The Piper at the Gates of Dawn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
The Piper at the Gates of Dawn
Studioalbum av Pink Floyd
Utgjeve 4. august 1967
Innspelt 21. februar – 21. mai 1967
Studio EMI Studios, London
Sjanger
Lengd 41:51
Selskap
Produsent Norman Smith
Pink Floyd-kronologi
The Piper at the Gates of Dawn A Saucerful of Secrets
(1968)


Singlar frå The Piper at the Gates of Dawn
  1. «Flaming» / «The Gnome»
    Utgjeve: 2. november 1967 (berre USA)

The Piper at the Gates of Dawn er debutalbumet til Pink Floyd og det einaste albumet med Syd Barrett som frontmann, sjølv om han medverka litt på oppfølgjaren A Saucerful of Secrets. Det er rekna for å vere ein av dei platene med størst innverknad gjennom musikkhistoria og hadde svært stor innverknad på den psykedeliske rocken på den tida, og mykje av musikken som følgde. Tekstane er underlege om fugleskremsel, nissar, syklar og eventyr i lag med psykedeliske instrumentalparti. Albumet vart spelt inn i Abbey Road Studios samtidig som The Beatles spelte inn Sgt. Pepper’s Lonely Hearts Club Band.

Songane på albumet er hovudsakleg skrivne av Barrett, og viser poetiske tekstar og eit breitt utval av musikk, frå den avantgardistiske «Interstellar Overdrive» til underlege songar som «The Scarecrow», inspirert av The Fens, eit landleg område nord for Cambridge. Både Barrett, Gilmour og Waters voks opp i denne byen og kjende kvarandre frå barndomen. Tekstane er surrealistiske og refererer ofte til segner, som i «The Gnome». Musikken inneheldt nyare teknologi innan elektronikk som bruk av stereopanorering og elektriske tangentinstrument.

Tittelen på albumet er henta frå det sjuande kapittelet i boka The Wind in the Willows (norsk Det suser i sivet) av Kenneth Grahame, der Vassrotta og Moldvarpen har ei andeleg oppleving medan dei leitar etter eit bortkome dyr. «Dette er staden i songdraumen min, staden som musikken spela for meg», kviskra Rotta, som om han var i transe. «Her er den heilage staden, og om vi nokon gong skal finne Han, må det vere her!» Fløytespelaren (The Piper) som det vert referert til er den greske guden Pan. Vic Singh fotograferte og designa omslaget på plata, i motsetnad til andre Pink Floyd-album.

Utgjeving[endre | endre wikiteksten]

I juni 1967 før albumet kom ut, vart singelen «See Emily Play» selt som ein 7-tommars singel med «The Scarecrow» som B-side.[4] Heile albumet kom ut 5. august 1967, inkludert «The Scarecrow».

Pink Floyd fortsette å spele på UFO Club i London, slik dei hadde gjort før albumet kom ut, og trekte fulle hus. Samstundes byrja Barrett si psykiske helse å forverre seg. Bandet håpte først at den ureknelege oppførselen berre var ein fase som kom til å gå over, men andre, som manageren Peter Jenner og sekretæren hans June Child,[5] var meir realistiske:

« ... Eg fann han i garderoben og han var heilt fullstendig ... borte. Roger Waters og eg fekk han på beina og me fekk han ut på scenen ... og publikum jubla sjølvsagt fordi dei elska han. Bandet byrja å spele og Syd berre stod der. Han hadde gitaren rundt halsen og armane berre hang rett ned.[6] »

Til bandet sin store forskrekkelse måtte dei avlyse ei framføring på prestisjefulle National Jazz and Blues Festival, og informere musikkpressa om at Barett sleit med slitne nerver. Jenner og Waters bestilte time til Barrett hos ein psykiater – eit møte han ikkje var med på. Han vart sendt for å slappe av i sola på den spanske øya Formentera med Waters og Sam Hutt (ein lækjar som varr godt kjend i undergrunnsmiljøet), men dette førte ikkje til synlege betringar.[7][8][9][10]

