Trio II

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Trio II
Studioalbum av Dolly Parton, Emmylou Harris og Linda Ronstadt
Utgjeve 9. februar 1999
Innspelt 1994
Studio The Site (Marin County)
Sjanger Country
Lengd 41:13
Selskap Asylum
Produsent George Massenburg
Dolly Parton-kronologi
Hungry Again
(1998)
Trio II Precious Memories
(1999)
Emmylou Harris-kronologi
Spyboy
(1998)
Trio II Western Wall: The Tucson Sessions
(1999)
Linda Ronstadt-kronologi
We Ran
(1998)
Trio II Western Wall: The Tucson Sessions
(1999)
Singlar frå Trio II
  1. «High Sierra»
    Utgjeve: Januar 1999
  2. «After the Gold Rush»
    Utgjeve: April 1999
  3. «Feels Like Home»
    Utgjeve: April 1999
  4. «Do I Ever Cross Your Mind»
    Utgjeve: April 1999

Trio II er det andre samarbeidsalbumet til Dolly Parton, Emmylou Harris og Linda Ronstadt. Det kom ut 9. februar 1999 på Asylum Records.[1]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

12 år etter utgjevinga av Trio, som hadde selt til platinaplate og vunne Grammyprisar, kom trioen saman att for å spele inn eit nytt album. Songane vart spelte inn i 1994 av Parton, Harris og Ronstadt, men strid mellom plateselskapa deira og ulike tidsplanar gjorde at dei ikkje kunne gje ut albumet på den tida. Til slutt miksa Ronstadt fem av dei ti spora på albumet (utan vokalen til Parton) for å ta dei med på albumet hennar Feels Like Home i 1995. Desse var «Lover's Return», «High Sierra», «After the Gold Rush», «The Blue Train» og «Feels Like Home».

I 1998, etter Parton og Harris hadde slutta på sine respektive selskap, valte die å gje ut albumet slik det opphavleg vart spelt inn. Barnefoto av Parton, Harris og Ronstadt vart nytta som plateomslag, då dei ikkje fekk i stand ei felles fotografering.

Utgjeving og marknadsføring[endre | endre wikiteksten]

Albumet kom ut 9. februar 1999 og sjølv om dei ikkje fekk tid til ein lengre turné, fekk dei i stand ein kort ein for å marknadsføre albumet. Trioen spelte på CBS This Morning, The Tonight Show with Jay Leno, The Today Show, The Late Show with David Letterman og The Rosie O'Donnell Show.[2]

I starten var det ingen planar om å gje ut ein singel. «High Sierra» kom ut for adult contemporary-radiostasjonar i januar 1999 før albumet kom ut, og vart òg sendt til countryradiostasjonar ved ein feil[3][4], men fekk likevel speletid. Etter at albumet hadde selt godt, vart det i april 1999 gjeve ut tre singlar samstundes: «After the Gold Rush», «Feels Like Home» og «Do I Ever Cross Your Mind».[5][6] Det vart filma ein musikkvideo for «After the Gold Rush» i ein synagoge i New York City den 25. mars.[6]

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic3/5 starsStar full.svgStar full.svgStar empty.svgStar empty.svg[7]
Entertainment WeeklyB+[8]
Los Angeles Times3.5/4 starsStar full.svgStar full.svgStar half.svg[9]
Robert Christgau(middels)[10]
Rolling Stone3/5 starsStar full.svgStar full.svgStar empty.svgStar empty.svg[11]

Albumet fekk positive meldingar i media.

Entertainment Weekly gav albumet B+ og sa at det «når omtrent 75 % av vegen» og er «uansett eit fint album.»[8] Los Angeles Times gav albumet 3,5 av 4 stjerner og skreiv at den «inspirerte versjonen av Neil Young-songen 'After the Gold Rush' fører saman himmelsk vakre harmoniar. Harris si klåre røyst er ein perfekt match for den særs vakre Donagh Long-kjærleikssongen 'You'll Never Be the Sun'. Og Ronstadt hentar ut den formidable countryrock-erfaringa si på Jennifer Kimball og Tom Kimmel sin 'Blue Train' og Randy Newman sin 'Feels Like Home'.»[9] AllMusic gav albumet tre av fem stjerner og kalla albumet «ein juvel blant vakre linjer av kubisk zirkonium, frå dei mest velmeinande og kjærlege songfuglane.»[7] Patrick Carr i Rolling Stone gav albumet tre av fem stjerner og sa at «på sitt beste er dette nesten himmelsk.»[11]

Albumet nådde fjerdeplassen på den amerikanske Billboard Top Country Albums-lista og 62. plassen på Billboard 200. Albumet nådde òg fjerdeplassen i Canada på RPM Country Albums-lista.

