Calling All Stations

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Calling All Stations
Studioalbum av Genesis
Utgjeve 1. september 1997
Innspelt Januar til juni 1997
Studio The Farm, Chiddingfold, Surrey
Sjanger
Lengd 67:42
Selskap Virgin
Produsent
Genesis-kronologi
The Way We Walk, Volume Two: The Longs
(1993)
Calling All Stations Genesis Archive 1967–75
(1998)


Singlar frå Calling All Stations
  1. «Congo»
    Utgjeve: 15. september 1997
  2. «Shipwrecked»
    Utgjeve: 1. desember 1997
  3. «Not About Us»
    Utgjeve: 23. februar 1998

Calling All Stations er det femtande og siste studioalbumet til det engelske rockebandet Genesis, gjeve ut 1. september 1997 på Virgin Records. Det vart spelt inn etter at Phil Collins hadde slutta i bandet i 1996 og enda den 25 år lange perioden hans i bandet. Dei attverande medlemmane, klaverspelaren Tony Banks og gitaristen og bassisten Mike Rutherford, valte å halde fram å skrive ny musikk for eit album. Etter å ha hatt folk på prøvespeling i 1996, valte dei den skotske songaren Ray Wilson som den nye songaren i Genesis

Calling All Stations fekk stort sett negativ omtale då det kom, som meinte det mangla retning. Rolla til Wilson vart likevel positivt motteke. Albumet selde dårleg samanlikna med tidlegare album, men nådde andreplassen på albumlista i Storbritannia.[2] Det nådde 54. plassen i USA.[2][3] Dette markerte første gongen dei ikkje nådde topp 50 i USA sidan 1973. «Congo», den første av tre singlar frå albumet, nådde 29. plassen i Storbritannia.[2] Genesis turnerte i Europpa i 1998, men vitja ikkje USA på grunn av låge billettsal. Gruppa vart oppløyst etter turneen og kom først saman att med Collins i 2006 for Turn It On Again-turneen.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Skotske Ray Wilson erstatta Phil Collins på solovokal.

Mot slutten av We Can't Dance-turneen i november 1992, tok bandet ein pause. Dei kom saman att for ein enkelt, veldedig konsert i september 1993. Phil Collins tok oppatt solokarrieren og gav ut Both Sides, klaverspelaren Tony Banks spelte inn eit album med Jack Hues under prosjektet Strictly Inc., og Mike Rutherford heldt fram med bandet sitt Mike + the Mechanics. I midten av 1995 sa Collins etter ein veldedig solokonsert med albumet Both Sides, som han rekna som særs positivt, han syns det var ukomfortabelt å syngje Genesis-songar. «For første gongen kjende eg meg som ein skodespelar som spelte ein annan si rolle.»[4] Etter eit bandmøte med manageren Tony Smith sommaren 1995, slutta Collins.[5] Ei pressemelding som annonserte dette kom i mars 1996.

Banks og Rutherford valte å halde fram og byrja å skrive nye songar i lag i januar 1996 for å sjå om det var verdt å halde fram med Genesis.[5] Etter dei hadde fått ned nokre idear, var dei nøgde med resultatet og byrja å sjå seg om etter ein ny songar. På dette stadiet hadde dei grunnstrukturen for heile Calling All Stations, men dei hadde ikkje skrive nokre tekstar. Kort tid etter albumet kom ut, samanlikna Wilson materialet som ei blanding av den tidlege progrockstilen deira og den seinare, meir kommersielle stilen.[6]

Dei to sterkaste kandidatane var den engelske songaren David Longdon, no i Big Big Train og den skotske songaren og gitaristen Ray Wilson frå det grunge-aktige bandet Stiltskin. Longdon-songen «Hieroglyphics of Love» fekk merksemda til produsenten Nick Davis, som sendte han vidare til Banks og Rutherford. Dei likte det godt nok til å invitere han til studio for å prøvesyngje.[7] Banks likte vokalen til Wilson etter å ha høyrt det første albumet til Stiltskin, The Mind's Eye (1994).[5] For den første prøvespelinga, song Wilson ein Genesis-song der vokalen til Collins var teken bort. På den andre prøvesyngjinga vart han spurt om å bidra med vokale idear til den nye musikken Banks og Rutherford hadde skrive, og song og nynna idear der og då. Opptak frå denne innspelinga vart nytta av Banks til å skape versa til «There Must Be Some Other Way».[6] I november 1996 valte Banks og Rutherford Wilson som den nye songaren. Longdon sa Rutherford ringde han med meldinga medan Banks sende han eit julekort med «ei lang melding.»[7] At Wilson var blitt medlem av bandet, vart ikkje offentleggjort før 6. juni 1997.[8]