Den originale britiske LP-utgåva kom ut 4. august 1967 både i mono og stereo. Ho nådde sjetteplassen på den britiske albumlista.[11][12][13] Den kanadiske versjonen var identisk til den britiske. Den originale amerikanske versjonen kom ut på Tower-etiketten til Capitol den 21. oktober 1967. Denne versjonen fekk berre tittelen Pink Floyd, sjølv om den originale albumtittelen stod på baksida av omslaget, slik som på den britiske utgåva. Dick Clark brukte ògo den originale tittelen då gruppa spelte på American Bandstand den 18. november 1967.[14][15] Den amerikanske utgåva hadde ei forkorta sporliste,[16] og nådde 131. plassen på Billboard-lista. Den britiske singelen «See Emily Play» erstatta «Astronomy Domine», «Flaming» og «Bike».[16] Albumet kom ut like før den amerikanske turneen deira og «Flaming» vart gjeven ut på singel med «The Gnome» som B-side.[17] The Tower-utgåva tona òg ut «Interstellar Overdrive» og braut overgangen til «The Gnome» slik at det passa det nye songrekkjefølgja. Dei seinare amerikanske CD-utgåvane var lik den britiske. Albumet selde til gullplate i USA 11 March 1994.[12]

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
About.com4.5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar half.svg[18]
AllMusic5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svg[19]
The Daily Telegraph4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[20]
Encyclopedia of Popular Music4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[21]
MusicHound3.5/5[22]
NME9/10[23]
Paste9.5/10[24]
Pitchfork9.4/10[25]
Q5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svg[26]
The Rolling Stone Album Guide5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svg[27]

Då albumet kom ut gav både Record Mirror og NME albumet fire av fem stjerner. Record Mirror sa «det psykedelisk imaget til gruppa kjem verkeleg til live på denne LP-en, som syner det store talentet deira og innspelingsteknikken. Her er mange fantastiske lydar, både støyande og rolege, og heile greia er særs godt utført.»[28] Cash Box kalla det «ei særs slåande samling med drivande, moderne rock».[29] Paul McCartney[30] og den tidlegare Pink Floyd-produsenten Joe Boyd rosa begge albumet. Fansen meinte derimot at albumet ikkje representerte konsertane deira.[31]

I nyare år har The Piper at the Gates of Dawn fått høgare status. Albumet vert rekna som eit psykedelisk meisterverk.[32] I 1999 gav Rolling Stone albumet 4,5 av 5 stjerner og kalla det «gullbragda til Syd Barrett». Magasinet Q skildra albumet som «uunværleg» og tok det med på lista si over dei beste psykedeliske albuma gjennom tidene. Det vart òg rangert på 40. plassen på lista til Mojo over «The 50 Most Out There Albums of All Time». I 2000 plasserte Q albumet på 55. plassen på lista si over dei 100 beste britiske albuma gjennom tidene. I 2012 vart den amerikanske utgåva av The Piper at the Gates of Dawn rangert på 347. plassen på lista til Rolling Stone over dei 500 beste albuma gjennom tidene.[33]

Nyutgjevingar[endre | endre wikiteksten]

The Piper at the Gates of Dawn kom ut på CD i 1985.[12] Ei ommastra utåve kom ut i 1994 og i 1997 kom ei 30-årasjubileumsutgåve i mono ut i Storbritannia på CD og vinyl.[12] Desse avgrensa utggåvene kom i ein digipak med 3D-framside. Dennne monoutgåva inneheld ein lett redigert versjon av «Flaming». Ein bonus-CD med seks spor, 1967: The First Three Singles, vart gjeven bort i lag med 30-årsjubileumsutgåva i 1997.

I 1973 vart albumet, i lag med A Saucerful of Secrets, gjeven ut som ei dobbelplate kalla A Nice Pair for å introdusere fansen til den tidlege musikken deira etter suksessen med The Dark Side of the Moon. På den amerikanske utgåva av samlinga vart den originale studioversjonen av «Astronomy Domine» erstatta av den åtte minuttar lange konsertversjonen på Ummagumma.

