Born to Run av Emmylou Harris

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Born to Run
Singel av Emmylou Harris
frå albumet Cimarron
B-side Colors of Your Heart
Utgjeve 29. mai 1982
Sjanger Country
Lengd 3:48
Selskap Warner Bros. Nashville
Låtskrivar(ar) Paul Kennerley
Produsent Brian Ahern
Emmylou Harris-kronologi
«Tennessee Rose»
(1982)
Born to Run «(Lost His Love) On Our Last Date»
(1982)


«Born to Run» er ein song skriven av Paul Kennerley, spelt inn av den USA-amerikanske countryartisten Emmylou Harris. Songen kom ut i mai 1982 som den tredje singelen frå albumet Cimarron frå 1982.

Songen har henta melodien frå «The Death of Me», ein song frå The Legend of Jesse James, eit konseptalbum skriven av Kennerly. Denne versjonen vart framført av Johnny Cash og Levon Helm.[1]

Songen nådde tredjeplassen på Billboard Hot Country Singles & Tracks-lista.[2] Songen vart spelt av countryartisten Lee Ann Womack i 2016 på The Life & Songs Of Emmylou Harris: An All-Star Concert Celebration (Live). Han vart sidan spelt av den irske skodespelarinna Jessie Buckley i 2019 for dramafilmen Wild Rose.

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1982) Plassering
US Country Songs (Billboard)[3] 3
Canadian RPM Country Tracks 10

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Paul Kennerley | Biography & History». AllMusic (på engelsk). Henta 20. august 2020. 
  2. Whitburn, Joel (2004). The Billboard Book Of Top 40 Country Hits: 1944-2006, Second edition. Record Research. s. 153. 
  3. "Harris?f=357&g=Singles Emmylou Harris Album & Song Chart History" Billboard Country Songs for Emmylou Harris. Prometheus Global Media.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]