Abacab

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Abacab
Studioalbum av Genesis
Utgjeve 18. september 1981
Innspelt Mai og juni 1981
Studio The Farm
(Chiddingfold i Surrey)
Sjanger
Lengd 47:03
Selskap Charisma
Produsent Genesis
Genesis-kronologi
Duke
(1980)
Abacab 3×3
(1982)


Singlar frå Abacab
  1. «Abacab»
    Utgjeve: 14. august 1981
  2. «No Reply at All»
    Utgjeve: 9. september 1981
  3. «Keep It Dark»
    Utgjeve: 23. oktober 1981
  4. «Man on the Corner»
    Utgjeve: 5. mars 1982

Abacab er det ellevte studioalbumet til det engelske rockebandet Genesis, gjeve ut den 18. september 1981 på Charisma Records. Etter turneen deira i 1980 for å marknadsføre det førre albumet deira, Duke (1980), tok bandet ein pause før dei kom saman att i 1981 for å skrive songar og spele inn eit nytt album. Abacab er det første Genesis-albumet som vart spelt inn i The Farm, eit musikkstudio kjøpt av gruppa i Chiddingfold i Surrey. Albumet markerte ei utvikling bort frå dei progressive røtene til meir tilgjengeleg og pop-orienterte songar, og den medvitne avgjersla om å skrive songar som ikkje likna på dei tidlegare albuma deira.

Abacab fekk stort sett positive meldingar frå kritikarane då det kom ut og det selde godt. Albumet gjekk til topps på UK Albums Chart og nådde sjuandeplassen på den amerikanske Billboard 200. Genesis gav ut fire singlar frå albumet og dei mest suksessrike var «Abacab» og «No Reply at All». Albumet fortsette å selje og fekk dobbel platinaplate i 1988 i USA for to millionar selde eksemplar. Abacab-turneen vitja Nord-Amerika og Europa i 1981 og innspelingar frå turneen kom ut i 1982 på konsertalbumet og videoen Three Sides Live. Tre spor som ikkje kom med på albumet kom ut på ein EP kalla 3×3. Albumet vart gjeven ut på ny i ein ny stereo- og 5.1 kringlyd-miks i 2007.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

I juni 1980 bestod Genesis av trommeslagaren og vokalisten Phil Collins, klaverspelaren Tony Banks og gitaristen Mike Rutherford, og med seg på scenen hadde dei trommeslagaren Chester Thompson og gitarist- og bassist Daryl Stuermer. Då dei var ferdig med turneen i 1980 i Storbritannia og Nord-Amerika tok dei seg ein pause. I november 1980 kjøpte bandet Fisher Lane Farm, eit gardshus med eit tilstøytande fjøs nær Chiddingfold i Surrey, som dei nytta som sitt private øvingslokakle og innspelingsstudio. Under oppussinga og byggjinga av studioet, møttes gruppa der i mars 1981 for å skrive og øve på nye songar, først i stova på gardshuset.[1][2] Abacab var det første Genesis-albumet som vart spelt inn i England sidan A Trick of the Tail (1976). Suksessen til det første soloalbumet til Collins, Face Value (1981) blømde for fullt under innspelinga. Banks meinte det ikkje gjorde mykje for å endre stilen på Abacab eller forholdet til han eller Rutherford sidan dei hadde vore vener i lang tid.[2]

Produksjon[endre | endre wikiteksten]

The Farm i 2006. Abacab var det første albumet som vart spelt inn der.

Genesis spelte inn Abacab i løpet av to månader, og arbeidde på det 14 timar dagen.[3] Det nye miljøet hadde ein produktiv effekt på låtskrivinga og bandet hadde skrive nok songar til eit dobbeltalbum, men valte å fjerne ein time med materiale fordi dei høyrdest for lik ut tidlegare album. Sjølv om bandet ikkje endra måten dei skreiv songar på for Abacab,[3] Banks sa at gruppa prøvde å unngå «Genesis-klisjear» som å bruke tamburinar på eit refreng, reprisar, lange soloar og lange instrumentalparti,[4] og halde melodiane enkle. Dette skapte ei endring i den musikalske stilen deira.[5][6] Han hevda at Abacab var det minst tekniske Genesis-albumet til då.[7] Rutherford sa at dei tok bort spor som høyrdest kjende ut for å unngå at Genesis vart ein karikatur av seg sjølv og at den musikalske endringa var naudsynt.[8][9] Han skildra seinare skriveprosessen for dette albumet og Duke, som ei «nytenking» av måten Genesis skreiv songar på, og at gruppa fokuserte på å utvikle idear som høyrdest annleis ut enn det som var normalt for dei.[9] Collins sa at bandet gjekk lenger med denne prosessen her enn på Duke: gruppeimprovisasjon og låtskriving ved hjelp av elektronikk.[9] Ei øving som ikkje førte fram til noko var ikkje lenger eit problem for gruppa, sidan dei ikkje hadde leigekostnadane av eit studio å tenkje på lenger. Dermed kunne dei stoppe og arbeidde på ein annan song.[3]

