Hopp til innhald

Korčula

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Korčula
Landsbyen Korčula sett frå sør
Landsbyen Korčula sett frå sør
Geografi
StadAdriahavet
Koordinatar42°57′N 17°07′E
Areal279 km²
Høgaste punktKlupca (568 moh.)
Administrasjon
LandKroatia
FylkeDubrovnik-Neretva
Største busetnadKorčula (2 659 innb.)
Demografi
Folketal14 594 (2021[1])

Korčula (italiensk Curzola, latin Corcyra Nigra, gresk Korkyra Melaina, gamalslavisk Krkar) er ei øy i Adriahavet ved kysten av Kroatia. Øya har eit areal på 279 km² med ei lengd på 46,8 km og i snitt 7,8 km brei og like utanfor kysten av Dalmatia.

Administrativt er øya ein del av Dubrovnik-Neretva fylke og er delt på bykommunen Korčula og landkommunane Blato, Lumbarda, Smokvica og Vela Luka.[2][3]

Folketalet på øya er 14 594 (2021),[1] og ho er dermed den nest mest folkerike øya i Adriahavet etter Krk. I følgje folketeljinga i 2001 er 96,77 % av innbyggjarane er etniske kroatar. Den lokale dialekten vert kalla korzulot, og er ein blanding av både čakavisk og vulgærlatin.

Korčula er og namnet på den gamle festningsbyen på austkysten av øya, med eit folketal på 2 659 (2021).[1] Landsbyen ligg ved 42°57′N 17°07′E.

Øya Korčula høyrer til dei sentrale dalmatiske øygruppa, og mellom øya og halvøya Pelješac ligg sundet Pelješac, som er mellom 900 og 3 000 meter brei. Ho er den sjette største øya i Adriahavet. Dei høgaste punkta på øya er Klupca (568 m) og Kom (510 m). Klimaet er mildt med ein middeltemperatur i januar på 9,8 °C og i juli på 26,9 °C. I snitt kjem det om lag 1 100 mm nedbør i året. Øya er stort sett dekt av middelhavsflora, og enkelte stader furuskog.

På øya ligg òg landsbyane Vela Luka og Blato, og kystlandsbyane Lumbarda og Račišċe, og i indre område Žrnovo, Pupnat, Smokvica og Čara. Hovudvegen går langs midten av øya. Ferjer går frå Korčula til Orebić på Pelješac-halvøya og til Drvenik på fastlandet (nær Makarska). Ei anna ferjerute går mellom Vela Luka og Split og øya Lastovo. Om sommaren går det òg ferjer til Italia.

Øya har ei lang historie. Medan lokale soger fortel at Antenor, som flykta frå Troja etter Trojakrigen, var grunnleggjaren av byen, finst det fleire fornminne frå steinalderen, rundt 6000 til 8000 år sidan, her. Dei første namngjevne innbyggjarane ein kjenner var stammar av illyrarar. På 300-talet f.Kr. grunnla grekarar frå Knidos koloniar her, og levde side om side med illyrarane. Det første namnet på øya var Korkyra Melaina, som tyder 'Svart Kérkyra'. Namnet «svart» kan ha kome av dei mørke furuskogane som dekte mykje av øya.

Korčula var ein del av den romerske provinsen Dalmatia fram til folkevandringstida. Tidleg på 600-talet meiner ein at invasjon av avararar førte slavarar til området. Då barbarar byrja å slå seg ned langs kysten søkte det italienske folket i området tilflukt på øyane.

Marco Polo sin påståtte fødestad i dagens Korčula.

Dei første venetianske kjøpsmennene betalte årlege skattar til innbyggjarane, slik at dei kunne reise trygt forbi området, som var frykta for sjørøvarane her. I 925 vart øya, i lag med resten av Dalmatia ein del av Kroatia under kongen Tomislav, men alt i 927 til 960 gjekk øya vidare til prins Časlav Klonimirović. Etter dette var øya ei kort tid under Austromarriket, som ein del av Serbia. I 998 kom området inn under venetiansk styre, men vart etter kort tid ein del av fyrstedømet Zahumlje.

På 1100-talet vart Korčula erobra av av den venetianske adelsmannen Pepone Zorzi, og innlemma i Republikken Venezia. Korčula var likevel meir eller mindre sjølvstyrt, særleg når det gjaldt interne saker. Lova av Korčula vart laga i 1214, og er det nest eldste døme på lovgjeving hos slavarane, berre Russkaja Pravda frå 1000- og 1100-talet i det sentrale Russland er eldre.

