Hofuf

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 25°23′N 49°35′E
Hofuf
by
Qasr Sahoud (4185899050).jpg
Land Flag of Saudi Arabia.svg Saudi-Arabia
Region Hofuf
Koordinatar 25°23′N 49°35′E
Folketal 1 500 000 (2014)
Borgarmeister Bin Jalawi
Provinsguvernør Saud bin Naif
Retningsnummer +966-13
Saudi Arabia location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Hofuf

Al-Hofuf (òg Hofuf , Hofof' eller Hufuf, òg kalla Al-Hasa og Al-Ahsa[1], arabisk الهفوف, al-Hufūf) er eit stort bysenter i Al-Ahsa-oasen i Austprovinsen i Saudi-Arabia. Området er kjend som ein av dei største daddel-produsentane i verda, og for dei gamle marknadane og slotta som ligg her.

Oversyn[endre | endre wikiteksten]

Byen ligg i innlandet, sørvest for Abqaiq og DhahranDammamAl-Khobar storbyområde langs vegen sørover til Haradh. Han er den mest nærliggande byen til det kjende Ghawar-feltet, eit av dei største landbaserte oljefelta i verda.

Hofuf er eit av dei store kultursentera i Saudi-Arabia, og mange kjende familiar bur her. Fakulteta for jordbruk, veterinærmedisin og dyreressursar under Kong Faisal universitet ligg i byen (resten ligg i Dammam).

I følgje segna er staden gravplassen til Laila og Majnoon frå ei av dei mest populære kjærleikssogene i den arabiske og muslimske verda. Dronninga av Saba skal òg ha vitja byen frå kongedømet sitt i Jemen.

Økonomi[endre | endre wikiteksten]

Historisk sett var Hofuf kjend for tekstilar av ull, silke og bomull. I 1920 var byen kjend for kaffikanner av sølv og messing.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Al-Hofuf Travel Information and Travel Guide - Saudi-Arabia». Lonely Planet. Henta June 2013. 
  2. Prothero, G.W. (1920). Arabia. London: H.M. Stationery Office. s. 99. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • Hofuf on www.The-Saudi.net
  • Jabal Qarah, Splendid Arabia: A travel site with photos and routes