Den musikalske endringa vart òg forsterka av dei skilde veg med den faste produsenten og lydteknikaren sin, David Hentschel, som hadde arbeidd med dei sidan 1975. Erstattaren hans, Hugh Padgham, vart valt etter å ha arbeidd på Face Value og den tidlegare Genesis-songaren Peter Gabriel sitt tredje soloalbum der Collins spelte trommer.[10] Sporet «Intruder» nytta ein gated reverb-effekt på trommene til Collins, som bandet likte og ønskte at Padgham skulle bruke Abacab.[6] Då dei førte trommene i framgrunnen på denne måten endra Banks måten han skreiv songar og spelte klaverinstrumenta sine på, noko han syns var spanande.[6] Bandet likte den friske tilnærminga til Padgham. Banks hugsa at dei attraktive ideane for trommene og mangelen på kunnskap om korleis han skulle handsame klaverinstrumenta gjorde at Banks kunne utforske og oppnå lydane han likte.[3] Bandet rekna Abacab som eit album som nært representerte den naturlege live-lyden deira, i motsetnad til dei tidlegare albuma deira. For første gongen i historia til bandet vart albumet oppført som produsert av Genesis aleine. Pagham er berre oppført som lydteknikar.[11] Bandet laga forskjellige miksar av dei ferdige songane og valte ut den miksen dei likte best.[3]

Plateomslag[endre | endre wikiteksten]

Plateomslaget vart designa av den engelske kunstnaren Bill Smith, som hugsa at gruppa var vanskeleg å designe for sidan «dei berre visste kva dei ikkje likte».[12][13] Designet kom til etter at Rutherford såg ei samling av opprive papir for eit bokdesign i skisseboka til Smith. Smith skapte så eit liknande bilete med fire forskjellige fargar.[12]

Songar[endre | endre wikiteksten]

Abacab består av ni spor. Seks av dei er skrivne av gruppa, og dei andre tre er tilskriven kvart av dei tre medlemmane: «Me and Sarah Jane» av Banks, «Man on the Corner» av Collins og «Like It or Not» av Rutherford.[13][3]

Side ein[endre | endre wikiteksten]

Rutherford snakka om korleis «Abacab» var arrangert: «Det var tre bitar av musikk i 'Abacab', og me kalla dei 'seksjon a', 'seksjon b' og 'seksjon c' ... og til forskjellige tider var dei i ulik rekkjefølgje. Me byrja med 'seksjon a' og hadde så 'seksjon c' ... og på eit tidspunkt stava desse Abacab. På den endelege versjonen er det ikkje slik i det heile, det er meir som 'Accaabbaac'.»[9] Songen utvikla seg frå ein jam der dei spelte over ei trommesløyfe på eit lydband fram til dei gjekk tom for lydband.[3]

«No Reply at All» hadde med medlemmar av Phenix Horns.

«No Reply at All» er ein rhythm and blues-aktig song med Phenix Horns frå det amerikanske bandet Earth, Wind & Fire.[14] Dette var første gongen Genesis brukte musikarar utafrå sidan ein strykeseksjon som hadde spelt på debutalbumet deira, From Genesis to Revelation (1969).[15] Bandet ønskte å etterlikne ein blåsarlyd dei hadde nytta på somme delar av Duke, og Collins hadde brukt Phenix Horns på Face Value. Han føreslo for Banks og Rutherford at dei kunne spele på songen. Collins meinte blåsarane var eit bra trekk for å «brått riste folk ut av autopiloten» om korleis dei trudde Genesis høyrdest ut.[16] Banks var først motvillig til å bruke dei på sporet, men likte til slutt songen då han var ferdig.[3] På øvingane spelte Banks ein trommemaskin medan Rutherford og Collins spelte høvesvis gitar og trommer, og spelte til dei hadde funne idear og sekvensar som fungerte. Collins hadde ein ide om å skrive ein song som The Jackson 5 kunne ha ønskt å spele inn og rettleia bandet i ei retning dei aldri hadde gått i før. Collins skreiv teksten.[17]

