Mariske språk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Mariske språk er språka austmarisk (eller engmarisk) og vestmarisk (eller fjellmarisk). Desse to språka utgjer den mariske greina i den uralske språkfamilien. Tidlegare vart dei, i lag med mordvinsk, sett på som ei felles grein volgaiske språk, dette synet har no ikkje lenger støtte, i og med at det ikkje har vore mogleg å rekonstruere eit volgaisk urspråk som skulle utelukke nabofamiliane austersjøfinsk og permisk.

Eitt språk eller to[endre | endre wikiteksten]

Skiljet mellom dei to mariske språka er av ny dato, frå 1920-talet, då den sovjetiske språkpolitikken vart sett i verk: Alle minoritetane skulle få skolegang på sitt eige morsmål. Det går eit dialektskilje gjennom det mariske språkområdet, og dette vart gjort til skriftspråksskilje. Tidlegare hadde marisk vorte skrive utan ei fast norm, men mest med utgangspunkt i austmarisk. Nokre språkforskarar har sett dette som eit døme på ein sovjetisk splitt-og-hersk-politikk, der målet var å gjere minoritetane så mange og små som mogleg. På den andre sida er spesielt vestmariane oppgjevne over det dei opplever som austmarisk kunnskapsløyse om vestmarisk, og det hender at mariar dermed bruker russisk seg imellom over språkgrensa.

På den andre sida er det ein sterk marisk identitet blant mariane, dei ser på seg sjølv som eitt folk med eitt språk, til skilnad frå t.d. mordvinarane, der det framfor alt er utlendingar som snakkar om eitt mordvinsk språk, dei sjølv ser på to ulike språk, erzia og moksja.

Skriftspråk[endre | endre wikiteksten]

Austmarisk[endre | endre wikiteksten]

А а Б б В в Г г Д д Е е Ё ё Ж ж
З з И и Й й К к Л л М м Н н Ҥ ҥ
О о Ö ö П п Р р С с Т т У у Ӱ ӱ
Ф ф Х х Ц ц Ч ч Ш ш Щ щ Ъ ъ Ы ы
Ь ь Э э Ю ю Я я

Vestmarisk[endre | endre wikiteksten]

А а Ä ä Б б В в Г г Д д Е е Ё ё
Ж ж З з И и Й й К к Л л М м Н н
О о Ö ö П п Р р С с Т т У у Ӱ ӱ
Ф ф Х х Ц ц Ч ч Ш ш Щ щ Ъ ъ Ы ы
Ӹ ӹ Ь ь Э э Ю ю Я я

Språklege skilje[endre | endre wikiteksten]

Døme på aust- og vestmarisk[endre | endre wikiteksten]


Mariske språk
austmarisk | vestmarisk
Spire Denne språkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.