget er halde i dei tradisjonelle samiske fargane, grønt, gult, raudt og blått. Det har ein sirkel som symboliserer både sola (raud) og månen (blå).

Den samiske kunstnaren Astrid Båhl frå Troms utforma flagget, inspirert av runebomma og diktet «Paiven parneh» («Beaivvi bártnit») av sørsamen Anders Fjellner (17951876).

Samiske flaggdagar[endre | endre wikiteksten]

Dei samiske flaggdagane er bestemte av samekonferansane.