På 1100-talet var grevane på Korčula halvvegs styrt frå Ungarn og Republikken Genoa, men var òg sjølvstendig ein kort periode. I 1255 erobra Marsilio Zorzi igjen øya for Venezia. I følgje ei lokal segn vart Marco Polo fødd på Korčula i 1254, men det finst ingen bevis for dette. Marco Polo sat i eit genoansk fengsel og skreiv om reisene sine. Igjen i følgje den lokale tradisjonen var det då Genoa slo Venezia i Slaget om Curzola i 1298 at Marco Polo vart teken til fange. Andre meiner derimot at han vart fanga under eit mindre slag nær Ayas i Tyrkia. Folk på Korčula har likevel ein årleg festival til minne om slaget, kor Marco Polo spelar ein sentral rolle.[4]

Curzola, som venetianarane kalla ho, vart ein del av Kongedømet Ungarn i 1358, men overgav seg til den bosnisk-serbiske kongen Stefan Tvrtko I sommaren 1390. Øya vart kjøpt av naborepublikken Ragusa i 1413-1417, men underkasta seg Republikken Venezia i 1420. I 1529 sokk folketalet i byen Korčula då han blei råka ein stor pest. Ein kan fortsatt sjå restane etter hus som blei brunne etter å ha hust sjuke.

I 1571 forsvarte øya seg så tappert mot den ottomanske hæren i Slaget ved Lepanto at ho fekk nemninga Fidelissima av paven.

Då Venezia vart delt mellom Frankrike og Habsburgmonarkiet, som følgje av Campoformio-traktaten i 1797, kom Korčula inn under Habsburgmonarkiet. Frankrike invaderte øya i 1806, og ho vart ein del av Dei illyriske provinsane. Dei montenegriske styrkane til Peter I Njegš erobra øya med hjelp av den russiske marinen i 1807, under det som var det andre forsøket hans på eit serbisk rike. Stormaktene gav derimot øya til Keisardømet Austerrike, og ho vart ein del av den austerrikske kronjorda Dalmatia, og frå 1867 ein del av Austerrike-Ungarn.

Under den første verdskrigen vart øya lovt bort til Italia i 1915 i London-traktaten, mot at Italia gjekk over på den britiske og franske sida i krigen. Etter krigen vart derimot Korčula (i lag med resten av Dalmatia) ein del av Staten av slovenarar, kroatar og serbarar i 1918. Han vart styrt av Italia i 1918-1921, og vart så ein del av Kongedømet av serbarar, kroatar, og slovenarar; kalla Kongedømet Jugoslavia frå 1929. Øya vart okkupert av tyskarane og til slutt frigjeve i 1944, og frå 1945 vart ho ein del av det sosialistiske Jugoslavia. Etter 1991 var øya ein del av det sjølvstendige Kroatia.

Bortsett frå skipstømmer gav Korčula sine steinbrot stein til bygningar så langt borte som Wien og Stockholm.

Hovudnæringa på øya er turisme og jordbruk, og då hovudsakleg dyrking av vindruer, oliven, frukt og fiske og skipsbygging. Sommarturismen har ein lang tradisjon på øya.

Folketalet på øya ved dei siste folketeljingane, fordelt på kommunane, var:

Folketal 2001[5]Folketal 2011[6]Folketal 2021[1]
Blato kommune3 6803 5933 330
Korčula kommune5 8895 6635 415
Lumbarda kommune1 2211 2131 209
Smokvica kommune1 012916868
Vela Luka kommune4 3804 1373 772
Øya Korčula 16 182 15 522 14 594

Busetnadene på øya var:

KommuneFolketal 2001[5]Folketal 2011[6]Folketal 2021[1]
Vela LukaVela Luka4 3804 1373 772
BlatoBlato3 6593 5703 282
KorčulaKorčula3 1262 8562 659
ŽrnovoKorčula1 2961 3681 401
LumbardaLumbarda1 2211 2131 209
SmokvicaSmokvica1 012916868
ČaraKorčula566616595
PupnatKorčula433391381
RačišćeKorčula468432379
PotirnaBlato212348

Referansar

[endre | endre wikiteksten]
  1. 1 2 3 4 5 «Population by age and sex, by settlements, 2021 Census». Narodne novine (Offisielt lysingsblad) (på kroatisk og engelsk). 2022. Henta 13. januar 2025.
  2. «The Constitution of the Republic of Croatia» (PDF) (på engelsk). Constitutional Court of the Republic of Croatia. 15. januar 2014. Henta 7. januar 2025. Offisiell omsetjing
  3. «Zakon o područjima županija, gradova i općina u Republici Hrvatskoj (Lov om territoria til fylke, byar og kommunar i Republikken Kroatia. Narodne novine (Offisielt lysingsblad) (på kroatisk). 19. juli 2006. Henta 7. januar 2025.
  4. http://www.korcula.net/mpolo/mpolo700.htm Side om Marco Polo og Korčula (engelsk)
  5. 1 2 «Census 2001; Population by age and sex, by settlements». Croatian Bureau of Statistics (på kroatisk og engelsk). Henta 13. januar 2025.
  6. 1 2 «Census of Population, Households and Dwellings 2011; Population by age and sex, by settlements» (på engelsk). Croatian Bureau of Statistics. Henta 13. januar 2025.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]