Askøy kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Askøy kommune
kommune
Kommunevåpen
Land  Noreg
Fylke Vestland
Adm.senter Kleppestø
Areal 101,12 km²
 - land 94,43 km²
 - vatn 6,69 km²
Folketal 30 145  (1. januar 2024)
Målform nøytral
Ordførar Siv Høgtun (H)
Kommunenr. 4627
Kart
Askøy kommune
60°28′00″N 5°09′00″E / 60.466666666667°N 5.15°E / 60.466666666667; 5.15
Wikimedia Commons: Askøy
Nettstad: www.askoy.kommune.no

Askøy er ein kommune og ei øy i Vestland fylke. I tillegg til sjølve øya Askøy, ligg øyane Herdla, Ramsøy og Horsøy i kommunen, og dessutan ymse mindre øyar.

Ved grensereguleringar i 1964 fekk Askøy kommune overført delar av gamle Herdla herad, i tillegg til dei delane av Meland kommune som låg på Askøy. Frå 1837 til 1918 var Laksevåg ein del av Askøy

Kommunesentrum er Kleppestø. I 1992 opna Askøybrua, som no er hovudsambandet til Bergen. Frå Kleppestø går det snøggbåt som tek 10 minutt inn til Bergen sentrum. Lokalavisa Askøyværingen har hovudkontoret sitt i Kleppestø.

Namnet «Askøy» kjem av garden Ask, på austsida av øya. I sin tur har garden namn frå treslaget ask. Eit gamalt namn på Askøy er «Fenring», eit namn som går igjen i sagalitteraturen.

Kommunevåpenet[endre | endre wikiteksten]

Kommunevåpenet syner på ein bakgrunn av sylv eit grønt asketre. 28. september 1961 vart det godkjend av Askøy kommunestyre. Våpenet er teikna av Magnus Hardeland. Motivet er eit asketre som står på ei øy eller kolle med sjø foran.

Folketalsutvikling for noverande Askøy kommune:

1801[1] 1900[2] 1951[3] 2000[3] 2023[3]
942 4074 7616 19 727 29 989

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Folketeljing 1801, frå Digitalarkivet
  2. Folketeljing 1900, frå Digitalarkivet
  3. 3,0 3,1 3,2 Befolkning og endringer, etter region, statistikkvariabel og år, frå Statistisk sentralbyrå

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Per Ove Askeland og Anders Bjarne Fossen: Fotturer på Askøy : «har du gått på mjuke stiar- », to bind 2001 - 2003.
  • Fossen, Anders Bjarne: Askøys historie. 3 band 1996-1999.