John Mayhew
| John Mayhew | |||
| Fødd | 27. mars 1947 | ||
|---|---|---|---|
| Fødestad | Ipswich i England | ||
| Død | 26. mars 2009 (61 år) | ||
| Dødsstad | Skottland | ||
| Opphav | London i England | ||
| Aktiv | 1969–2006 | ||
| Sjanger | Klassisk, rock, progressiv rock | ||
| Instrument | Trommer, perkusjon | ||
| Verka som | trommeslagar | ||
John Mayhew (27. mars 1947–26. mars 2009) var den tredje trommeslagaren (samt perkusjonist og vokalist) for det engelske rockebandet Genesis. Han erstatta den tidlegare trommisen John Silver i august 1969. Han er med på albumet Trespass og plateboksen Genesis Archive 1967-75. Han vart i august 1970 erstatta av Phil Collins.
Det var lite som var kjend om kvar Mayhew forsvann etter han slutta i Genesis. Honorara hans for Trespass vart ikkje henta og det var spekulasjonar om at han var død eller sakna. I 1982 flytta han til Australia der han jobba som snikkar.
I 2006 deltok han på ein Genesis-konvensjon i London i lag med Anthony Phillips og Steve Hackett, og spelte trommer med dette bandet på «The Knife».
Mayhew døydde av hjarteproblem i Skottland i 2009, dagen før han fylte 62 år. Han hadde då arbeidd her som møbelsnikkar.[1]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «John Mayhew» frå Wikipedia på engelsk, den 20. september 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: