Follow You Follow Me
Follow You Follow Me Singel av Genesis frå albumet ...And Then There Were Three... | ||
B-side |
| |
---|---|---|
Utgjeve | 25. februar 1978 | |
Innspelt | September–oktober 1977 | |
Sjanger | Softrock[1] | |
Lengd |
| |
Selskap | ||
Komponist | Tony Banks | |
Låtskrivar(ar) | ||
Produsent |
| |
Genesis-kronologi | ||
«A Trick of the Tail» (1976) |
Follow You Follow Me | «Many Too Many» (1978)
|
«Follow You Follow Me» er ein song frå 1978 av Genesis. Musikken vart skriven av Tony Banks, Phil Collins og Mike Rutherford, med tekst av Rutherford.[2] Han vart opphavleg gjeven ut på albumet …And Then There Were Three…, og så som singel. Singelen vart den første av Genesis som slo igjenn i USA med topplassering på 23. plass. Singelen nådde òg 7. plass i Storbritannia.[3] Singelen bana veg for den meir radiovennlege retninga Genesis kom til å ta det neste tiåret.
Bakgrunn
[endre | endre wikiteksten]Den langsamare, sentimentale «Follow You Follow Me» var eit steg til side for det Genesis hadde laga av musikk til no, og skilde seg òg ut frå resten av albumet med ein enkel melodi, romantisk tekst og ein vers-refreng-struktur. Sjølv om tidlegare album òg hadde inneheldt kjærleiksballadar, som «More Fool Me» på Selling England by the Pound og «Your Own Special Way» frå Wind & Wuthering, vart «Follow You Follow Me» den første store popsuksessen til Genesis. Bandet var samde om at dei hovudsakleg hadde mannlege fans i publikum og skreiv denne songen spesifikt retta mot kvinner.[4]
Komposisjon
[endre | endre wikiteksten]Songen starta med ein akkordsekvens av gitarist Mike Rutherford, som òg hevdar han skreiv teksten på kring fem minutt. På den tida skreiv bandet vanlegvis songar kvar for seg, men denne songen skal ha vorte skrive i samarbeid mellom heile bandet.[2]
Musikkvideo
[endre | endre wikiteksten]Musikkvideoen for songen var ei framføring av bandet, som dei mima til. Denne kom sidan ut på DVDenThe Video Show.
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]- Phil Collins – vokal, trommer
- Tony Banks – klaverinstrument
- Mike Rutherford – gitar, bassgitar
Andre versjonar
[endre | endre wikiteksten]- Tidlegare Genesis-songar Ray Wilson spelar songen akustisk på soloalbumet hans Ray Wilson Live.
- Songen vart spelt av det amerikanske bandet Red House Painters for den første utgva av Badman's Shanti Project Collection Arkivert 2007-12-12 ved Wayback Machine..
- Eurodisco-duoen Marx & Spencer spelte inn songen i 1984.
- Songen er nytta i fjernsynsserien Cold Case (sesong 1 episode 12, «Glued»), og kan høyrast ei kort stund i filmen I Now Pronounce You Chuck and Larry frå 2007.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «en:» frå Wikipedia på engelsk, den 17. oktober 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Erlewine, Stephen Thomas. «AllMusic Review». AllMusic. Arkivert frå originalen 5 Desember 2017. Henta 24. august 2015. «Its calm, insistent melody, layered with harmonies, is a perfect soft rock hook»
- ↑ 2,0 2,1 "Genesis Look at Themselves - An Autodiscography». Trouser Press magazine, mars 1982 issue
- ↑ Genesis UK chart history, The Official Charts Company. Henta 30. september 2012.
- ↑ Genesis: A Biography, by Dave Bowler and Bryan Dray ISBN 0-283-06175-8