Hafar Al-Batin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 28°26′3″N 45°57′49″E
Hafar Al Batin
by
Hafar Al-Batin in Winter 002.jpg
Kallenamn: Kjeldehovudstaden
Land Flag of Saudi Arabia.svg Saudi-Arabia
Provins Austprovinsen
Koordinatar 28°26′3″N 45°57′49″E
Folketal 271 642 (2010)
Grunnlagd 638
Tidssone AST (UTC+3)
 - Sommartid AST (UTC+3)
Postnummer 31991
Retningsnummer +966-3-7
Saudi Arabia location map.svg
Locator Red.svg

Hafar Al-Batin (arabisk حفر الباطن, Ḥafar al-Bāṭin) er ein by i Saudi-Arabia i Austprovinsen. Han ligg 430 km nord for Riyadh, 94,2 km frå grensa til Kuwait, og kring 74,3 km frå Irak. Byen ligg i den tørre dalen Wadi al-Batin, som er ein del av den lengre dalen til elva Wadi Al-Rummah (no tørr), som fører innover mot Medina og som tidlegare munnar ut i Persiabukta.

I 2010 hadde Hafar Al-Batin meir enn 35 landsbyar i forstadane med i alt 389 993 til 600 000 innbyggjarar. Sjølve Hafar Al-Batin hadde kring 270 000 innbyggjarar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Frå 638 evt. låg Hafar Al-Batin på ruta i ørkenen som pilegrimane passerte på veg til Mekka for hajj. På den tida var det ikkje noko vatn i dette området, så pilegrimar som reiste frå Irak til Mekka fekk ei langt strekke utan vatn. Under regjeringstida til Uthman (644 CE - 656) klaga mange pilegrimar på vassmangelen og Abu-Musa al-Asha'ari, ein av følgjesveinane til Muhammed svarte med å grave nye brunnar langs ruta i Al-Batin-dalen. Namnet Hafar Al-Batin (arabisk حفر الباطن, «holet i Al-Batin-dalen») kjem av dette.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Tempepraturane i Hafar Al-Batin varierer frå 4-8 °C på vinterkveldar til 40-45 °C på sommardagar. Klimaet er generelt varmt og tørt, og det regnar berre spreidd om vinteren.

I Köppen-Geiger sitt klimasystem er klimaet klassifisert som varmt ørkenklima (BWh).[1]

Klimadata for Hafar Al-Batin
Månad Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Normal maks. temp. °C 18.4 20.9 25.6 32.1 38.7 42.5 43.9 43.4 41.9 35.1 25.4 19.9 32 32
Døgnmiddeltemp. °C 12.4 14.5 18.9 24.8 30.9 34 35.6 34.6 33.1 27.2 18.5 13.6 24 84
Normal min. temp. °C 6.5 8.1 12.2 17.6 23.1 25.5 27.4 25.9 24.3 19.4 11.6 7.3 6,5
Nedbør (mm) 32 37 42 29 22 0 0 4 0 9 37 29 241
Kjelde: Climate-Data.org (høgd 310m)[1]

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Hafar Al-Batin