Watcher of the Skies

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Watcher of the Skies
Singel av Genesis
frå albumet Foxtrot
B-side

Willow Farm

Utgjeve 6. oktober 1972
Innspelt August 1972
Sjanger Progressiv rock[1]
Lengd 7:23
3:42 (singel)
Selskap Charisma/Virgin (Storbritannia)
Atlantic (USA)
Tekstforfattar Peter Gabriel
Låtskrivar(ar) Tony Banks, Phil Collins, Peter Gabriel, Steve Hackett, Mike Rutherford
Produsent David Hitchcock frår Gruggy Woof
Genesis-kronologi 
Happy the Man
(1972)
Watcher of the Skies I Know What I Like (In Your Wardrobe)
(1973)


«Watcher of the Skies» er den første songen på albumet Foxtrot av Genesis frå 1972. Tittelen er lånt frå John Keats-diktet «On First Looking into Chapman's Homer» frå 1817:

Then felt I like some watcher of the skies
When a new planet swims into his ken;[2]

Songen opna ofte konsertane til bandet og eit konsertopptak finst på albumet Genesis Live frå 1973. Songen opnar med ein introduksjon spelt på Mellotron. I følgje Tony Banks var introduksjonen meint å ta nytte av dei tonale styrkane til Mellotron-modellen han nytta på denne tida:

«Det var gjort melodramatisk med vilje for å mane fram eit inntrykk av utruleg storleik. Det var ein usedvanleg lyd. På den gamle Mellotron Mark 2 var det desse to akkordane som høyrdest verkeleg bra ut på det instrumentet. Det var somme akkordar du aldri kunne spele på det instrumentet fordi dei ville vere så ustemte. Desse akkordane skapte ein utruleg atmosfære. Det er derfor det er eit særs bra introduksjonsnummer. Han høyrdest aldri så bra ut på den seinare Mellotronen».[3]

Dei to akkordane det er snakk om er Hmaj7/F# og C#/F#.[4] Den lange klaverintroduksjonen glir over i hovuddelen, der ein staccato enkel note vert repetert i 6/4-takt (liknande rytmen i 5/4-takt frå «Mars» i Gustav Holst sin Planetane) spelt over eit mønster med vedvarande orgelakkordar. Etter versa kjem det ein uvanleg polyrytme-del, der staccatoriffet vert endra til 8/4-takt, spelt mot ein Mellotron/orgeldel i 6/4-takt.

Teksten vart skriven av Banks og Mike Rutherford under ein lydsjekk for ein konsert i Napoli. Medan dei såg over det aude landskapet ved flyplassen der dei øvde, lurte dei på korleis ei folketom jord ville sjå ut for eit romvesen som vitja jorda.

Han opna konsertane til bandet i 1972-1974 og vart spelt fast på konsertane deira til inn i 1980-åra. I nyare år har han vorte spelt som ein medley i lag med songen «It» (frå The Lamb Lies Down on Broadway), som ein kan høyre på Three Sides Live. Songen vart aldri framført med tekst etter at Gabriel slutta i bandet.

«Watcher of the Skies», Gabriel i Toronto i 1974

Under konsertane hadde Peter Gabriel på seg store flaggermusvengjer på sida av hovudet, UV-sminke krig augo som lyste i ultrafiolett lys og ei mangefarga kappe.

Songen vart spelt inn på ny i 1972 i ein heilt annleis og forkorta singelversjon. Denne versjonen vart gjeven ut på ny i 1998 på plateboksen Genesis Archive 1967-75.

Songen vart framført av Phish under seremonien for Rock & Roll Hall of Fame i 2010, då Genesis vart innlemma i æresgalleriet.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]