Lastovo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lastovo
Landsbyen Lastovo
Landsbyen Lastovo
Geografi
Stad Adriahavet
Koordinatar 42°45′50″N 16°52′42″E

Areal 46 km²

Høgaste punkt Hum (417 moh.)

Administrasjon
Land Kroatia
Fylke Dubrovnik-Neretva

Demografi
Folketal 835 (2001)

Lastovo (italiensk Lagosta, tysk Augusta, latin Augusta Insula, gresk: Ladestanos, illyrisk: Ladest) er ei øy og kommune i Dubrovnik-Neretva fylke i Kroatia. Kommunen består av 46 øyar i Adriahavet med eit totalt folketal på 835, der 93 % er etniske kroatar. Landarealet er om lag 56 km².[1] Den største øya i kommunen heiter òg Lastovo, og det same gjer den største landsbyen på øya. Dei fleste innbyggjarane i kommunen bur på denne øya.

Lastovo var, som resten av den romerske provinsen Dalmatia, busett av illyrarar. Romarane erobra og koloniserte heile området, og hadde kontroll over det til dei avariske invasjonane og folkevandringstida på 600-talet. Kroatiske stammer tok kontroll over den dalmatiske kysten. Ein gong rundt år 1000 gjekk venetianarane til åtak og øydela busetnadane, sidan øya var ein del av sjørøveriet i området. På 1200-talet vart øya ein del av Republikken Ragusa, som i fleire hundreår i meir eller mindre grad hadde sjølvstyre, fram til Napoleon og Frankrike erobra området. Austerrike-Ungarn hadde så kontroll over øya på 1800-talet, før ho vart ein del av Kroatia og Jugoslavia.

Øya er kjend for arkitekturen frå 1400- og 1500-talet. Det finst fleire relativt små kyrkjer her, som viser den lange romersk-katolske tradisjonen. Av store kulturelle hendingar har ein Lastovo Poklad, eller karneval. Dei naturskjønne omgivnadane trekker til seg mange turistar kvar sommar. For tida held den kroatiske regjeringa på med eit lovforslag som vil gjere øya og øygruppa til ein naturpark.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Øya Lastovo høyrer til dei sentrale dalmatiske øyane. Ho ligg 13 km sør for Korčula. Andre øyar i denne gruppa er mellom anna Vis, Brač, Hvar, Korčula og Mljet. Øya er om lag 9,8 km lang og opp til 5,8 km brei.[2]

Øygruppa Lastovo består av 46 øyar, inkludert dei større øyane Sušac, Prežba og Mrčara. Prežba er forbunde med fastlandet via ei bru ved landsbyen Pasadur. Det går dagleg hydrofoilar og ferjer frå øya til fastlandet ved Split, som og stoppar ved Korčula og Hvar langs ruta.

Landsbyen Lastovo ligg i dei bratte skrentane ovanfor sjøen, som er uvanleg samanlikna med dei andre adriatiske øyane, der landsbyane ofte ligg på hamnesida. Andre landsbyar på øya er mellom anna Ubli (òg kalla Sveti Petar), Lučica, Zaklopatica, Skrivena Luka og Pasadur.

Trass i store brannar i 1971 og 1998 er om lag 70 % av Lastovo dekt av skog, stort sett steineik, aleppofuru og middelhavskratt.[3] Både falk og hauk hekkar her. Falkane vart ofte fanga i mellomalderen og sende til forskjellige stader i Europa, særleg til Napoli. Sjølivet er noko av det rikaste i heile Adriahavet, og her finst hummar, langunster, blekksprut og mange ekslusive fiskeartar som sanktpeterfisk og havabbor.

Det høgaste punktet på Lastovo er Hum med ei høgd på 417 meter. Bergartane på øya består av kalkstein og dolomitt, og det finst fleire grotter på øya. Kystlinja er bratt, og den omliggande sjøen djup. På sørkysten ligg dei ei vid vik ved Skrivena Luka, som gjev ly mot den iskalde boravinden og vestavinden.

Økonomi[endre | endre wikiteksten]

Som på andre middelhavsøyar baserer hovudnæringane på Lastovo seg på jordbruk og turisme. Det vert dyrka vindruer og oliven.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. http://www.dzs.hr/default_e.htm
  2. Jurica, Antun (2001). Lastovo kroz stoljeća. Lastovo: Matica hrvatska Ogranak Lastovo. ISBN 953-97232-3-X.
  3. Ozimec , Roman. Lastovo - Islands of tranquility

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]