Hard Bargain av Emmylou Harris

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Hard Bargain
Studioalbum av Emmylou Harris
Utgjeve 26. april 2011
Innspelt August 2010
Sjanger Country-folk, Americana
Lengd 53:04
Selskap Nonesuch
Produsent Jay Joyce
Emmylou Harris-kronologi
All I Intended to Be
(2008)
Hard Bargain Old Yellow Moon
(2013)


Meldingar
Samla karakter
KjeldeKarakter
Metacritic(6.9/10) MC
69/100, 19 kritikarar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg 2011
Billboard9/10 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg 2011
Entertainment WeeklyB+ lenkje
guardian.co.uk3/5 starsStar full.svgStar full.svgStar empty.svgStar empty.svg lenkje
Los Angeles Times2.5/4 starsStar full.svgStar half.svgStar empty.svg lenkje
PopMatters.com8/10 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svgStar empty.svg lenkje
Slant Magazine3.5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar half.svgStar empty.svg 2011
The Independent3/5 starsStar full.svgStar full.svgStar empty.svgStar empty.svg lenkje
New Zealand Herald4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg lenkje
Paste Magazine8/10 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svgStar empty.svg lenkje
Country Weekly3.5/4 starsStar full.svgStar full.svgStar half.svg lenkje
The Press (York)5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svg lenkje

Hard Bargain er det 21. studioalbumet og det 26. totalt av den USA-amerikanske countrymusikaren Emmylou Harris, gjeve ut 26. april 2011.[1] Det var det fjerde albuemt hennar for Nonesuch Records.

Albumet debuterte på tredjeplassen på den amerikanske Billboard Top Country Albums-lista[2] den høgaste plasseringa hennar der sidan Roses in the Snow i 1980. Samstundes nådde det 18. plassen på Billboard 200,[3] og tok over plassen etter Luxury Liner i 1977 som den høgaste plasseringa hennar på den lista i heile karrieren hennar.

Informasjon[endre | endre wikiteksten]

Songane som vart til Hard Bargain, vart i følgje Harris spelt inn i løpet av fire veker i august 2010. I motsetnad til alle tidlegare Harris-album, som i stor grad er blitt spelt inn med mange forskjellige musikarar, er det berre tre musikarar totalt på heile albumet, nemleg Harris sjølv, produsenten Jay Joyce og Giles Reaves.

I desember 2010 vart det filma seks videoklipp i Laughing House Studios i Nashville, regissert av Jack Spencer.[4] Desse videoane, med kommentar til, finst som ein bonus-DVD på luksusutgåva av albumet.

Opningssongen «The Road» handlar om den avdøde Gram Parsons, den musikalske mentoren hennar som døydde i 1973. Det var den andre songen ho skreiv om temaet etter «Boulder to Birmingham» frå albumet Pieces of the Sky i 1975.

«Darlin' Kate» er ein hyllest til den avdøde Kate McGarrigle, som døydde av kreft i 2010. Ho og systera Anna McGarrigle hadde spelt mykje med Harris ved fleire høve sidan 1970-åra.

«My Name Is Emmett Till» fortel soga om Emmett Till, ein afroamerikansk gut som vart drepen i 1955.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«The Road»Emmylou Harris5:31
2.«Home Sweet Home»Harris3:45
3.«My Name Is Emmett Till»Harris4:53
4.«Goodnight Old World»Harris, Will Jennings3:55
5.«New Orleans»Harris, Jennings3:38
6.«Big Black Dog»Harris3:26
7.«Lonely Girl»Harris4:44
8.«Hard Bargain»Ron Sexsmith3:23
9.«Six White Cadillacs»Harris, Jennings3:22
10.«The Ship on His Arm»Harris4:46
11.«Darlin' Kate»Harris3:08
12.«Nobody»Harris5:04
13.«Cross Yourself»Jay Joyce3:36
iTunes/digitalt bonusspor
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
14.«To Ohio» (med The Low Anthem)Ben Knox Miller, Jeffrey Prystowsky3:27
Bonus-DVD med luksusutgåva
Nr.TittelLengd
1.«Six White Cadillacs» (video) 
2.«Goodnight Old World» (video) 
3.«Home Sweet Home» (video) 
4.«Darlin' Kate» (video) 
5.«Big Black Dog» (video) 
6.«The Road» (Acoustic Version) (video) 

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

  • Emmylou Harris – vokal, akustisk gitar
  • Jay Joyce – gitar, bassgitar, klaverinstrument, piano, omnichord, ganjo, mandolin
  • Giles Reaves – trommer, klaverinstrument, perkusjon, piano, orgel, vibrafon, marimbula

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (2011) Plassering
Den australske albumlista 48[5]
Australian Country Albums Chart 2
Den belgiske albumlista (Flandern) 39
Den belgiske albumlista (Vallonia) 95
Den kanadiske albumlista 20
Den danske albumlista 27
Kanadiske Country Albums Chart 2
Den nederlandske albumlista 15
Den tyske albumlista 49
Irish Individual Artist Albums 36
Den newzealandske albumlista 28
Norske VG-lista 11
Den svenske albumlista 15
Den sveitsiske albumlista 76
UK Albums Chart 30
UK Country Albums Chart 2
US Billboard 200 18
US Billboard Top Country Albums 3
US Billboard Folk Albums 3
US Billboard Rock Albums 6

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Emmylou Harris | Nonesuch Records». Nonesuch.com. Henta 22. november 2020. 
  2. Betts, Stephen L. (4. mai 2011). «Emmylou Harris' 'Hard Bargain' Debuts at nr. 3 on Country Chart». The Boot. Henta 22. november 2020. 
  3. Kaufman, Gil (4. mai 2011). «Adele Tops Billboard Albums Chart Once Again - Music, Celebrity, Artist News». MTV. Henta 22. november 2020. 
  4. «Hard Bargain | Nonesuch Records». Nonesuch.com. Henta 22. november 2020. 
  5. «Top 50 Albums Chart - Australian Recording Industry Association». ARIA. Henta 22. november 2020.