Innspeling[endre | endre wikiteksten]

Trommeslagarar på Calling All Stations var den israelske Nir Zidkyahu og amerikanske Nick D'Virgilio. Det vart spelt inn med RADAR, ein type ikkje-lineær digital lydinnspeling som kunne spele inn 24 spor samstundes til ein datamaskin.[5]

Wilson sa han hadde «ganske lite» å kome med til albumet.[6] Wilson hugsa han fekk frie tøyler med vokalen sin på songane til Rutherford, fordi han «ikkje visste kva han ville ha før han høyrde det», medan Banks hadde spesifikke idear frå starten av.[6]

Songar[endre | endre wikiteksten]

«Calling All Stations» var det første sporet Banks og Rutherford skreiv for albumet og det meste av originalopptaka vart nytta på den ferdige versjonen. Han vart nytta som opningsspor fordi han hadde ein tyngre rockestil og ei dramatisk stemning.[5] Arrangemtet på songen gjekk gjennom fleire endringar, sidan Banks og Rutherford fekk Wilson til å syngje forskjellige melodilinjer for å sjå kva han klarte med røysta si. Wilson plukka «Calling All Stations» som favorittsongen hans frå albumet.[5]

Teksten til «Small Talk» vart skriven av Wilson.[6]

Utgjeving[endre | endre wikiteksten]

Albumet kom ut i Europa den 26. august 1997 med ein direkte pressekonferanse, intervju og ei akustisk framføring på tysk fjernsyn og VH1 frå Fernsehturm Berlin. To dagar seinare hadde dei ein tilsvarande pressekonferanse på Kennedy Space Center i Florida.[8]

Calling All Stations nådde andreplassen på albumlista, og vart det første albumet til Genesis som ikkje nådde toppen av lista sidan ...And Then There Were Three... (1978).[2] Det gjorde det mykje dårlegare i USa, der det nådde 54. plassen på Billboard 200. Dermed vart Calling All Stations det første Genesis-albumet sidan Selling England by the Pound (1973) som ikkje nådde topp 50 der.

Ein Super Audio CD/DVD-versjon med ny miks i stereo og 5.1 kringlyd kom ut i september 2007.

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic1.5/5 starsStar half.svgStar empty.svgStar empty.svgStar empty.svg[9]
Blender1/5 starsStar empty.svgStar empty.svgStar empty.svgStar empty.svg[10]
Chicago Tribune0.5/4 starsStar empty.svgStar empty.svgStar empty.svg[11]
Entertainment WeeklyC−[12]
Rolling Stone2/5 starsStar full.svgStar empty.svgStar empty.svgStar empty.svg[13]
The Rolling Stone Album Guide2.5/5 starsStar full.svgStar half.svgStar empty.svgStar empty.svg[14]

Steve Knopper skreiv om albumet for Chicago Tribune og kalla det «ein formlaus masse av synthlydar» og meinte at den nye songaren Ray Wilson har «ikkje sjølvtillit eller personlegdom, heller ikkje visjonen til å avverje dei buktande ideane til bandkollegaene».[11] Både AllMusic og Rolling Stone skreiv at Ray Wilson var ein høvande erstatning for Collins, men at albumet i det heile mangla gode songar. Begge skreiv òg om den rare blandinga av kunstrock og pop som ikkje klarte å fange tiltalande element frå nokon av sjangrane. Rolling Stone oppsummerte det som «eit kunstrockalbum av Mike and the Mechanics».[9][13] I 2014 avskreiv Stevie Chick i The Guardian albumet som «uforklarleg».[15]

Turné[endre | endre wikiteksten]

Etter det dårlege salet av albumet vart ein 27 konsertar lang turné i Nord-Amerika først planlagt for november 1997, men så avlyst[8] på grunn av dårlege billettsal. Ein 22 konsertar lang turné på mindre spelestader vart òg avlyst.

Genesis spelte 47 konsertar i Europa frå 29. januar til 31. mai 1998. Dei hadde med seg Zidkyahu på trommer, perkusjon og korvokal og den irske musikaren Anthony Drennan på gitar og bass.

Genesis tok ein pause etter turneen og kom først saman att, denne gongen med Collins attende, i 2006 for Turn It On Again-turneen.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songane er skrivne av Tony Banks og Mike Rutherford, utanom der andre er nemnde.

