Al Bahah

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search
Koordinatar: 20°00′N 41°27′E
Al Baha
مَدِيْنةُ الْبَاحَة
by
none
Land Flag of Saudi Arabia.svg Saudi-Arabia
Region Al Bahah
Høgd 2 155 moh
Koordinatar 20°00′N 41°27′E
Folketal 104 266 (2010)
Folketettleik 104 266 / km²
Grunnlagd 1600
 - I Saudi-Arabia sidan 1925
Byguvernør Mishari bin Saud
 - Provinsguvernør Mishari bin Saud
Tidssone EAT (UTC+3)
 - Sommartid EAT (UTC+3)
Retningsnummer +966-17
Saudi Arabia location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Al-Baha

Al Bahah (arabisk الباحة, Al Bāḥa) er ein by sørvest i Saudi-Arabia. Han er hovudstaden i Al Bahah-regionen og ligg mellom Mekka og Abha. Al Baha er eit av dei viktigaste turistmåla i landet. Han har eit behageleg klima og er omgjeve av meir enn førti skogar, inkludert Raghdan, al Zaraeb og Baidan. Al Baha er hovudkvarteret til guvernøren, lokale råd og avdelingar av dei statlege departementa. Byen har mange utdannings-, turist- og helseinstitusjonar. Han vert rekna som heimstaden til familiane Ghamidi og Zahrani i Saudi-Arabia, og dei fleste innbyggjarane stammar frå desse gamle familiane.

Al-Baha lufthamn ligg 45 km aust for sentrum av Al Baha og vart grunnlagd i 1982.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Al Baha ligg sørvest i kongedømet Saudi-Arabia mellom Mekka og Aseer. Han er den minste av provinsane i kongedømet (11 000 km²). Han er omgjeve av fleire byar, som Taif i nord, Beesha i aust, Abha i sør og kystbyen ved Raudehavet, Al Qunfuda, i vest. Denne turistbyen ligg eit område med naturleg tredekke og jordbrukssletter.

Han er sett saman av seks byar, der dei viktigaste er Beljarshy, Almandaq og Almekhwah, i tillegg til Baha by i sentrum av provinsen. Provinsen ebstår av 31 administrative senter og har eit samla folketal på 533 001.

Provinsen er kjend for den vene naturen og har skogar, villmark, dalar og fjell som trekkjer til seg turistar frå andre delar av landet og området kring Persiabukta. Somme av desse områda er skogane Raghdan, Ghomsan, Fayk og Aljabal, og mange andre historiske og arkeologiske stader. Han har meir enn 53 skogar.

Al Baha er heimstaden til familiane Ghamid og Zahran og er delt geografisk i tre markante område: Sarah, som består av fjellområda med temperert vêr og rikt planteliv, på grunn av relativt mykje nedbør, Tehama som er det lågtliggande kystområdet i vest og Sarah som har særs varmt og fuktig vêr og særs lite nedbør. Dei austlege åsane har ei høgd på 1550 til 1900 meter over havet med kjølige vintrar og varme somrar og lite vegetasjon. Den største byen i provinsen er, både i folketal og areal, er Baljurashi (som var den første hovudstaden i provinsen), den andre er Almandaq. I Tehama ligg det to store byar: Qilwah og Al-Mikhwah. Talet på familiar er 18, som er forgreiningar frå hovudfamiliane eller stammene Ghamid og Zahran. Provinsen er busett av 13 stammer og fem nomadiske folk.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Klimaet i Al Baha varierer med terrenget. Generelt er klimaet mildt med temperaturer mellom 12 og 23 grader. På grunn av plasseringa på 2500 meter over havet, har Al Baha eit moderat klima om somaren og kjølige vintrar. Klimaet er ei av årsakene til at mange turistar trekkjer til området.

I Tehama-området, som ligg ved kysten, er klimaet steikande varmt om sommaren og varmt om vinteren. Råma varierer frå 52 %–67 %.

I fjellområda, som vert kalla As-Sarah, er vêret kjøligare om sommaren og vinteren. Årsmiddelnedbøren i fjellormåda varierer frå 229 til 581 mm. Årsmiddelnedbøren for heile regionen er kring 100–250 mm.

Klimadata for Al Baha
Månad Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Varmerekord °C 23 23 23 29 30 33 34 33 31 30 30 29 34
Normal maks. temp. °C 12 14 16 23 25 28 30 30 27 25 23 20 20
Normal min. temp. °C 08 09 11 13 18 21 24 23 21 15 11 09 12
Kulderekord °C -4 -2 2 3 4 7 10 10 9 2 -3 -4 -4
Nedbør (mm) 11.3 4.0 23.9 38.0 27.1 4.9 10.3 12.3 3.4 9.0 13.9 7.0 165,1
[treng kjelde]

Historiske turistmål[endre | endre wikiteksten]

Gammal arkitektur i Al Baha.

Al Baha er kjend for dei tradisjonelle tårna sine, kalla «qasaba» på arabisk. Det er fleire teoriar om kva tårna vart brukt til, anten som utkikkstårn, fangetårn eller kornlager.[1]

Landsbyen Dhee Ayn (arabisk قرية ذي عين) ligg kring 24 km sørvest for al-Baha. Denne er stundom kjend som «marmorlandsbyen» sidan han vart bygd på eit lite marmorfjell. Palmelundane er frodige på grunn av ei lita elv i nærleiken. Innbyggjarane seier at marmorlandsbyen skin i solnedgangen. Landsbyen er kring 400 år gammal.

Avstand til andre saudiarabiske byar[endre | endre wikiteksten]

  • Al Baha til Jidda : 291,76 km
  • Al Baha til Riyadh : 743,29 km
  • Al Baha til Taif  : 180,67 km
  • Al Baha til den heilage byen Mekka : 235,38 km
  • Al Baha til den heilage byen Madina  : 657,12 km
  • Al Baha til Khobar : 1 130,74 km
  • Al Baha til Abha : 224 km

Idrett[endre | endre wikiteksten]

Fotball[endre | endre wikiteksten]

Det er fire lokale fotballklubbar i byen.

  • El Hejaz Football Club (arabisk نادي الحجاز )
  • Al Ameed Football Club. I 2014 vart namnet endra til AL-AIN FC (arabisk وفي عام 1434 هـ تم تغيير اسم النادي الى نادي العين):نادي العميد (زهران سابقا)
  • Al Baha Football Club (arabisk نادي الباحه - السراه سابقا )
  • Al Sarawat Football Club (arabisk نادي السروات )

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Mostyn, Trevor. 1983. Saudi-Arabia- A MEED Practical Guide. London: Middle East Economic Digest. 2nd edition. Page 320.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]