For 40-årsjubileet vart det gjeve ut ei dobbelplate den 4. september 2007, og ei utgåve på tre plater kom ut 11. september 2007. Innpakninga var designa av Storm Thorgerson og likna ei bok kledd i stoff, med ein tolv sider lang reproduksjon av notatboka til Barrett. Dei to første platene inneheld heile albumet i original monomiks (plate 1) og den alternative stereoversjonen (plate 2). Begge var blitt ommastra av James Guthrie. De tredje plata inneheld fleire studioopptak frå Piper-tida frå Abbey Road-kvelvet i lag med dei tre første singlane deira i mono. Av dei tidlegare ikkje utgjevne spora var eit kortre opptak av «Interstellar Overdrive» som ein tidlegare hadde trudd var gått tapt, ein forkorta miks av «Interstellar Overdrive» som tidlegare berre var tilgjengeleg på ein EP i Frankrike, ein alternativ miks av «Matilda Mother» og ein stereomiks frå 1967 av «Apples and Oranges», med ekstra musikk i byrjinga og slutten.

Piper vart nok ein gong ommastra og gjeve ut den 26. september 2011 som ein del av kampanjen Why Pink Floyd...? og i plateboksen Why Pink Floyd ... ? Discovery.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Britisk utgåve[endre | endre wikiteksten]

Alle songane er skrivne av Syd Barrett med mindre anna er nemnt.

Side ein
# TittelLåtskrivar(ar)Solovokal Lengd
1. «Astronomy Domine»   Barrett and Wright 4:12
2. «Lucifer Sam»   Barrett 3:07
3. «Matilda Mother»   Wright and Barrett 3:08
4. «Flaming»   Barrett 2:46
5. «Pow R. Toc H.»  instrumental, ordlaus vokal by Barrett, Waters og Wright 4:26
6. «Take Up Thy Stethoscope and Walk»  WatersWaters 3:05
Side to
# TittelLåtskrivar(ar)Solovokal Lengd
1. «Interstellar Overdrive»  instrumental 9:41
2. «The Gnome»   Barrett 2:13
3. «Chapter 24»   Barrett 3:42
4. «The Scarecrow»   Barrett 2:11
5. «Bike»   Barrett 3:21
41:08

Amerikansk utgåve[endre | endre wikiteksten]

Side ein
# TittelLåtskrivar(ar)Solovokal Lengd
1. «See Emily Play»   Barrett 2:53
2. «Pow R. Toc H.»  instrumental 4:26
3. «Take Up Thy Stethoscope and Walk»  WatersWaters 3:05
4. «Lucifer Sam»   Barrett 3:07
5. «Matilda Mother»   Barrett and Wright 3:08
Side to
# TittelLåtskrivar(ar)Solovokal Lengd
1. «The Scarecrow»   Barrett 2:11
2. «The Gnome»   Barrett 2:13
3. «Chapter 24»   Barrett 3:42
4. «Interstellar Overdrive»  instrumental 9:41

40-årsjubileumsutgåva[endre | endre wikiteksten]

Dei to første platene inneheld høvesvis monomiksen og stereomiksen av albumet. Den tredje plata inneheld bonusspor.

Plate tre
# TittelLåtskrivar(ar)Solovokal Lengd
1. «Arnold Layne»   Barrett 2:57
2. «Candy and a Currant Bun»   Barrett 2:45
3. «See Emily Play»   Barrett 2:54
4. «Apples and Oranges»   Barrett 3:05
5. «Paintbox»   Wright 3:45
6. «Interstellar Overdrive» (Opptak 2 - fransk klipp) Instrumental 5:15
7. «Apples and Oranges» (stereo) Barrett 3:11
8. «Matilda Mother» (alternativ versjon) Barrett 3:09
9. «Interstellar Overdrive» (Opptak 6) Instrumental 5:03

Songar[endre | endre wikiteksten]

Astronomy Domine[endre | endre wikiteksten]

Songen er sunge av Barrett og Rick Wright, og har ein uvanleg akkordsamansetting for ein 1960-talssong, og står i skarp kontrast til akkordar frå andre pop-, vise- og bluessongar på denne tida: E Eb G A. Akkordprogresjonen i lag med bruk av binsonklang på gitaren gjev songen ein særeigen psykedelisk karakter. I opninga av songen kan ein høyre Peter Jenner, som var manageren deira på den tida, som les opp namn på stjerner gjennom ein megafon. «Domine» i tittelen vert uttalt [ˈdɒmɪneɪ] og ikkje [dəʊˈmiːn] eller [dəʊˈmaɪn].

