Chris Stewart

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Chris Stewart
Fødd27. mars 1951 (73 år)
FødestadCrawley
OpphavStorbritannia
Sjangerrock
Instrumenttrommesett
Verka somskribent, sjølvbiograf, trommeslagar, bonde

Christopher «Chris» Stewart (fødd 1950) er ein engelsk musikar, forfattar og gardbrukar. Han var den første trommeslagaren i Genesis.

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Stewart gjekk på skulen med Tony Banks og Peter Gabriel og dei tre spelte i lag i skulebandet The Garden Wall, og danna seinare eit band i lag med skulevenene Mike Rutherford og Anthony Phillips, kalla Anon. Dette bandet utvikla seg til Genesis i januar 1967. Stewart er med på dei to første singlane til bandet, «The Silent Sun»/«That's Me» og «A Winter's Tale»/«One-Eyed Hound». Sjølv om det finst fleire demoar frå tida Stewart var med i Genesis på Genesis Archive 1967-75, er han ikkje tilskriven som trommis på nokre av desse. Peter Gabriel ser ut til å ha spelt trommer på nokre og resten er utan trommis.

Jonathan King, som produserte den første plata til bandet, bad Stewart om å slutte i bandet sommaren 1968 fordi han ikkje var god nok. Han vart erstatta av John Silver. Stewart slo seg ned og kjøpte ein gard i Alpujarras i Andalucia i Spania der han framleis bur og jobbar. I 2007 vart han kommunepolitikar her.[1]

Han har skrive sjølvbiografiane Driving Over Lemons: An Optimist in Andalucia (1999) og oppfølgjarane A Parrot In The Pepper Tree og The Almond Blossom Appreciation Society (2006) om gardsarbeidet sitt i Spania.

Han har skrive sjølvbiografiane Driving Over Lemons: An Optimist in Andalucia (1999) og oppfølgjarane A Parrot In The Pepper Tree (2002) og The Almond Blossom Appreciation Society (2006) om gardsarbeidet og livet sitt i Spania. Three Ways to Capsize a Boat: An Optimist Afloat tek for seg båtliv.[2][3]

Last Days of the Bus Club (2014) handlar om at dottera dreg vekk for å gå på universitet, og livet til han og kona på garden etterpå.[4]

Verkliste[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Elecciones 27M | elmundo.es
  2. "Lemon prequel for Sort of Books" Arkivert 13. august 2009 ved Wayback Machine., The Bookseller, 9. januar 2009; henta 29. januar 2009.
  3. Three Ways to Capsize a Boat Arkivert 3. september 2014 ved Wayback Machine., Sort of Books; henta 2. september 2014.
  4. Last Days of the Bus Club Arkivert 3. september 2014 ved Wayback Machine., Sort of Books. Henta 2. september 2014.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]