Sovjetisk språkpolitikk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Framsida av læreboka i grammatikk til bruk i 7. og 8. klasse for komipermjakiske elevar

Sovjetisk språkpolitikk, språkpolitikken til Sovjetunionens kommunistiske parti, representerte eitt av dei mest omfattande språkplanleggingsprosjekta verda har sett. Målet med denne politikken var å gje alle dei ca. 140 språka i Sovjetunionen eigne skriftspråk, og byggje opp skoleverk som kunne gje alle opplæring på eige språk. Det einaste skriftfestingsprosjektet som er samanliknbart med det sovjetiske eksperimentet er misjonærorganisasjonane sitt prosjekt for å omsetje Bibelen til alle verdas språk.

Den sovjetiske språkpolitikken kan delast inn i tre ulike periodar:

  1. 20 år med dei nasjonale språka i sentrum (Lenin, Stalin)
  2. 20 år med balanse mellom russisk og dei nasjonale språka (Stalin)
  3. 30 år med russisk dominans (Khrusjtsjov, Bresjnev, Gorbatsjov)

Teoretisk grunnlag[endre | endre wikiteksten]

Grunntrekka i Lenin og Stalin sin politikk for det nasjonale spørsmålet var lagt før oktoberrevolusjonen. Lenin la stor vekt på det nasjonale spørsmålet, og skreiv mykje om det. I det mest kjende verket Om nasjonenes rett til sjølbestemmelse frå 1915 skriv han «Fullstendig likerett for alle nasjoner; nasjonenes rett til sjølbestemmelse, enheten til arbeiderne av alle nasjoner». (Lenin 1977 [1915] s. 214).

RSFSRs folkekommisariat for utdanning ferda allereie i 1918 ut eit dekret som sa at alle nasjonalitetar var sikra rettar til å organisere opplæring, på sitt eige språk. SUKPs partikongressar i 1929-30 gjorde begge vektak om at arbeidet med å bygge opp ein nasjonal sosialistisk intelligensia gjennom allmenn skoleundervisning og alfabetiseringskampanjer.

Gjennomføringa av den leninistiske språkpolitikken kravde mykje av dei sovjetiske lingvistane. Dei kunne ikkje berre sitte og lage teoriar, dei måtte ut til folk, gjere empiriske studiar av språk, og gå tilbake og lage skriftspråk for desse språka. Dei måtte ta stilling til kor store dialektskilnadene var, kor mange skriftspråk det var grunnlag for, og kva dialekt dei skulle legge til grunn for dei nye skriftspråka. I tillegg til alle Ivar Aasen sine problem hadde dei altså eitt viktig tilleggsproblem: Der Aasen tok utgangspunkt i riksgrensa når han avgjorde kor mange dialektar han skulle samle inn under same skriftspråk, måtte dei sovjetiske lingvistane samle i hop passande dialektknippe sjølv, på språkleg grunnlag.

Det var det fonemiske prinsippet som vart lagt til grunn for alfabetiseringa. Lingvisten N.F. Jakovlev laga ein matematisk formel for metodar for å halde talet på grafem nede, men likevel høgt nok til å gjennomføre eit fonemisk prinsipp. A.A. Reformatskij utvikla teoriar for utforminga av grafem: Vokal- og konsonantrepresenterande grafem skulle skilje seg frå kvarandre, som to grupper. (Isaev 1977). V.A. Artemov (1933) sette opp 5 prinsipp for nye alfabet:

  1. Alfabet må reflektere den fonemiske strukturen til språket
  2. Identiske eller nesten identiske symbol bør ikkje brukast for å representere ulike lydar
  3. Det fonemiske og det grammatiske systemet må bli uttrykt av det grafiske systemet
  4. Ikkje bruke to eller fleire symbol for å representere eit fonem
  5. Frekvente fonem bør representerast av enkle grafem, meir sjeldne fonem eventuelt av meir komplekse grafem