Songen vart spelt ein del på konsertar heilt fram til midten av 1971, og ein konsertversjon av songen vart gjeve ut på albumet Ummagumma i 1969. På denne tida var det David Gilmour som song songen i staden for Wright. Konsertversjonane var lengre med første verset to gonger og eit instrumentalparti i midten som innehaldt ein roleg orgelsolo før siste verset. Denne versjonen var òg meir i stil med progressiv rock enn psykedelisk rock.

Songen vart igjen spelt på konsertar på bandet sin turné i 1994, og ein konsertversjon frå Miami kom ut som b-sida til singelen «Take It Back», medan ein versjon frå ein av konsertane i London vart gjeve ut på konsertalbumet P*U*L*S*E. David Gilmour spelte òg songen på nokre av sine konsertane sine i 2000- og 2010-åra og han vart framført av Nick Mason's Saucerful of Secrets i 2018.

Lucifer Sam[endre | endre wikiteksten]

Songen er bygd rundt ein fallande akkordprogressjon, der det dominerande instrumentet er elektrisk gitar gjennom ein ekkomaskin, og resultatet har vore kalla ein «vond» Duane Eddy-liknande gitar.[34] Lucifer Sam var katten til Syd Barrett, og i songen har han eit slags forhold til Barrett sin dåverande kjæraste, Jenny Spires (som vert referert til i songen som «Jennifer Gentle»). Den opphavlege tittelen på songen var «Percy the Rat Catcher», og vart spelt inn mellom april og juni 1967.[35]. Songen vart berre spela på konsertar i 1967.[35] Introen på songen har seinare vore brukt i filmen Austin Powers: International Man of Mystery (1997).

Matilda Mother[endre | endre wikiteksten]

Songen er i praksis eit eventyr fortalt av ei mor til barnet sitt, og er for det meste sungen av Richard Wright, men i lag med Barrett på siste verset. Songen byrjar med svært karakteristisk og uvanleg bass og orgel, der bassen vert spelt med doble stoppslag. Gitaren spelar sjeldan akkordar, noko som er uvanleg for mange songar på denne tida. Mest uvanleg til å vere rockemusikk (sjølv psykedelia) er Wright sin orgelsolo i ein fiss frygisk #6 skala. Songen endar i ein ein valsetakt med ordlause vokalharmoniar av Wright og Barrett.

Flaming[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Flaming av Pink Floyd.

Songen opnar med ei ukarakteristisk fløyte spelt av Roger Waters. Songen vart gjeve ut på singel 5. august 1967 med «The Gnome» som b-side. Songen vart spelt på enkelte konsertar i 1968, sungen av David Gilmour. Den surrealistiske teksten og den muntre melodien var ganske annleis det andre Pink Floyd spelte på denne tida, og Gilmour virka svært lite entusiastisk då han song.

Pow R. Toc H.[endre | endre wikiteksten]

Dette er ein av dei få spora på albumet som er skrivne av fleire enn Syd Barrett, og her medverka heile bandet. Det er ein intrumental som inneheld eit pianostykke etterfølgd av merkelege lydar, skildra av enkelte som skumle jungelliknande lydar. Barrett nyttar ei tidleg form for beatboxing, medan Waters nyttar «skriket» han seinare nytta i «Careful with That Axe, Eugene».

I konsertstykke The Man and the Journey frå 1969 vart instrumentalen kalla «The Pink Jungle». Tittelen på instrumentalen, av Waters, var koden sambandsmenn i militæret nytta for The Talbot House, ein klubb der offiserar og meinige var likestilte. Toc H. vart seinare ein interdenominasjonal kristen felleskapsorganiasjon.