«Me and Sarah Jane» oppstår frå opptak gruppa hadde spelt inn den andre innspelingsdagen deira.[3]

«Keep It Dark» fortel ei soge om ein mann som vert teken til ein surrealistisk og fredfull planet, men fortel det ikkje til nokon fordi han trur ingen vil tru på han. Den originale arbeidstittelen var «Odd», og vart eit av favorittspora til Banks. Bandet tok to taktar av eit trommemønster dei tidlegare hadde spelt inn og spelte songen over dette.[4]

Side to[endre | endre wikiteksten]

Teksten til «Dodo» og «Lurker» var skrivne av Banks. Han tok med ei gåte i «Lurker» og fekk fansen til å lure på kva svaret eigentleg var. I eit intervju i 1997 sa han: «Det er eigentleg ikkje noko løysing. Det var berre ein spøk. Eg hadde eigentleg ikkje ein spesifikk ide i tankane.»[18]

Banks skildra «Who Dunnit?» som «eit verkeleg eingangsstykke».[4] Med trommer, gitar og ein analog Prophet-5-synthesizer, fekk han dei forvrengde klaverlydane ved å endre førehandsinnstillingane medan han spelte tonane.[7] Han pressa Collins og Rutherford til å spele inn ideane han hadde for sporet, og Collins skriv teksten.[6] Padgham ønskte trommene på sporet til å vere høglydte, og ikkje som typiske trommelydar frå 1970-åra.[19] Rutherford spelte trommer i lag med Thompson på konsertversjonar av songen.[20] Medan gruppa vurderte den endelege sporlista for Abacab, meinte sjefen i Atlantic Records, Ahmet Ertegun, at «Who Dunnit?» skulle vere med.[6] På eit tidspunkt vurderte Genesis «Who Dunnit?» som singel.[7]

Andre songar[endre | endre wikiteksten]

Blant songane som ikkje kom med på albumet vart tre plukka ut for ein EP, 3×3.[4] Desse var «Paperlate», «You Might Recall» og «Me & Virgil», som kom ut på den nordamerikanske utgåva av det tredje konsertalbumet deira, Three Sides Live. Begge kom ut i 1982. To andre songar, «Naminanu» og «Submarine», som opphavleg var ein del av ein fire songar lang suite i lag med «Dodo/Lurker», vart gjevne ut på B-sider til singlar frå albumet.

Utgjeving[endre | endre wikiteksten]

Abacab kom ut 18. september 1981 i Storbritannia på Charisma Records og 24. september 1981 i USA på Atlantic Records. Det vart gjeve ut samstundes med fire forskjellige fargemønster på omslaget.

I 2007 vart Abacab ommastra med ny stereo- og 5.1 kringlyd-miks og bonusspor, som ein del av plateboksen Genesis 1976–1982.

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic4.5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar half.svg[21]
Q2/5 starsStar full.svgStar empty.svgStar empty.svgStar empty.svg[23]
Rolling Stone3/5 starsStar full.svgStar full.svgStar empty.svgStar empty.svg[22]
The Rolling Stone Album Guide4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[24]