Nr.TittelLengd

B-sider[endre | endre wikiteksten]

Nr.TittelLengd

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Henta frå plateomslaget.

Genesis

Andre medverkande

  • Nick D'Virgilio – trommer på «Alien Afternoon» (første halvdel), «If That's What You Need», «Uncertain Weather», and «Small Talk», perkusjon
  • Nir Zidkyahu – trommer på «Alien Afternoon» (andre halvdel) og alt anna, perkusjon

Produksjon

  • Tony Banks – produsent
  • Mike Rutherford – produsent
  • Nick Davis – produsent, lydteknikar
  • Ian Huffam – assisterande lydteknikar
  • Geoff Callingham – teknisk assistent
  • Mike Bowen – teknisk assistent
  • Dale Newman – generell assistent
  • Wherefore ART? – design
  • Kevin Westernberg – fotografi
  • Peter Robathan – fotografi

Salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Årslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1997) Plassering
Den tyske albumlista[16] 33
Region Salstrofé Salstal
Frankrike (SNEP)[17] Gull 100 000*
Tyskland (BVMI)[18] Gull 250 000^
Polen(ZPAV)[19] Gull 50 000*
Sveits(IFPI Switzerland)[20] Gull 25 000x
Storbritannia (BPI)[21] Gull 100 000^

*salstala er basert på sertifiseringa aleine
^salstala er basert på sertifiseringa aleine

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. http://www.allmusic.com/album/calling-all-stations-mw0000026641
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 Genesis UK chart history, The Official Charts. Henta 14. november 2017.
  3. Calling All Stations USA chart history, Billboard.com. Henta 25. mars 2020.
  4. https://thegenesisarchive.co.uk/news-pc-phil-ponders-life-without-genesis-tallahassee-democrat-29th-july/
  5. 5,0 5,1 5,2 5,3 5,4 5,5 Hewitt, Alan; Pound, Simon (22. august 1997). ««An Alien Afternoon with Tony Banks» – Tony talks to TWR about the new Genesis album at The Farm». The Waiting Room Online. Henta 9. juli 2019. 
  6. 6,0 6,1 6,2 6,3 6,4 http://www.twronline.net/issues/twr36/twr36_chidd.htm
  7. 7,0 7,1 Giammetti, Mario (November 2010). «David Longdon exclusive interview for 'Dusk'». Dusk.it. Henta 9. juli 2019. 
  8. 8,0 8,1 8,2 «Genesis - Calling All Stations - Press Kit». Virgin Records. August 1997. Henta 25. mars 2020 – via The Genesis Archive. 
  9. 9,0 9,1 Erlewine, Stephen Thomas. Album review, AllMusic. Henta 25. mars 2020.
  10. Blender magazine Arkivert 19. april 2009 ved Wayback Machine.
  11. 11,0 11,1 Knopper, Steve (26. september 1997). «Calling All Stations review». Chicago Tribune. Henta 13 Desember 2013. 
  12. Schinder, Scott (5. september 1997). «Calling All Stations review». Entertainment Weekly. Henta 23. mars 2020. 
  13. 13,0 13,1 Wild, David (10 Desember 1997). «Genesis: Calling All Stations : Music Reviews». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 2. mai 2008. Henta 23. mars 2020. 
  14. Nathan Brackett; Christian David Hoard (2004). The new Rolling Stone album guide. New York: Simon & Schuster. s. 328. ISBN 978-0-7432-0169-8. 
  15. Chick, Stevie (3. september 2014). «Genesis: 10 of the best». The Guardian (London). Henta 24. mars 2020. 
  16. «Top 100 Album-Jahrescharts» (på tysk). GfK Entertainment. Henta 25. mars 2020. 
  17. «French album salstrofé – Genesis – Calling All Stations» (på fransk). Syndicat National de l'Édition Phonographique. 
  18. «Gold-/Platin-Datenbank (Genesis; 'Calling All Stations')» (på tysk). Bundesverband Musikindustrie. 
  19. «Polish album salstrofé – Genesis – Calling All Stations» (på polsk). Polish Producers of Audio and Video (ZPAV). 
  20. «The Official Swiss Charts and Music Community: Awards (Genesis; 'Calling All Stations')». Hung Medien. 
  21. «British album salstrofé – Genesis – Calling All Stations». British Phonographic Industry.  Enter Calling All Stations in the field Search. Select Title in the field Search by. Select album in the field By Format. Click Go