Sovjetisk lingvistikk var som alt anna i Sovjetunionen svært revolusjonær på 20- og 30-talet. Den leiande lingvisten var N.Ja. Marr (1864-1934), som kombinerte språkvitskap og kommunistisk teori til noko av det verste verda har sett av vitskaplege teoriar. Marr såg språk som ei direkte spegling av produksjonsforholda i samfunnet, slik at det til urkommunistiske samfunn, slavesamfunn, føydalistiske, kapitalistiske, sosialistiske og kommunistiske samfunn høyrer kvalitativt ulike språk. Såleis har t.d. systemet med hjelpeverb i dei indoeuropeiske språka, som blir brukt til å uttrykke eigedomsforhold, vakse fram med undergangen til urkommunismen og utviklinga av eit slavesamfunn. Språket under kommunismen vil dermed bli eit heilt nytt språk, ikkje russisk, ikkje engelsk, men noko heilt anna. Marr var medlem av Komiteen for nye alfabet, og gjekk sterkt inn for latinifisering. Han såg det russiske alfabetet som knytt til Russlands kapitalistiske fortid, slik at den einaste vegen til ei sosialistisk framtid låg i det å ta i bruk det latinske alfabetet. Marr sine tilhengarar i Alfabetkomiteen omarbeidde i løpet av 30-talet marrismens syn til å bli eit forsvar for kyrillifisering. (Bjørnflaten 1982:141, Crisp 1989:31). I og med at vegen mot kommunismen gjekk via innføring av eit einskapleg språk for heile menneskeslekta, ville ei typografisk og terminologisk harmonisering på russiske premissar vere eit steg i rett retning. Dette betyr ikkje at marrismen er årsaka til omlegginga av politikken. Men når styresmaktene ville ha ei omlegging, kunne marrismen gje den vitskaplege grunngjevinga for eit slikt syn.

Praktisk gjennomføring, perioden fram til 1937[endre | endre wikiteksten]

Den praktiske gjennomføringa varierte frå region til region, og det er her sett opp ei grov tredelinga, som fangar opp både geografiske skilnader (frå sør mot nord), skilnader i lokalt engasjement (prosessen starta i sør), og skilnader i utgangspunkt.

Utskiftinga av det arabiske alfabetet[endre | endre wikiteksten]

Før oktoberrevolusjonen vart Det arabiske alfabetet brukt for alle muslimske folk i Sentralasia, dvs. både for språk frå svært ulike språkfamiliar (indoiransk, kaukasisk, tyrkisk) og for nært beslekta språk i same språkgruppe (dei ulike tyrkiske språka). Det faktum at det arabiske alfabetet i utgangspunktet ikkje har separate symbol for vokalar, og at det er relativt få symbol for friksjonslydar, gjorde det svært lite eigna som alfabet for dei fleste av desse språka. På grunn av dette var det fleire reformrørsler i sving allereide før revolusjonen, men utan at dei hadde oppnådd praktiske resultat.

Så tidleg som i 1917, i byrjinga av februarrevolusjonen, hadde den jakutiske lingvisten S.A. Novgorodov utvikla eit latinsk alfabet for jakutisk, bygd på det internasjonale fonetiske alfabetet (IPA). Novgorodov hadde kjennskap til IPA etter studiar hos L. V. Sjtsjerba og Jan Baudouin de Courtenay. Skriftspråket (som ikkje brukte store bokstavar og ikkje skiljeteikn) vart godkjent i 1921 og i bruk i over 10 år. (Crisp 1989:26, Slepcov 1986:112ff.

Initiativet til reformprosessen kom på eit møte i Baku i 1922. Seinare kom det resolusjonar frå lærarmøte o.l. til støtte for at alle arabisk-baserte skriftspråk skulle skifte alfabet. Den første all-union-kongressen for turkologar vart halden i Baku i februar 1926, og den kongressen gjekk inn for opprettinga av ein Sentralkomite for det nye tyrkiske alfabetet. Dette skjedde etter grundige diskusjonar der alle syn kom fram (t.d. var særleg delegatane frå Tatarstan for å halde fram med det arabiske alfabetet). (jfr. det stenografiske referatet frå kongressen, sitert i Crisp, op.cit.).

Rettskrivingsreformer i språk som allereie var skriftfesta[endre | endre wikiteksten]

Sentralkomiteen for det nye tyrkiske alfabetet vart flytta frå Baku til Moskva i 1930, og samtidig delt opp i 4 sektorar: Kaukasisk, turko-tatarsk, finskugrisk, og ein teknografisk sektor. I 1935 hadde komiteen 35 lokale underkomitear, og han var involvert i danninga av 70 nye skriftspråk.

Dei fleste store ikkjeslaviske språka i Volgaområdet hadde allereide kyrilliskbaserte skriftspråk før revolusjonen. Av desse fekk komi og udmurtisk latinske skriftspråk, mens dei mariske og mordvinske språka heldt på sine kyrilliske alfabet. Den kyrilliske ortografien til språk som marisk og mordvinsk vart forbetra i tida fram mot 1937. Etter 1937 vart dei ortografiske prinsippa endra til meir russiske prinsipp, og dermed mindre eigna til språka dei var berekna for.