I ei melding for Melody Maker skreiv Paul Colbert at albumet var det minst konsistente albumet deira og derfor mindre føreseieleg. Han la merke til ein «tung PC-tvist [Phil Collins] i lyden» på «Man on the Corner» og «No Reply At All», men «han får ikkje regjere heilt aleine». Colbert meinte at Genesis hadde skapt «eit par Frankensteinar»som siste halvdel av «Abacab», som han meinte var «ustrukturert» og «uinspirert» samanlikna me dei tidlegare instrumentalane deira. Han meinte «Keep It Dark» og «Who Dunnit?» var «dei mest spanande og nyskapande» bandet hadde skapt på fleire år, og konkluderte med at albumet var «langt meir lovande» enn Duke eller ...And Then There Were Three....[25] Ken Kubernik i Los Angeles Times lurte på om suksessen til soloalbumet til Collins, Face Value, påverka gruppa og svart sjølv, «Ja og nei.» Han likte «dei tjukke, resonante instumentale passasjane, dei kunstferdige bileta i teksten og den glimrande produksjonen», men «under overflata er det nokre nye rynker i varemerkestilen til Genesis», og meinte det var færre harmoniar til fordel for ein enklare vokal og at trommelyden til Collin var erstatta av klaverinstrumenta til Banks. Kubernik likte derimot godt vokalen til Collins.[26] Jim Bohen for Daily Record meinte Abacab hadde teke retninga si frå Face Value med ein struktur basert på «ein stor, drønnande trommelyd». Han skreiv at instrummenteringa er mindre beherska enn på tidlegare Genesis-album. «Who Dunnit?» vart skildra som «ein Ian Dury-aktig tongue-twister», men meinte «Dodo/Lurker», «Like It or Not» og «Another Record» var «mindre merkverdige». Bohen konkluderte med at albumet «dreg endeleg denne trioen av kunstrockarar inn i 80-åra».[27]

David Fricke i Rolling Stone hylla albumet for å kasta av seg «elfenbeinstårn-kunsten» frå dei tidlegare albuma deira, og vendt seg mot enklare arrangement og «særs rytmisk samspel» og trekt inspirasjon frå populære samtidige artistar som XTC og The Police.[22] I ei seinare melding for AllMusic skreiv Stephen Thomas Erlewine noko liknande, og erklærte at «Duke synte eit nytt Genesis... men Abacab var der denne nye inkarnasjonen av bandet verkeleg kom til sin rett.» Han hevda òg at albumet var langt rikare på pop-strofer og meir tilgjengeleg enn den tidlegare musikken deira og at i hjartet var Abacab «sann, moderne kunstrock, og det siste albumet deira som komfortabelt kunne bere den merkelappen.»[21]

Turrné[endre | endre wikiteksten]

Chester Thompson og Collins på turné i 1981 under ei framføring av «Who Dunnit?»

Genesis turnerte for å marknadsføre Abacab frå september til desember 1981, og dekte Europa og Nord-Amerika. Opptak frå konsertane i New York City og Birmingham i England vart gjevne ut på Three Sides Live året etter. Turnen var òg første gongen dei nytta det automatiske lyssystemet Vari-Lite, som Genesis investerte i.[28]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songane er skrivne av Tony Banks, Phil Collins og Mike Rutherford, utanom der andre er nemnde. Alle songane er arrangerte og framførte av Genesis.[13]

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Abacab» 6:58
2.«No Reply at All» 4:33
3.«Me and Sarah Jane»Banks6:02
4.«Keep It Dark» 4:33
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Dodo»/«Lurker» 7:31
2.«Who Dunnit?» 3:22
3.«Man on the Corner»Collins4:28
4.«Like It or Not»Rutherford4:58
5.«Another Record» 4:38
Total lengd:47:03

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Henta frå plateomslaget.[13]

Genesis

Andre medverkande

Produksjon

  • Genesis – produsent
  • Hugh Padgham – lydteknikar
  • Bill Smith – plateomslag
  • Carol Willis – prosjektkoordinator
  • Tony Smith – manager

Salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Region Pris Dato
Frankrike – SNEP Gull (100 000 einingar) 1981[29]
Tyskland – BVMI Gull (250 000 einingar) 1988[30]
Italia – AFI Gull (50 000 einingar) 25 Oktober 1981[31]
Storbritannia – BPI Gull (100 000 einingar) 24. september 1981[32]
USA – RIAA 2x platina (2 000 000 einingar) 11. februar 1988[33]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Abacab» frå Wikipedia på engelsk, den 18. mars 2020.
  • Banks, Tony; Collins, Phil; Gabriel, Peter; Hackett, Steve; Rutherford, Mike (2007). Dodd, Philipp, red. Genesis. Chapter and Verse. Weidenfeld & Nicolson. ISBN 978-0-297-84434-1. 
  • Bowler, Dave; Dray, Bryan (1992). Genesis – A Biography. Sidgwick & Jackson. ISBN 978-0-283-06132-5. 
  • Welch, Chris (2011). Genesis: The Complete Guide to Their Music. Omnibus Press. ISBN 978-0-857-12739-6. 
  • Banks, Tony; Collins, Phil; Rutherford, Mike. (2. april 2007). Genesis 1976–1982 [Abacab]. [DVD]. EMI Records. UPC 081227998738. 
  1. Genesis 2007, s. 238.
  2. 2,0 2,1 Welch 2011, s. 100.
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 3,5 3,6 3,7 3,8 Fielder, Hugh (26. september 1981). «The Great Escape». Sounds: 18–20. Henta 18. mars 2020. 
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 Welch 2011, s. 101.
  5. Bowler & Dray 1992, s. 170.
  6. 6,0 6,1 6,2 6,3 6,4 Reissues Interview 2007.
  7. 7,0 7,1 7,2 Hewitt, Alan (28. september 1981). ««What The Band Said» - A look at some of the radio interviews given to promote the Abacab album». Henta 23. februar 2020. 
  8. Neer, Dan (1985). Mike on Mike [interview LP], Atlantic Recording Corporation.
  9. 9,0 9,1 9,2 9,3 Fischer, Mark (host); Rutherford, Mike; Collins, Phil (September 2006) [3. september 2001]. ««Duke/Abacab» 25th Anniversary». In the Studio with Redbeard. Episode 689. Beardedfisch – via YouTube. 
  10. Flans, Robyn (1. mai 2005). «Classic Tracks: Phil Collins' In the Air Tonight». Mix. Arkivert frå originalen 17 Mars 2007. Henta 18. mars 2020. 
  11. Bowler & Dray 1992, s. 171.
  12. 12,0 12,1 «An Interview with Bill Smith - Album Cover Designer Extraordinaire». Arkade. Henta 23. februar 2020. 
  13. 13,0 13,1 13,2 13,3 Abacab. Charisma Records. 1981. CBR 102. 
  14. Bowler & Dray 1992, s. 175.
  15. «Genesis – Abacab Press Kit». Atlantic Records. 1981. Henta 18. mars 2020 – via The Genesis Archive. 
  16. «Genesis: A Revelation». International Musikar and Recording World: 23, 25, 27, 29. Mars 1982. Henta 18. mars 2020. 
  17. «Phil Collins Interviews - Hitmen - 1986 Part Two». Hitmen. 1986. Arkivert frå originalen 1. august 2008. Henta 18. mars 2020. 
  18. Parker, Joe (1997). «Genesis». Record Collector: 41. Henta 11. august 2018. 
  19. Welch 2011, s. 102.
  20. Smith, Robin (18 Desember 1981). «The Big Creep's Way». Record Mirror. Henta 18. mars 2020. 
  21. 21,0 21,1 Abacab Genesis Allmusic.com, Stephen Thomas Erlewine
  22. 22,0 22,1 Fricke, David (26. november 1981). Abacab review, Rolling Stone.
  23. Andy Fyfe Q, 2007. mai Issue 250.
  24. Nathan Brackett; Christian David Hoard (2004). The new Rolling Stone album guide. New York: Simon & Schuster. s. 328. ISBN 978-0-7432-0169-8. 
  25. Colbert, Paul (1981). «New values». Melody Maker. Henta 13. mars 2020. 
  26. Kubernik, Ken (18. oktober 1981). «Genesis turns loss into gain». The Los Angeles Times. Henta 13. mars 2020. 
  27. Bohen, Jim (18. november 1981). «Shortcuts – Genesis – Abacab». Daily Record (Morristown, New Jersey). s. 56. Henta 17 Desember 2017 – via Newspapers.com. 
  28. «Vari-Lite - Philips Entertainment». www.vari-lite.com (på engelsk). Henta 18. mars 2020. 
  29. «Les Certifications Officielles des Formats Longs ((33 T. / CD / Albums / Téléchargements depuis 1973)» (på fransk). InfoDisc.fr. Henta 16. november 2016. 
  30. «Datenbank» (på tysk). Bundesverband Musikindustrie. Henta 16. november 2016. 
  31. Multiple sources: «TV Sorrisi e Canzoni». News report from 25 Oktober 1981. (Italian); «Musica e Dischi» Publication (#424) Oktober 1981. (Italian).
  32. «Certified Awards». British Phonographic Industry. Henta 16. november 2016. 
  33. «Gold & Platinum». Recording Industry Association of America. Henta 16. november 2016.