Take Up Thy Stethoscope and Walk[endre | endre wikiteksten]

Songen var den første songen skriven av Waters for eit Pink Floyd-album, og inneheld frenetisk gitarspel av Barrett. Songtittelen er ein referanse til Johannesevangeliet 5:8 - (på engelsk) «Jesus saith unto him, Rise, take up thy bed, and walk.» Teksten er makaber, og ganske annleis resten av albumet, men karakteristisk for mykje av det Waters skreiv seinare. Temaet i songen dukka seinare opp i songar som «Free Four» og «Comfortably Numb».

Interstellar Overdrive[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Interstellar Overdrive.

The Gnome[endre | endre wikiteksten]

Songen fortel historia om den vesle nissen Grimble Gromble. Bandet Grimble Grumble frå Chicago er kalla opp etter denne nissen. Songen var òg b-sida til singelen «Flaming».

Chapter 24[endre | endre wikiteksten]

Teksten til songen er inspirert av kapittel 24 av den eldgamle kinesiske boka Yijing (eller «Forandringane si bok»)

The Scarecrow[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå The Scarecrow.

Songen vart først gjeven ut på singelen «See Emily Play» to månadar før albumet kom ut. Songen inneheld tema om eksistensialisme og Barrett samanliknar sin eigen eksistens med fugleskremselet, som er «tristare», men som har «avfunne seg med lagnaden sin». Slike tema vart mykje brukt av bandet på seinare songar. Det finst ein kort video av songen der bandet spring rundt på eit jorde med eit fugleskremsel. I 1968 vart ein anna video filma i Brussel i Belgia med Gilmour i staden for Barrett.

Bike[endre | endre wikiteksten]

Songen er òg gjeve ut på samleplatene Relics (1971) og Echoes: The Best of Pink Floyd (2001). På alle tre albuma er dette siste song.

Teksten omhandlar Barrett som viser ei jente sykkelen sin (som han har lånt), ei kappe, ei heimlaus mus som han kallar Gerald, og ein klan av pepperkakemenn, fordi ho «passar inn i verda hans». Mot slutten av songen tilbyr han henne å vise henne eit «rom fylt av lydar». Etter det siste verset kjem det ein instrumental del, som kan kallast konkret musikk: Ein bråkete montasje av tonegeneratorar, klokker, ringeklokker, bjøller, manisk latter og andre merkelege lydar. Tilsynelatande er dette det «andre rommet» Barrett nemner i songen.

Songen vart skrive til kjærasten Barrett hadde på den tida, Jenny Spires. Ho er òg nemnd i songen «Lucifer Sam».

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Pink Floyd[36]

Produksjon

  • Syd Barrett – design av baksida
  • Peter Bown – lydteknikar
  • Peter Jenner – snakking i byrjinga av «Astronomy Domine» (ikkje oppført)[37]
  • Vic Singh – fotografi på framsida
  • Norman Smith – produsent, vokal og instrumentale arrangement, trommevirvel på «Interstellar Overdrive»[38]

Salslister og salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Vekeslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1967) Plassering
Britiske album (OCC)[39] 6
US Billboard 200[40] 131
Liste (1997) Plassering
Nederlandske album (MegaCharts)[41] 60
Britiske album (OCC)[42] 44
Liste (2007) Plassering
Belgiske album (Ultratop Flandern)[43] 28
Belgiske album (Ultratop Vallonia)[44] 39
Tsjekkiske album (CNS IFPI)[45] 34
Nederlandske album (MegaCharts)[41] 46
Tyske album (Offizielle Top 100)[46] 48
Italienske album (FIMI)[47] 16
Norske album (VG-lista)[48] 10
Polske album (ZPAV)[49] 38
Spanske album (PROMUSICAE)[50] 70
Svenske album (Sverigetopplistan)[51] 43
Sveitsiske album (Schweizer Hitparade)[52] 87
Britiske album (OCC)[53] 22
Liste (2011) Plassering
Franske album (SNEP)[54] 150

Salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Region Salstrofé Salstal
Italia (FIMI)[55] Gull 50 000*
Storbritannia (BPI)[56] Gull 100 000^

*salstala er basert på sertifiseringa aleine
^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Pink Floyd Co-Founder Syd Barrett Dies at 60». Billboard. 11 July 2006. Henta 11. juni 2019. 
  2. Rob Young (10. mai 2011). Electric Eden: Unearthing Britain's Visionary Music. Farrar, Straus and Giroux. s. 454–. ISBN 978-1-4299-6589-7. 
  3. Bill Martin. Listening to the Future: The Time of Progressive Rock, 1968-1978. s. 165. ISBN 978-1-4299-6589-7. Pink Floyd, with their first two albums, estabilished the possibilities of «space rock» 
  4. Ruhlmann, William. «The Scarecrow – Pink Floyd». =Allmusic.com. Henta 19. januar 2013. 
  5. Schaffner 2005, s. 36
  6. Mason 2011, s. 95
  7. Mason 2011, s. 95–105
  8. Blake 2008, s. 94
  9. Schaffner 2005, s. 88–90
  10. Schaffner 2005, s. 91–92
  11. «Pink Floyd | Artist | Official Charts». officialcharts.com. Henta 11. juni 2019. 
  12. 12,0 12,1 12,2 12,3 Povey 2007, s. 342
  13. Chapman 2010, s. 172
  14. «Pink Floyd Performs on US Television for the First Time: American Bandstand, 1967». Open Culture. Henta 11. juni 2019. 
  15. Dolloff, Matt. «Watch Pink Floyd Perform with Syd Barrett on «American Bandstand» in 1967». WZLX Radio. Henta 11. juni 2019. 
  16. 16,0 16,1 Cavanagh 2003, s. 54–55
  17. Cavanagh 2003, s. 55
  18. White, Dave. «Pink Floyd – Review of 40th Anniversary Edition of Piper at the Gates of Dawn by Pink Floyd». About.com. Henta 11. juni 2019. 
  19. Huey, Steve. «The Piper at the Gates of Dawn – Pink Floyd: Songs, Reviews, Credits, Awards: AllMusic». AllMusic. Henta 11. juni 2019. 
  20. McCormick, Neil (20. mai 2014). «Pink Floyd's 14 studio albums rated». The Daily Telegraph (London). Henta 11. juni 2019. 
  21. Larkin, Colin (2011). The Encyclopedia of Popular Music (på engelsk). Omnibus Press. ISBN 9780857125958. Henta 22. mai 2019. 
  22. Graff, Gary; Durchholz, Daniel (eds) (1999). MusicHound Rock: The Essential Album Guide. Farmington Hills, MI: Visible Ink Press. s. 872. ISBN 1-57859-061-2. 
  23. «NME Album Reviews – Pink Floyd – The Piper at the Gates of Dawn – nme.com». nme.com. 4. september 2007. Henta 11. juni 2019. 
  24. Deusner, Stephen (28. september 2011). «Pink Floyd: Piper at the Gates of Dawn («Why Pink Floyd?» Reissue) :: Music :: Reviews :: Paste». pastemagazine.com. Henta 11. juni 2019. 
  25. Klein, Joshua (18. september 2007). «Pink Floyd: The Piper at the Gates of Dawn (40th Anniversary Edition) | album Reviews | Pitchfork». Pitchfork. Henta 11. juni 2019. 
  26. «Review: The Piper at the Gates of Dawn». Q: 275. January 1995. 
  27. Sheffield, Rob (2. november 2004). «Pink Floyd: Album Guide». Rolling Stone. Wenner Media, Fireside Books. Arkivert frå originalen 17. februar 2011. Henta 11. juni 2019. 
  28. McAlwane, Jim. «August 1967». Marmalade Skies. Arkivert frå originalen 15. januar 2007. Henta 7. mai 2017.  Melding opphavleg publisert i Record Mirror i august 1967.
  29. Povey 2007, s. 66
  30. Manning 2006, s. 36
  31. Chapman 2010, s. 171