Skriftfestinga av nye språk[endre | endre wikiteksten]

Felles latinsk alfabet for dei nordlege folka, 1930 (frå: Единый северный алфавит (проект). Издание ДБ общества краеведения. Хабаровск 1930)
  • Ein komite for dei nordlege folka vart oppretta i 1924, og dei fekk sin eigen lærarskole og forskingsinstitutt i 1930 (Kreindler 1985).
  • Komiteen utarbeidde eit felles latinsk alfabet til bruk for alle nordlege folk
  • Det konkrete arbeidet med å bestemme kva som var eit språk og kva som var ein dialekt av eit anna språk, kva lydar som var i språket, og korleis skriftspråket skulle utarbeidast, vart dels utført av ulike grupper av lingvistar og etnografar nedsett av det sovjetiske vitskapsakademiet (til dømes for dei nordlege folka, som stort sett var analfabetar).

Før revolusjonen sat fleire kommunistar i fengsel i Sibir, noko som i fleire tilfelle resulterte i lingvistiske arbeid: V:I.Jokhelson om korjakisk, jukagirsk og aleutisk, V.G. Bogoraz-Tan om tsjuktsji, itelmensk og lamutisk, og Lev Jakovlevitsj Shternberg om giljakisk og ainu. På initiativ frå Bogoraz-Tan og Shternberg vart det sett i gang undervisning i nordlege språk ved det nordlege fakultetet ved universitetet i Leningrad i 1926. (Isajev)

Etter den 10. partikongressen vart det nordlege fakultetet ved Leningrads institutt for austlege saker grunnlagt. Seinare, da arbeidet med å lage nye skriftspråk vart intensivert rundt 1930, vart Institut Narodov Severa (INS) oppretta. INS var ein sentral institusjon i arbeidet med å gjennomføre den sovjetiske språkpolitikken, i løpet av 1930-talet arbeidde det ca. 300 personar ved INS med skriftfesting av språk, og utarbeiding av skolebøker og anna litteratur.

1937 og overgangen til kyrillisk skrift[endre | endre wikiteksten]

I 1937 gjekk Sovjetunionen over til å bruke kyrillisk i staden for latinsk for alle dei språka som hadde fått nye alfabet etter revolusjonen (eldre skriftspråk vart ikkje skifta ut). I vest er det dessverre denne hendinga som er best kjend, sjølv om det å i det heile tatt analysere og skriftfeste så mange språk var det som verkeleg var ein bragd. Her er det Isajev seier om saka:

«But why, it may be asked, was a transition to Russian alphabet not carried out immediately? (...) During the first years of Soviet power a transition to the Russian script could easily have been interpreted as a return of the old Russifying policy of tsarist times. A certain period of time was therefore needed before Soviet peoples could realise and sense the need for a transition to the Russian script.» (s. 243)

Og korfor var no det så viktig? Isajev startar eit kapittel i boka si med overskrifta The conversion to the Russian script as a factor promoting convergence among Soviet peoples. (s. 255). Han siterer og partirapportar frå 1936 som kritiserer den pågåande latinifiseringa (rapport til SK SUKP om den austsibirske regionkomiteen i Kommunistpartiet):

Det felles nordlege alfabetet og det felles skriftspråket som har vorte laga (for evenki) av Leningradinstituttet for folka i nord er klart formalistisk i sitt omgrepsapparat («formalistic in conception»). [...] Dei nordlege områda «er bokstavleg talt oversvømte med latinifisert litteratur, særleg i evenki, og det er ikkje ein gong lagerplass til så mange bøker. Evenkiane sjølv er ikkje i stand til å lese desse bøkene, pga. dei kunstig skapte orda i dei. [...] Det ville vere enklare og meir effektivt å basere den skrivne forma av språket til desse folka på det russiske alfabetet for å gjere det lettare for evenkiske arbeidarar å lære den skriftlege varianten av begge desse språka - både morsmålet deira og russisk».

11. februar 1937 vedtok Sovjetunionens sentrale eksekutivkomites nasjonalitetsråd ein resolusjon om ein overgang til det russiske alfabetet for alle språka til dei nordlege folka. (Isaev 1977:252). Det er likevel ingenting i dei samtidige kjeldene som avslører slike hemmelege planar om å gå over til russisk etter ei stund allereie frå starten av. Tvert imot er det vanskeleg å tolke den veldige entusiasmen for arbeidet som noko anna enn ærlege planar, for alle dei som var involverte i det.

