Rab
Rab | |
---|---|
![]() Det historiske sentrumet på Rab | |
Geografi | |
Stad | Adriahavet |
Koordinatar |
|
Areal | 93,6 km²
|
Høgaste punkt | Kamenjak (408 moh.)
|
Administrasjon | |
Land | Kroatia |
Fylke | Primorje-Gorski Kotar |
Største busetnad | Rab (364 innb.)
|
Demografi | |
Folketal | 8 268 (2021[1])
|
Rab (italiensk Arbe, latin Arba) er ei lita øy i Adriahavet ved kysten av Kroatia, og i Primorje-Gorski Kotar fylke. Øya var tidlegare grensa mellom Liburnia og Dalmatia.
Øya er 22 km lang med eit areal på 93,6 km² og 8 268 innbyggjarar (2021).[1] Den høgaste toppen på øya er Kamenjak med 408 meter. Nordaustsida av øya er stort sett aude med karstbergartar, medan sørvestsida er dekt av grøne furuskogar. Øya er i dag ein populær feriestad med vakre strender og mange hendingar, mellom anna ei arbalestturnering og ein mellomalderfestival.
Den gamle hovudbyen på øya heiter òg Rab. Han har 364 innbyggjarar (2021)[1] og ligg på ei lita halvøy på sørvestsida av øya. Det går ferjer frå øya til fastlandet ved Jablanac og til naboøya Krk.
Administrativt vart den nordlege delen av øya skild ut til landkommunen Lopar i 2006,[2] medan resten av øya høyrer til bykommunen Rab.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Byen Rab har ei lang historie som går tilbake til 360 fvt. då han vart grunnlagd av illyrarane. Frå 200-talet fvt. til 500-talet evt. var Rab ein del av Romarriket. Den romerske keisaren Augustus erklærte øya eit municipium i år 10. Han vart den første landsbyen i det romerske Dalmatia, som fekk ærestittelen felix. Heilage Marinus, den kristne grunnleggjaren av San Marino, kom opphavleg frå Rab, men skal ha flykta frå øya i 301 under kristenforfølgingane til Diokletian.
I mellomalderen var Rab ein del av Austromarriket, og ein kort periode ein del av Kongedømet Kroatia. I 1358 kom øya under styret til Kong Louis den store, Angevin-herskaren av Ungarn. Frå renessansen var øya styrt av Venezia, og frå 1800-talet vart ho ein del av Austerrike-Ungarn, fram til det vart oppløyst. Øya var så italiensk før ho vart ein del av Jugoslavia etter 1945.
Under den andre verdskrigen oppretta det fasicistiske Italia Rab konsentrasjonsleir på øya, der over tusen menneske vart drepne mellom 1942 og 1943. I 1953 vart det oppretta eit minnesmerke for dei falne ved landsbyen Kampor.
Dei fire kyrkjetårna vart eit symbol på byen og øya. Det eldste av desse går heilt tilbake til 1000-talet. Den verste katastrofen på øya var utbrotet av ein byllepest i 1456, kraftig reduserte folketalet.
Folketal
[endre | endre wikiteksten]Folketalet på øya ved dei siste folketeljingane, fordelt på kommunane, var:
Folketal 2001[3] | Folketal 2011[4] | Folketal 2021[1] | |
---|---|---|---|
Rab kommune | 9 480 | 8 065 | 7 161 |
Lopar kommune[a] | – | 1 263 | 1 107 |
Øya Rab | 9 480 | 9 328 | 8 268 |
Busetnadene på øya ved dei siste folketeljingane var:
Kommune | Folketal 2001[3] | Folketal 2011[4] | Folketal 2021[1] | |
---|---|---|---|---|
Banjol | Rab | 1 971 | 1 907 | 1 708 |
Palit | Rab | 1 593 | 1 687 | 1 580 |
Barbat na Rabu | Rab | 1 205 | 1 242 | 1 140 |
Lopar | Lopar | [b]1 191 | 1 263 | 1 107 |
Kampor | Rab | 1 293 | 1 173 | 1 030 |
Supetarska Draga | Rab | 1 164 | 1 099 | 937 |
Mundanije | Rab | 509 | 520 | 402 |
Rab | Rab | 554 | 437 | 364 |
Merknader
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 «Population by age and sex, by settlements, 2021 Census». Narodne novine (Offisielt lysingsblad) (på kroatisk og engelsk). 2022. Henta 13. januar 2025.
- ↑ «Zakon o područjima županija, gradova i općina u Republici Hrvatskoj (Lov om territoria til fylke, byar og kommunar i Republikken Kroatia)». Narodne novine (Offisielt lysingsblad) (på kroatisk). 19. juli 2006. Henta 7. januar 2025.
- ↑ 3,0 3,1 «Census 2001; Population by age and sex, by settlements». Croatian Bureau of Statistics (på kroatisk og engelsk). Henta 13. januar 2025.
- ↑ 4,0 4,1 «Census of Population, Households and Dwellings 2011; Population by age and sex, by settlements» (på engelsk). Croatian Bureau of Statistics. Henta 13. januar 2025.
- Delar av denne artikkelen bygger på «Rab (island)» frå Wikipedia på engelsk, den 13. mars 2007.