The Knife

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
The Knife (Part 1)
Singel av Genesis
frå albumet Trespass
B-side «The Knife (Part 2)»
Utgjeve Mai 1971
Innspelt 1970
Sjanger Progressiv rock, hardrock, heavy metal
Lengd 8:57
Selskap Charisma/Virgin (UK)
MCA (US/Canada)
Låtskrivar(ar) Tony Banks, Peter Gabriel, Anthony Phillips, Mike Rutherford
Produsent John Anthony
Genesis-kronologi
«Where The Sour Turns To Sweet» / «In Hiding»
(1969)
The Knife (Part 1) = «Happy the Man» / «Seven Stones»
(1972)

«The Knife» er ein song av det progressive rockebandet Genesis frå det andre albumet deira Trespass frå 1970. Han vart ofte spelt på konsertane til bandet dei første åra og eit konsertopptak finst på Genesis Live frå 1973). Han vart òg sporadisk spelt på konsertar heilt fram til 1982 (etter 1975 i ein forkorta versjon). Den første halvdelen av songen vart gjeven ut som singel i mai 1971 (med den andre halvdelen som B-side), men gjekk ikkje inn på singellistene.

Songen var uvanleg aggressiv for å vere Genesis på denne tida, då dei fleste songane deira bestod av dempa, akustiske songar med poetiske tekstar. Songen starta med eit hoppande, marsjliknande orgelriff med tungt forvrengd gitar og bass, og kaotisk tromming. Peter Gabriel sa han ønskte å skrive noko som hadde stemninga som «Rondo» av The Nice hadde. I teksten var Gabriel inspirert av ei bok om Gandhi, «wanted to try and show how all violent revolutions inevitably end up with a dictator in power».[1]

«The Knife» vart vanlegvis framført som ekstranummer. Under ein konsert i juni 1971 vart Peter Gabriel så riven med mot slutten av songen at han hoppa frå scenen og ut i publikum, og braut okla som følgje av dette.

Songen vart spelt som siste ekstranummer under «Six of the Best»-konserten i 1982, som var ei gjenforeining av den klassiske besetninga til Genesis.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Michael Ostrich: Genesis Frequently Asked Questions List Version 2.6: 5.06 - What was the inspiration that created The Knife? October 31, 1999 (Internet Archive)