1937–1960[endre | endre wikiteksten]

Sjølv om skriftspråkspolitikken vart lagt om frå kyrillisk til latinsk, og sjølv om lånord vart importert frå russisk i stor skala (på same måten som norsk får lånord frå engelsk i dag) låg hovudtrekka i den sovjetiske språkpolitikken fast fram til ca. 1960, dvs. fram til Khrustsjov. Minoritetane fekk skoleopplæring på morsmålet sitt. Unntaka var dei deporterte nasjonalitetane, elevar som budde utanfor dei nasjonale områda «sine», visse folk i grenseområda mot vest, som kildinsamane, og minoritetar med færre enn ca. 1000-2000 talarar.

1960 fram til slutten av Sovjetperioden[endre | endre wikiteksten]

Sovjetisk frimerke med bilete av den ossetiske diktaren Kosta Khetagurov frå 1989. Khetagurov er ein av få ikkje-russiske sovjetiske forfattarar som blei heidra med ei slik avbilding.

Det som gjer at 1960 er eit sentralt skilje er at Khrusjtsjov kom med nye skolelovar. Khrusjtsjov si maktovertaking resulterte i ei markant omlegging av den sovjetiske språkpolitikken, til ein meir russiskdominert politikk. Dette kjem klart fram i eit sitat frå paragraf 19 i den nye skolelova (her sitert etter Yaroslav Bilinsky, 1962):

«(...) Spørsmålet om å gje foreldre som vil sende barna sine til ein skole der undervisninga blir gjeve på språket til ein av unionsrepublikkane eller dei autonome republikkane må bli vurdert. Barnet kan, om det vil, få undervisning på russisk. Og, vice versa, om eit barn går på ein russisk skole kan det, om det vil, studere språket til ein av unionsrepublikkane eller dei autonome republikkane. (...) Å sikre foreldre rett til å bestemme kva språk eit barn bør studere som eit obligatorisk emne vil vere den mest demokratiske framgangsmåten. Det vil eliminere ein arbitrær framgangsmåte i dette viktige spørsmålet, og det vil gjere det mogleg å få slutt på praksisen med å overlesse barna med språkstudiar. (...)»

For å forstå innhaldet i denne paragrafen gjeld det å tolke omgrepet «valfridom» rett. I den gamle lova hadde skolen plikt til å gje undervisning på morsmålet til barna. Etter den nye lova kunne barna «friviljug» velje russisk. Valfridommen var med andre ord fridom for planleggarane til å bruke russisk, og ikkje fridom for individet til å velje sjølv. Resultatet av den nye lova kom umiddelbart, nye læreplanar vart gjennomførte i tidsrommet 1960-63. Effektane av lova ser vi i den russiske skolen i dag. Berre to nasjonalitetar (tatarane og basjkirane) har morsmålet sitt som opplæringsspråk gjennom heile skoletida, mens alle andre enn dei aller minste nasjonalitetane hadde opplæring på morsmålet sitt før 1959. For alle dei andre minoritetane, også for dei finskugriske folka, er det i beste fall opplæring på eige morsmål berre i småskolen. For dei små folka i nord er det ikkje opplæring på morsmål i det heile tatt.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Bilinsky, Yaroslav, 1962: The Soviet Education Laws of 1958-9 and Soviet National Policy. Soviet Studies 14:138-157. Oxford
  • Bjørnflaten, Jan 1982: Marr og språkvitskapen i Sovjetunionen. Novus forlag.
  • Isaev , M.I. 1977: National Languages in the USSR: Problems and Solutions. (Russisk original: Resjenie natsional'no-jazykovykh problem v SSSR. Progress Publishers, Moskva.
  • Lenin, V.I. 1977 [1915]: Om nasjonenes rett til sjølbestemmelse. Utvalgte verker 5, Oktober.
  • Literaturnye jazyki i revolutsija [Written Language and the Revolution]. Issue 1, Moskva-Leningrad 1933.
  • Kreindler, Isabelle (red.) 1985: Sociolinguistic Perspectives on Soviet National Languages. Contributions to the Sociology of Language 40. Mouton de Gruyter.
  • Slepcov, P.A. 1986: Jakutskij literaturnyj jazyk. Izdatel'stvo Nauka, Novosibirsk.
  • Slezkine, Yuri, Arctic mirrors - Russia and the small peoples of the north, Cornell University Press, 1994.
  • Trosterud, Trond 1995: Sovjetisk språkpolitikk. Finsk-ugriske språk i Russland i eit historisk-politisk perspektiv. Nordisk Østforum 3:40-45.
  • Trosterud, Trond 1997: Sovjetisk språkpolitikk og dei små minoritetane. Nordisk Østforum 3:71-78.

God artikkel