Bedehuset Bethel på Judaberg
Bedehuset Bethel på Judaberg var det første bedehuset på Finnøy, og stod ferdig i 1878. Den kjende presten og predikanten Lars Oftedal frå Stavanger stod for bygginga. Huset er bygt i stein og var tenkt som eit regionbedehus for Ryfylke. Bedehuset Saron på Bryne hadde ein liknande funksjon på Jæren.
På galleriet på Bethel har Ryfylkemuseet opna ei utstilling om bedehuskulturen i Ryfylke, i samarbeid med styret for Bethel. Utstillinga er eit resultat av det bedehusprosjektet som Ryfylkemuseet hadde gåande frå 2009 til 2011. Prosjektet har resultert i eit fyldig dokumentasjonsmateriale om bedehuskulturen i Ryfylke, i form av intervju, foto, arkiv- og gjenstandsmateriale. Utstillinga på Bethel kom i stand gjennom samarbeid med styret for Bethel. Formidling av resultata av bedehusprosjektet skjer gjennom utstillinga og gjennom utgjeving av skriftet «Lekmannsrørsla og bedehusa i Ryfylke», trykt i museet si årbok Folk i Ryfylke 2011.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Bedehuset Bethel Arkivert 2016-03-07 ved Wayback Machine. ved ryfylkemuseet.no
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Folk i Ryfylke 2011, utgitt av Ryfylkemuseet
- «Snart er landets eldste bedehus 160 år», Stavanger Aftenblad, arkivert frå originalen 5. mars 2016, henta 3. mars 2012