Den første singelen frå albumet, «High Sierra», nådde 90. plassen på den kanadiske Country 100-lista. Ingen av dei tre seinare singlane gjorde det godt nok til å gå inn på singellistene.

Albumet vart nominert til Grammyprisen for beste countryalbum. «After the Gold Rush» vann Grammyprisen for beste countrysamarbeid med vokal.[12]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Lover's Return»4:00
2.«High Sierra»Harley Allen4:21
3.«Do I Ever Cross Your Mind»Dolly Parton3:16
4.«After the Gold Rush»Neil Young3:31
5.«The Blue Train»
  • Jennifer Kimball
  • Tom Kimmel
4:57
6.«I Feel the Blues Movin' In»Del McCoury4:31
7.«You'll Never Be the Sun»Donagh Long4:43
8.«He Rode All the Way to Texas»John Starling3:07
9.«Feels Like Home»Randy Newman4:47
10.«When We're Gone, Long Gone»4:00
Total lengd:41:13

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Teknisk
  • George Massenburg – produsent, innspeling, miksing
  • John Brenes – produksjonsarkivator
  • Gail Rosman – produksjonsassistent
  • Janet Stark – produksjonsassistent
  • Nathaniel Kunkel – innspeling
  • Kevin Scott – innspelingsassistent
  • Doug Sax – mastering
  • Kosh Bradley – kunstnarisk leiar, design
  • Lyn Bradley – kunstnarisk leiar, design
  • Michael Hagegood – kunstnarisk leiar


Salslister[endre | endre wikiteksten]

Album

Liste (1999) Plassering
Australia (ARIA Charts)[13] 66
Canada Top Country Albums (RPM) 4
US Billboard 200[14] 62
US Top Country Albums (Billboard)[15] 4

Singlar

Title År Plassering
CAN
Country

[16]
«High Sierra» 1999 90

Salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Region Salstrofé Salstal
USA (RIAA)[17] Gull 500 000^

^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Emmylou Harris, Linda Ronstadt, Dolly Parton - Trio II». Discogs (på engelsk). Henta 19. november 2020. 
  2. «Dollymania: The Online Dolly Parton Newsmagazine. Your premier resource for Dolly Parton news and information». www.dollymania.net. Henta 19. november 2020. 
  3. «Emmylou Harris, Linda Ronstadt, Dolly Parton - High Sierra». Discogs (på engelsk). Henta 19. november 2020. 
  4. «Billboard - 27. februar 1999» (PDF). American Radio History. Billboard. s. 36. Henta 19. november 2020. 
  5. «Emmylou Harris, Linda Ronstadt, Dolly Parton - A Trio From The Trio: One Angelic Sound». Discogs (på engelsk). Henta 19. november 2020. 
  6. 6,0 6,1 «Dollymania: The Online Dolly Parton Newsmagazine. Your premier resource for Dolly Parton news and information». www.dollymania.net. Henta 19. november 2020. 
  7. 7,0 7,1 Trio IIAllmusic
  8. 8,0 8,1 «Trio II». EW.com (på engelsk). Henta 19. november 2020. 
  9. 9,0 9,1 «Harris, Ronstadt, Parton Get Atmospheric on 'II'». Los Angeles Times. 15. februar 1999. Henta 19. november 2020. 
  10. «Robert Christgau: CG: Dolly Parton%2C Linda Ronstadt%2C Emmylou Harris». www.robertchristgau.com. Henta 19. november 2020. 
  11. 11,0 11,1 «Album Review / Trio II - Emmylou Harris, Linda Ronstadt, Dolly Parton». www.ronstadt-linda.com. Henta 19. november 2020. 
  12. «Dolly Parton». GRAMMY.com (på engelsk). 17. mars 2014. Henta 21. november 2020. 
  13. «Dolly Parton ARIA chart history, received 29. april 2019». ARIA. Henta 21. november 2020 – via Imgur.com.  N.B. The High Point number in the NAT column represents the release's peak on the national chart.
  14. "Dolly Parton Album & Song Chart History" Billboard 200 for Dolly Parton. Prometheus Global Media. Henta 21. november 2020.
  15. "Dolly Parton Album & Song Chart History" Billboard Top Country Albums for Dolly Parton. Prometheus Global Media. Henta 21. november 2020.
  16. Canada, Library and Archives (17. juli 2013). «Results: RPM Weekly». www.bac-lac.gc.ca. Henta 21. november 2020. 
  17. «American album salstrofé – D. PARTON, L. RONSTADT, E. HARRIS – TRIO II». Recording Industry Association of America. Henta 19. november 2020.  If necessary, click Advanced, then click Format, then select Album, then click SEARCH

Mal:Dolly Parton