All I Intended to Be

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
All I Intended to Be
Studioalbum av Emmylou Harris
Utgjeve 10. juni 2008
Innspelt 16. oktober 2005 — 17. mars 2008
Sjanger Country-folk, americana
Lengd 55:25
Selskap Nonesuch
Produsent Brian Ahern
Emmylou Harris-kronologi
Songbird: Rare Tracks and Forgotten Gems
(2007)
All I Intended to Be Hard Bargain
(2011)


All I Intended to Be er det 21. studioalbumet til Emmylou Harris og det tredje ho gav ut på Nonesuch Records. Det kom ut i USA 10. juni 2008.[1][2] Albumet nådde 22. plassen på Billboard 200,[3] og fjerdeplassen på Top Country Albums-lista i USA, som er den høgaste plasseringa hennar på Billboard 200 sidan Evangeline i 1981. I 2014 hadde albumet seld over 150 000 eksemplar i USA.[4]

Albumet vart produsert av den tidlegare ektemannen til Harris, Brian Ahern, som hadde produsert mange av dei tidlege albuma til Harris.

Informasjon[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[5]
Billboard(kritikarens utvalte)[6]
Crawdaddy!positiv[7]
Entertainment Weekly(A–)[8]
Mojo4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg 21. mai 2008
Orlando Sentinel4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg
Q4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg [9]
PopMatters7/10 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svgStar empty.svgStar empty.svg[10]
Slant Magazine4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[11]
The Times4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[12]
The Austin Chronicle3.5/4 starsStar full.svgStar full.svgStar half.svg[13]
Uncut4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[14]

Harris sa at «Sailing Round the Room» var inspirert av Terri Schiavo og er ei feiring av livet og døden. «How She Could Sing the Wildwood Flower» syner til forholdet mellom A.P. og Sara Carter og var inspirert av ein dokumentarfilm som Harris, i lag med Kate og Anna McGarrigle, såg på fjernsyn. Songen inneheld små utdrag av songen «Wildwood Flower». Dolly Parton og Vince Gill er gjestevokalist på songen «Gold», medan «Old Five and Dimers Like Me» og «Beyond the Great Divide» er duettar med John Starling. «Moon Song» vart skriven av den nære venen til Harris, Patty Griffin, og kom ut som bonusspor på iTunes-utgåva av albumet hennar Children Running Through i 2007.

Alubmet vart rangert på 49. plassen på lista til magasinet Q over dei 50 beste albuma i 2008.[15]

Albumet vart òg nominert til Grammyprisen for beste moderne folk/americana-album.[16]

Tittelen er henta frå siste linja i songen «Old Five and Dimers Like Me».

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Shores of White Sand» (Karen Brooks-cover)Jack Wesley Routh4:22
2.«Hold On»Jude Johnstone4:35
3.«Moon Song»Patty Griffin4:06
4.«Broken Man’s Lament» (Mark Germino-cover)Mark Germino[17]5:05
5.«Gold»Emmylou Harris3:32
6.«How She Could Sing the Wildwood Flower»Emmylou Harris, Kate McGarrigle, Anna McGarrigle3:44
7.«All That You Have Is Your Soul» (Tracy Chapman-cover)Tracy Chapman4:41
8.«Take That Ride»Emmylou Harris3:39
9.«Old Five and Dimers Like Me» (Tom T. Hall- & Billy Joe Shaver-cover)Billy Joe Shaver4:16
10.«Kern River» (Merle Haggard-cover)Merle Haggard4:03
11.«Not Enough»Emmylou Harris3:25
12.«Sailing Round the Room»Emmylou Harris, Kate McGarrigle, Anna McGarrigle5:31
13.«Beyond the Great Divide» (Karen Brooks-cover)J.C. Crowley, Jack Wesley Routh4:26

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (2008) Plassering
U.S. Billboard Top Country Albums 4
U.S. Billboard 200 22

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Cohen, Jonathan (7. april 2008). Billboard Bits: New Kids/Zootopia, River To River, Emmylou Harris. Billboard. Henta on 12. juni 2008.
  2. More about this album. Nonesuch Records. Henta on 12. juni 2008.
  3. Hasty, Katie. «Lil Wayne Crushes The Competition To Debut At nr. 1». Billboard. 18. juni 2008.
  4. «September 17 & 23 releases». Universal Music Group. September 2014. s. 59. Henta 24. november 2019 – via Scribd. 
  5. Deming, Mark. All I Intended to BeAllmusic. Henta 22. november 2020.
  6. Billboard - Google Books. 14. juni 2008. Henta 22. november 2020. 
  7. «Album Review: Emmylou Harris, All I Intended To Be». Crawdaddy. 28. mai 2008. Arkivert frå originalen 2008-06-03. Henta 22. november 2020. 
  8. Clark Collis (6. juni 2008). «All I Intended to Be Review | Music Reviews and News». EW.com. Henta 22. november 2020. 
  9. Q Magazine, s 103, juli 2008
  10. Hauner, Thomas. «Emmylou Harris: All I Intended to Be». Popmatters.com. Henta 22. november 2020. 
  11. «Emmylou Harris | All I Intended to Be». SlantMagazine.com. Arkivert frå originalen 2008-08-03. Henta 22. november 2020. 
  12. [1] Arkivert 15. juni 2011 ved Wayback Machine.
  13. «Emmylou Harris - Music Review». The Austin Chronicle. Henta 22. november 2020. 
  14. «Emmylou Harris - All I Intended to Be - Review». Uncut.co.uk. Arkivert frå originalen 2011-08-07. Henta 22. november 2020. 
  15. «The 50 Best Albums of 2008». Q. January 2009: 81. 
  16. Grammy Awards Nominees 3. desember 2008. http://www.grammy.com/grammy_awards/51st_show/list.aspx#14 Arkivert 2009-03-31 ved Wayback Machine.. Henta on 8. desember 2008.
  17. i CD-heftet står denne som skriven av Emmylou Harris