  32. MacDonald, edited by Bruno (1996). Pink Floyd: Through the Eyes of – the Band, its Fans, Friends, and Foes. New York: Da Capo Press. s. 11. ISBN 978-0-306-80780-0. 
  33. «500 Greatest Albums of All Time: Pink Floyd, 'The Piper at the Gates of Dawn' | Rolling Stone». Rolling Stone. Henta 11. juni 2019. 
  34. Toby Manning (2006). The Rough Guide to Pink Floyd: p.155
  35. 35,0 35,1 Vernon Fitch (2005). The Pink Floyd Encylopedia: p.186
  36. The Piper at the Gates of Dawn. Pink Floyd. EMI. 1967. SCX6157. 
  37. Palacios 2010, s. 206–207
  38. Chapman 2010, s. 170
  39. "Pink Floyd | Artist | Official Charts". Den britiske albumlista. The Official Charts Company. Henta 11. juni 2019.
  40. "Pink Floyd Album & Song Chart History" Billboard 200 for Pink Floyd. Prometheus Global Media. Henta 11. juni 2019.
  41. 41,0 41,1 "Pink Floyd – The Piper at the Gates of Dawn". Dutchcharts.nl. Hung Medien. Henta 11. juni 2019.
  42. "Pink Floyd | Artist | Official Charts". Den britiske albumlista. The Official Charts Company. Henta 11. juni 2019.
  43. "Pink Floyd – The Piper at the Gates of Dawn" (På nederlandsk). Ultratop.be. Hung Medien. Henta 11. juni 2019.
  44. "Pink Floyd – The Piper at the Gates of Dawn" (På fransk). Ultratop.be. Hung Medien. Henta 11. juni 2019.
  45. "Top 50 Prodejní". Tsjekkiske album. CNS IFPI. Note: On the chart page, select 200737 on the field besides the word "Zobrazit", and then click over the word to retrieve the correct chart data. Henta 27. juni 2016.
  46. "Offiziellecharts.de – Pink Floyd – The Piper at the Gates of Dawn" (På tysk). GfK Entertainment Charts. Henta 11. juni 2019.
  47. «Italian charts portal (06/09/2007)». italiancharts.com. Henta 11. juni 2019. 
  48. "Pink Floyd – The Piper at the Gates of Dawn". Norwegiancharts.com. Hung Medien. Henta 11. juni 2019.
  49. "Oficjalna lista sprzedazy :: OLIS - Official Retail Sales Chart" (på polsk). OLiS. Polish Society of the Phonographic Industry. Henta 27. juni 2016.
  50. "Pink Floyd – The Piper at the Gates of Dawn". Spanishcharts.com. Hung Medien. Henta 11. juni 2019.
  51. "Pink Floyd – The Piper at the Gates of Dawn". Swedishcharts.com. Hung Medien. Henta 11. juni 2019.
  52. "Pink Floyd – The Piper at the Gates of Dawn". Swisscharts.com. Hung Medien. Henta 11. juni 2019.
  53. "Pink Floyd | Artist | Official Charts". Den britiske albumlista. The Official Charts Company. Henta 11. juni 2019.
  54. "Pink Floyd – The Piper at the Gates of Dawn". Lescharts.com. Hung Medien. Henta 11. juni 2019.
  55. «Italian album salstrofé – Pink Floyd – The Piper at the Gates of Dawn» (på italiensk). Federation of the Italian Music Industry. Henta 30. januar 2017.  Select Album e Compilation in the field Scegli la sezione. Select Week -- and Year ----. Enter Pink Floyd in the field Artista. Click Avvia la ricerca
  56. «British album salstrofé – Pink Floyd – The Piper at the Gates of Dawn». British Phonographic Industry. Henta 12. august 2016.  Enter The Piper at the Gates of Dawn in the field Search. Select Title in the field Search by. Select album in the field By Format. Click Go

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • Vic Singh sitt Pink Floyd-arbeid (arkivert nettside)