Hopp til innhald

Dugi Otok

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dugi Otok
Vestsida av Dugi Otok
Vestsida av Dugi Otok
Geografi
StadAdriahavet
Koordinatar43°59′N 15°04′E
Areal133,3 km²
Administrasjon
LandKroatia
Fylke
Kommune
Zadar
Sali
Demografi
Folketal55 (2021[1])

Dugi Otok (kroatisk for «Lang øy») er ei øy i Adriahavet utanfor kysten av Kroatia. Ho ligg utanfor Dalmatia, vest for Zadar. Administrativt høyrer øya inn under kommunen Sali i fylket Zadar.[2][3] Kommunen omfattar òg nokre småøyar ikring, der Zverinac er den einaste busette.

Ho er den største og austlegaste av Dei zadariske øyane, og har fått namnet sitt frå den karakteristiske forma (ho er 45 km lang og 5 km brei). Det høgaste punktet strekkjer seg opp mot 300 meter, og mange av dei høgareliggande områda er dekte av strandfuru. Vestkysten er høg og kupert, og mange av landsbyane ligg tett i tett på austsida. Desse er mellom anna Sali, den største, og Božava, Dragove, Soline, Brbinj, Luka, Polje, Verona, Savar, Veli Rat, Zaglav og Žman. Ein naturpark, Telašćica dekkjer den sørlege delen av øya, og ligg ved sida av nasjonalparken Kornati. I landsbyen Veli Rat ligg det eit flott fyr.

Fiske er ein av hovudnæringane her, men før i tida vart det òg produsert salt. Den vakre øya med middelhavsklima og italiensk kultur får få turistar. Olivenolje, fiken, ost og vin i lag med sjømat utgjer ein stor del av dietten til dei fastbuande. Det ligg fleire romerske ruinar på øya.

Folketalet på øya ved dei siste folketeljingane var:

Folketal 2001[4]Folketal 2011[5]Folketal 2021[1]
Dugi Otok[a]1 7721 6661 691
  1. ↑ Heile kommunen Sali utanom den vesle øya Zverinac

Referansar

[endre | endre wikiteksten]
  1. 1 2 «Population by age and sex, by settlements, 2021 Census». Narodne novine (Offisielt lysingsblad) (på kroatisk og engelsk). 2022. Henta 13. januar 2025. {{cite web}}: Italic or bold markup not allowed in: |publikasjon= (hjelp)
  2. ↑ «The Constitution of the Republic of Croatia» (PDF) (på engelsk). Constitutional Court of the Republic of Croatia. 15. januar 2014. Henta 7. januar 2025. {{cite web}}: Den ukjende parameteren |kommentar= vart ignorert (hjelp) Offisiell omsetjing
  3. ↑ «Zakon o područjima županija, gradova i općina u Republici Hrvatskoj (Lov om territoria til fylke, byar og kommunar i Republikken Kroatia)». Narodne novine (Offisielt lysingsblad) (på kroatisk). 19. juli 2006. Henta 7. januar 2025. {{cite web}}: Italic or bold markup not allowed in: |publikasjon= (hjelp)
  4. ↑ «Census 2001; Population by age and sex, by settlements». Croatian Bureau of Statistics (på kroatisk og engelsk). Henta 13. januar 2025.
  5. ↑ «Census of Population, Households and Dwellings 2011; Population by age and sex, by settlements» (på engelsk). Croatian Bureau of Statistics. Henta 13. januar 2025.