No Son of Mine

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
No Son of Mine
Singel av Genesis
frå albumet We Can't Dance
B-side Living Forever
Utgjeve 21. oktober 1991
Innspelt The Farm i Surrey i 1991
Sjanger Progressiv rock, poprock
Lengd 4:41 (radioversjon)
6:39 (album)
5:44 (ny edit 1999)
Selskap Atlantic, Virgin
Låtskrivar(ar)
Tekst: Phil Collins
Musikk: Tony Banks, Phil Collins, Mike Rutherford
Produsent Genesis, Nick Davis, Robert Colby
Genesis-kronologi
«Throwing It All Away»
(1987)
No Son of Mine «I Can't Dance»
(1991)


«No Son of Mine» er ein song av det britiske rockebandet Genesis frå albumet deira We Can't Dance i 1991. Det vart den første singelen som vart gjeven ut frå albumet og nådde sjetteplassen i UK og 12. plass i USA. I tillegg nådde han Topp 10 i mange europeiske land, mellom anna ein fjerdeplass i Noreg.

Tekst og musikk[endre | endre wikiteksten]

Songen fortel soga om ein gut som rømmer heimefrå på grunn av mishandling i heimen, men vel å kome heim att og blir då kraftig irettesett av faren. Phil Collins har sagt at han skreiv teksten slik at det skulle vere uklårt om det var forteljaren eller mora som var offer for mishandlinga.

Videoen for songen er melankolsk og filma i sepiafarge. Videoen syner i røynda det teksten fortel, som er ein samtale mellom ein son og faren. Etter kvart ser ein snøflak som fyk vilt inne i huset, før ein etter kvart for sjå at heile scenen finn stad i ei snøkule som sonen held.

Songen har ein særeigen lyd i introduksjonen og andre stader i songen. Denne lyden vart av bandet kalla «elephantus» og vart skapt av Tony Banks då han tok opp lyden av gitaren til Mike Rutherford med ein sampler og så spelte av lyden i eit mykje lågare register. Arbeidstittelen på «No Son of Mine» var «Elephantus».[1]

Den kortare radioversjonen tonar ut songen i avslutninga, i tillegg til at delar av det andre refrenget er korta ned.

B-sida til singelen var «Living Forever» frå albumet.

Konsertversjonar[endre | endre wikiteksten]

Songen vart spelt under alle turneane til bandet frå 1991 til 2007. Songen vart på Calling All Stations-turneen nytta som opningsnummer på dei fleste konsertane.

Konsertopptak av songen finst på albuma The Way We Walk, Volume One: The Shorts og Live Over Europe 2007, og på DVD-ane The Way We Walk - Live in Concert og When in Rome 2007.

Songaren som tok over etter Phil Collins i Genesis, Ray Wilson, heldt fram å spele songen solo etter at han slutta i Genesis, men då akustisk.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

CD maxi
  1. «No Son of Mine» — 6:42
  2. «Living Forever» — 5:40
  3. «Invisible Touch» (live) — 5:00
7" single
  1. «No Son of Mine» — 6:36
  2. «Living Forever» (5:38)

Kassett
  1. «No Son of Mine» — 6:36
  2. «Living Forever» — 5:38
12" maxi
  1. «No Son of Mine» — 6:42
  2. «Living Forever» — 5:40
  3. «Invisible Touch» (live) — 5:00

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Vekeslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1991–1992) Plassering
Australia (ARIA)[2] 29
Austerrike (Ö3 austerriksk Topp 40)[3] 7
Belgia (Ultratop 50 Flandern)[4] 12
Canada Top Singles (RPM)[5] 1
Canada Adult Contemporary Tracks (RPM)[6] 4
Danmark (IFPI)[7] 4
Finland (Suomen virallinen lista)[8] 20
Frankrike (SNEP)[9] 13
Tyskland (Media Control AG)[10] 3
Irland (IRMA)[11] 5
Nederland (Nederlandsk Topp 40)[12] 8
Nederland (Mega Single Top 100)[13] 7
New Zealand (RIANZ)[14] 36
Noreg (VG-lista)[15] 4
Polen (LP3)[16] 4
Sverige (Sverigetopplistan)[17] 13
Sveits (Schweizer Hitparade)[18] 8
UK Singles (Official Charts Company)[19] 6
US Billboard Hot 100[20] 12
US Billboard Hot Adult Contemporary Tracks[20] 8
US Billboard Hot Mainstream Rock Tracks[20] 3
Zimbabwe (ZIMA)[21] 11

Årslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1991) Plassering
Canada Top Singles (RPM)[22] 50
Nederland (Nederlandsk Topp 40)[treng kjelde] 93
Liste (1992) Plassering
Canada Top Singles (RPM)[23] 64
Canada Adult Contemporary (RPM)[24] 50
Tyskland (Official German Charts)[25] 28
US Billboard Hot 100[26] 68

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Collins, Phil; Banks, Tony; Rutherford, Mike; Gabriel, Peter; Hackett, Steve (2007). Genesis: Chapter & Verse. Macmillan. s. 331. ISBN 0-312-37956-0, 9780312379568 Check |isbn= value: invalid character (hjelp). 
  2. "Australian-charts.com – Genesis – No Son of Mine". ARIA Top 50 Singles. Hung Medien. Henta 24. mars 2020.
  3. "Genesis – No Son of Mine – Austriancharts.at" (på tysk). Ö3 austerriksk Topp 40. Hung Medien. Henta 24. mars 2020.
  4. "Ultratop.be – Genesis – No Son of Mine" (på nederlandsk). Ultratop 50. Ultratop & Hung Medien / hitparade.ch. Henta 24. mars 2020.
  5. "RPM Top Singles." RPM. Library and Archives Canada. Retrieved 24. mars 2020.
  6. "RPM Adult Contemporary Tracks." RPM. Library and Archives Canada. Retrieved 24. mars 2020.
  7. «Top 10 Danmark» (PDF). Music & Media. Henta 24. mars 2020. 
  8. Nyman, Jake (2005). Suomi soi 4: Suuri suomalainen listakirja (på Finnish) (1st utg.). Helsinki: Tammi. ISBN 951-31-2503-3. 
  9. "Lescharts.com – Genesis – No Son of Mine" (på fransk). Les classement single. Hung Medien. Henta 24. mars 2020.
  10. "Genesis - No Son of Mine". Charts.de. Media Control. Henta 24. mars 2020.
  11. "The Irish Charts – Search Results – No Son of Mine". Irish Singles Chart. Retrieved 24. mars 2020.
  12. "Nederlandse Top 40 – week 47, 1991" (på nederlandsk). Nederlandsk Topp 40 Stichting Nederlandse Top 40. Henta 24. mars 2020.
  13. "Dutchcharts.nl – Genesis – No Son of Mine" (på nederlandsk). Mega Single Top 100. Hung Medien / hitparade.ch. Henta 24. mars 2020.
  14. "Charts.org.nz – Genesis – No Son of Mine". Top 40 Singles. Hung Medien. Henta 24. mars 2020.
  15. "Norwegiancharts.com – Genesis – No Son of Mine". VG-lista. Hung Medien. Henta 24. mars 2020.
  16. «Notowanie nr514-515» (på Polish). LP3. 3. januar 2019. Henta 24. mars 2020. 
  17. "Swedishcharts.com – Genesis – No Son of Mine". Topp 60. Hung Medien. Henta 24. mars 2020.
  18. "Genesis – No Son of Mine – swisscharts.com". Den svetisiske singellista. Hung Medien. Henta 24. mars 2020.
  19. "Archive Chart" UK Singles Chart. Official Charts Company. Henta 24. mars 2020.
  20. 20,0 20,1 20,2 Billboard Allmusic.com . Henta 3. september 2008.
  21. * Zimbabwe. Kimberley, C. Zimbabwe: singles chart book. Harare: C. Kimberley, 2000
  22. «RPM 100 Hit Tracks of 1991». RPM. Library and Archives Canada. Henta 23. mars 2020. 
  23. «_» (PDF). RPM 56 (25): 8. 19 Desember 1992. Henta 24. mars 2020. 
  24. «The RPM Top 100 Adult Contemporary spor of 1992». RPM. Library and Archives Canada. Henta 24. mars 2020. 
  25. «Top 100 Singles - Jahrescharts 1992» (på tysk). GfK Entertainment. Henta 24. mars 2020. 
  26. «Billboard Top 100 – 1992». Arkivert frå originalen 8. juli 2009. Henta 30. juli 2010. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]