Ar Rutbah

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Ar-Rutbah)
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne artikkelen handlar om byen. For distriktet, sjå Ar Rutba-distriktet.
Koordinatar: 33°2′17″N 40°17′4″E
Ar-Rutbah
(arabisk الرطبة)
by
USMC-090101-M-0493G-066 (cropped).jpg
Utsikt frå eit tak i Ar-Rutbah i 2009
Land Flag of Iraq.svg Irak
Guvernement Al-Anbar
Distrikt Al-Rutbah
Koordinatar 33°2′17″N 40°17′4″E
Folketal 27 879 (2012)
Tidssone GMT+3 (UTC+3)
Postnummer 31011
Iraq physical map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Ar Rutbah

Ar-Rutbah (arabisk الرطبة), òg kalla Rutba, Rutbah, Rutbah Wells eller Ar-Rutba) er ein by i Irak vest i Al Anbar guvernement, heilt busett av sunnimuslimar. Innbyggjartalet er kring 22 000. Han ligg strategisk til langs vegen mellom Amman og Bagdad, og nær Mosul–Haifa-oljerøyrleidninga. Staden vert rekna som ein «våt stad» og har ein årsnedbør på 114,3 mm. Han er blitt skildra som den «den mest isolerte byen av ein viss storleik i Irak».[1]

Ar-Rutbah voks fram som stoppestad for flygingane til Imperial Airways tidleg på 1900-talet og som vasstopp for Nairn Transport Company. I desember 1934 styrta det nederlandske flyet «Uiver» 16 km sør for Ar-Rutbah og alle ombord mista livet. Under den engelsk-irakiske krigen i 1941 var Ar-Rutbah åstad for eit slag mellom britiske styrkar og Den arabiske legionen og styrkar lojale til Rashid Ali al-Gaylani.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Andress, Carter (2007). Contractor Combatants: Tales of an Imbedded Capitalist. Nashville: Thomas Nelson. s. 234. ISBN 1595550895. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Ar Rutbah