Disraeli Gears

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Disraeli Gears
Studioalbum av Cream
Utgjeve November 1967[1]
Innspelt Mai 1967 i Atlantic Studios i New York City i New York[1]
Sjanger Bluesrock, psykedelisk rock, hardrock
Lengd 33:37[2]
Selskap Reaction, Atco, Polydor
Produsent Felix Pappalardi[1]
Kritikk
Cream-kronologi
Fresh Cream
(Desember 1966)
Disraeli Gears Wheels of Fire
(Juli 1968)

Disraeli Gears er det andre albumet til den britiske supergruppa Cream. Det kom ut i november 1967[1] og nådde femteplassen i Storbritannia.[3] Det vart òg gjennombrotet deira i Amerika og vart ein massiv bestseljar der i 1968 og nådde fjerdeplassen på albumlista.[4]. I Noreg nådde albumet 16. plass på VG-lista. Albumet inneheld to singlar, «Strange Brew» og «Sunshine of Your Love».

Tittelen på albumet var ein intern spøk. Eric Clapton hadde tenkt å kjøpe ein racersykkel og diskuterte det med Ginger Baker, då ein roadie kalla Mick Turner kommenterte «it's got them Disraeli Gears», og meinte å seie «derailleur gears» (kjedegir), men viste i staden til den britiske statsministeren frå 1800-talet Benjamin Disraeli. Bandet syns det var så morosamt at dei valte dette som tittelen på det neste albumet deira. Den alternative tittelen var berre rett og slett «Cream».

Albumet vart nymastra i 1998 og så gjeven ut som ei dobbel-disk-utgåve i 2004.

I 2003 vart albumet rangert på 112. plass på lista til Rolling Stone over dei 500 største albuma gjennom tidene.[5] VH1 kåra det òg til det 87. beste albumet gjennom tidene i 2001.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Albumet vart spelt inn i Atlantic Studios i New York i mai 1967, etter at bandet hadde spelt ni konsertar for Murray the K sin konsertserie «Music in the 5th Dimension». Det amerikanske selskapet til Cream, ATCO, var eigd av Atlantic Records.[6][7]

Innspelingane vart produsert av den framtidige Mountain-bassisten Felix Pappalardi - som var med å skrive songane «Strange Brew» og «World of Pain» med kona Gail Collins - og lydteknikar var Tom Dowd - som seinare skulle arbeide med Clapton på prosjekt som Layla and Other Assorted Love Songs og 461 Ocean Boulevard. Eigaren av Atlantic Records, Ahmet Ertegün, var òg til stades under innspelingane.[8]

Albumet vart mastra på nytt av Joseph M. Palmaccio i PolyGram Studios[1] og gjeven ut i 1998.

Deluxe-utgåva av albumet inneheld heile albumet i både mono og stereo, samt demoar, alternative opptak og opptak frå BBC radio. Ein finn mellom anna «Blue Condition» med Eric Clapton på solovokal og demoar av songane «Weird of Hermiston» og «The Clearout», som ikkje kom ut før det første soloalbumet til Jack Bruce, Songs for a Tailor.

Det psykedeliske plateomslaget vart laga av den australske kunstnaren Martin Sharp, som budde i same bygning som Clapton ei stund i Chelsea.

Songstilar[endre | endre wikiteksten]

Med Disraeli Gears gjekk bandet bort frå bluesrøtene og gav seg i veg med ein meir psykedelisk stil. Dei mest bluesaktige songane på albumet er nyinnspelinga av «Outside Woman Blues», Bruce/Brown-songen «Take it Back» og opningssporet «Strange Brew», som var basert på ein 12-taktsblues kalla «Lawdy Mama» med ein Albert King-aktig gitarsolo.[8]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
# Tittel Låtskrivar(ar) Solovokal Lengd
1. «Strange Brew»   Eric Clapton, Felix Pappalardi, Gail Collins Eric Clapton 2:46
2. «Sunshine of Your Love»   Clapton, Jack Bruce, Pete Brown Jack Bruce, Clapton 4:10
3. «World of Pain»   Pappalardi, Collins Clapton, Bruce 3:03
4. «Dance the Night Away»   Bruce, Brown Bruce, Clapton 3:34
5. «Blue Condition»   Ginger Baker Ginger Baker 3:29
Side to
# Tittel Låtskrivar(ar) Solovokal Lengd
1. «Tales of Brave Ulysses»   Clapton, Martin Sharp Bruce 2:46
2. «SWLABR»   Bruce, Brown Bruce 2:32
3. «We're Going Wrong»   Bruce Bruce 3:26
4. «Outside Woman Blues»   Arthur Reynolds, arr. Clapton Clapton 2:24
5. «Take It Back»   Bruce, Brown Bruce 3:05
6. «Mother's Lament»   Traditional, arr. Clapton, Bruce, Baker Baker, Bruce, Clapton 1:47

Disraeli Gears - deluxe-utgåva (2004)[endre | endre wikiteksten]

Disk ein (stereo)[endre | endre wikiteksten]

Originalt album
Spor 1-11
Unytta studioopptak
  1. «Lawdy Mama» - version 1(Traditional, arr. Clapton) – 2:00
  2. «Blue Condition» - alternate version (Baker) - 3:13
  3. «We're Going Wrong» (Bruce) – 3:49
  4. «Hey Now, Princess» (Bruce, Brown) – 3:31
  5. «SWLABR» (Bruce, Brown) – 4:30
  6. «Weird of Hermiston» (Bruce, Brown) – 3:12
  7. «The Clearout» (Bruce, Brown) – 3:58

Disk to (mono)[endre | endre wikiteksten]

Originalalbum og unytta studiopptak
Spor 1-13
BBC-innspelignar
  1. «Strange Brew» (Clapton, Pappalardi, Collins) – 3:00
  2. «Tales of Brave Ulysses» (Clapton, Sharp) – 2:55
  3. «We're Going Wrong» (Bruce) – 3:25
  4. «Born Under a Bad Sign» (Booker T. Jones, William Bell) – 3:03
  5. «Outside Woman Blues» (Reynolds) – 3:18
  6. «Take It Back» (Bruce, Brown) – 2:17
  7. «Politician» (Bruce, Brown) – 3:59
  8. «SWLABR» (Bruce, Brown) – 2:32
  9. «Steppin' Out» (James Bracken) – 3:37

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 (1967) Plateomslagstekst for Disraeli Gears avCream, s. 2 [CD liner]. USA: Polydor Records (31453 1811-2).
  2. Stephen Thomas Erlewine. «Disraeli Gears - Cream (Overview)». Allmusic. Rovi Corporation. http://www.allmusic.com/album/disraeli-gears-r4726. Henta 12. mars 2011. 
  3. http://www.everyhit.com/index.html Search "Cream" in Name of Artist
  4. «Cream - Billboard Albums». Allmusic. Rovi Corporation. http://www.allmusic.com/artist/cream-p3983/charts-awards/billboard-albums. Henta 12. mars 2011. 
  5. «The RS 500 Greatest Albums of All Time». Rolling Stone Magazine. 18 November 2003. http://www.rollingstone.com/news/story/5938174/the_rs_500_greatest_albums_of_all_time/2. 
  6. "First US show for Cream and The Who that most fans don't know about." Songheads. http://songheads.com/?p=93 1 August 2009.
  7. "Eric Clapton Interview," HOEPLA Television Show, VPRO Television, The Netherlands, http://www.youtube.com/watch?v=dHoU3w-IVL8 28 July 1967.
  8. 8,0 8,1 Clapton: The Autobiography av Eric Clapton

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]