Voodoo Child (Slight Return)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Voodoo Child (Slight Return)
Singel av The Jimi Hendrix Experience
frå albumet Electric Ladyland
B-side «Hey Joe» og «All Along the Watchtower»
Utgjeve 16. september 1968 (album)
1970 (singel)
Innspelt Mai 1968
Sjanger Hardrock, heavy metal, bluesrock, psykedelisk rock, acidrock
Lengd 5:12
Selskap Track, Polydor
Låtskrivar(ar) Jimi Hendrix
Produsent Jimi Hendrix
The Jimi Hendrix Experience-kronologi
«No Such Animal»
(1970)
Voodoo Child (Slight Return) «Angel»
(1971)

«Voodoo Child (Slight Return)» er det siste sporet på det tredje og siste albumet til the Jimi Hendrix Experience, Electric Ladyland frå 1968. Songen er kjend for den tunge gitarspelinga med wah-wah. Songen vart plassert på 101. plass på lista til Rolling Stone over dei 500 største rocke ongane gjennom tidene.[1]

Songen vart spelt inn i 1968, og vart gjeve ut på ny som singel etter Hendrix døydde i 1970. Singelen inneheldt tre songar, og nådde førsteplassen i Storbritannia. Dei to andre songane var «Hey Joe» og «All Along the Watchtower».

Opphav og innspeling[endre | endre wikiteksten]

Opphavet til songen var i all hovudsak songen «Voodoo Chile», ein lang bluesjam med Steve Winwood på orgel.[2] Den 3. mai 1968 (dagen etter «Voodoo Chile» vart spela inn), filma eit mannskap frå ABC Jimi Hendrix Experience medan dei spela songen.

Songen vart ein av songane Hendrix spelte mykje på konsertane sine og kunne variere i lengd frå 7 til 18 minuttar. Han spelte mellom anna songen på Woodstockfestivalen og i Royal Albert Hall i 1969.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Ettermæle[endre | endre wikiteksten]

Soloen til Hendrix vart kåra til den 11. beste gitarsoloen nokon gong i Guitar World nr. 46. Hendrix var på Topp 100-lista seks gonger, meir enn noko andre på lista.

Joe Satriani kommenterte songen:

«Det er berre ein av dei beste elektriske gitarverka som nokon gong er spelt inn. Faktisk kan heile songen reknast som ein heilag gral av gitaruttrykk og teknikk. Han er eit landmerke av menneskelegheit.»

Kenny Wayne Shepherd:

«Dette er meir eller mindre gitarhymnen over alle. Frå det fantastiske opningsriffet til måten han bryt det ned i midten og vert funky, det heile er heilt utruleg. Det er ting Jimi gjorde på gitar som menneske berre ikkje kna. Du kan prøve heile dagen, og sjølv om du spelar dei riktige notane, så blir det ikkje det same. Det verkar definitivt som han kom frå ein høgare stad når han spela.»

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Andre artistar som har spela songen er mellom andre: Joe Satriani, Steve Vai og Yngwie Malmsteen, Buddy Guy, Ben Harper, Pearl Jam, Angélique Kidjo, Gabriel Ríos, Kenny Wayne Shepherd, Rob Thomas, Stevie Ray Vaughan, Top of the Poppers, John Mayer, Stevie Winwood og Eric Clapton.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. "Voodoo Child (Slight Return)" at rollingstone.com
  2. McDermott, R., Kramer, E., Cox, B. (2009). Ultimate Hendrix, s. 101. Backbeat Books. ISBN 978-0-87930-938-1