Foxtrot av Genesis

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Foxtrot av Genesis
Studioalbum av Genesis
Språk engelsk
Utgjeve 6. oktober 1972
Innspelt August til september 1972[1]
Studio Island Studios i London i England
Sjanger Progressiv rock
Lengd 51:08
Selskap Charisma
Produsent
Genesis-kronologi 
Nursery Cryme
(1971)
Foxtrot av Genesis Genesis Live
(1973)


Foxtrot er det fjerde studioalbumet av det engelske progressiv rock-bandet Genesis, gjeve ut i oktober 1972 på Charisma Records. Det inneheld den lengste songen dei spelte inn, den 23 minuttar lange «Supper's Ready».

Albumet vart spelt inn under turneen for det førre albumet deira, Nursery Cryme (1971), då dei vart stadig meir populære, mellom anna med ein godt motteken konsert på Lincoln Great Western Festival. Albumet vart skriven i løpet av sommaren 1972 og bestod av songar dei alt hadde spelt på konsertane sine med nye songar som vart utarbeidd i jammar. Innspelinga byrja i august med John Anthony som produsent, men innspelinga var prega av krangling. Etter ein kort turné i Italia, fortsette innspelingane med Dave Hitchcock som produsent. Plateomslaget var det siste Genesis-albumet designa av Paul Whitehead, der ein rev har på seg ein raud kjole. Frontmannen Peter Gabriel hadde på seg kjole og ei revemaske på den påfølgjande turneen, noko som gav bandet mykje merksemd i pressa.

Foxtrot var det første Genesis-albumet som gjekk inn på albumlista i Storbritannia, og nådde 12. plassen til stort sett positiv kritikk. Ein singel som ikkje var med på albumet, «Happy The Man», kom ut på same tida. Albumet har sidan hatt høg status hos kritikarane og kom i ein ny stereo- og 5.1-kringlydmiks som ein del av plateboksen Genesis 1970–1975 i 2008.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Mot slutten av 1971 bestod Genesis av frontmannen og songaren Peter Gabriel, klaverspelaren Tony Banks, bassisten og gitaristen Mike Rutherford, gitaristen Steve Hackett og trommeslagaren Phil Collins. Dei hadde spelt kring 400 konsertar i Storbritannia, men enno ikkje slått gjennom kommersielt. Men dei hadde byrja å bli populære i utlandet. Albumet deira Trespass hadde i 1970 gått til topps i Belgia, medan Nursery Cryme frå 1971 nådde fjerdeplassen i Italia. Då Genesis spelte konsertar i Italia i april 1971 var det føre store publikum.[2]

Turneen var over i mai då Genesis spelte på Great Western Festival i Lincoln.[3] Gabriel hadde på seg ein juvelbesatt, egyptisk krage, svart sminke rundt augo, og hadde barbert den fremre delen av hovudet, noko som skapte merksemd i pressa.[4] Då dei kom heim att valde bandet å bruke tid på å skrive og øve in nye songar for eit nytt studioalbum.[3] Hackett vurderte å slutte i bandet då han var «heilt utkøyrt» frå den lange turneen, men bandet overtalte han om å bli og forsikra han om at dei likte spelinga hans.[5]

Produksjon[endre | endre wikiteksten]

Innspeling[endre | endre wikiteksten]

Dei første øvingane fann stad i eit øvingslokale i Blackheath i London før dei flytta til kjellaren i Una Billings School of Dance i Shepherd's Bush.[3][4] Noko av materialet til Hackett som vart nytta på det første soloalbumet hans, Voyage of the Acolyte, vart i røynda øvd inn av bandet under Foxtrot-innspelinga, men ikkje utvikla vidare.[6] Materialet som vart «Watcher of the Skies» og «Can-Utility and the Coastliners» vart spelte på konsertane deira før innspelinga av Foxtrot byrja.[4][7]

Genesis spelte inn Foxtrot i august og september 1972 i London i Island Studios.[1] Dei var sett opp til å spele med produsenten John Anthony, som hadde arbeidd med dei på den nye songen «Happy the Man» tidlegare på året, men utgiftene auka stadig på då albumet tok si tid å spele inn, og dette førte til usemje mellom Anthony og Charisma Records, selskapet til gruppa, så dei såg seg om etter ein ny produsent.[8] Banks hugsa at Charisma ville at gruppa skulle lage ein hit. Det første valet til gruppa som ny produsent var Bob Potter, som hadde arbeidd med Lindisfarne, som òg var på Charisma, med Bob Johnston som lydteknikar.[7] Bandet kom ikkje overeins med Potter, då han mislikte musikken deira. Han samanlikna Mellotron-opninga til Banks på «Watcher of the Skies» til filmmusikken til filmen 2001: A Space Odyssey og meinte songen var betre utan.[3][7] På denne tida avslutta bandet dei uproduktive innspelingane og drog til Italia på turné i august 1972, ør dei fortsette arbeidet på albumet månaden etter.[7] Gruppa prøvde seg med Tony Platt som produsent, men dei passa ikkje i lag og dei gav det opp.[9] Genesis slo seg så til ro med produsenten Dave Hitchcock og John Burns som lydteknikar,[9][10] og dei kom til å arbeide med Genesis på dei neste tre albuma deira. Banks meinte at Hitchcock ikkje var det beste alternativet for jobben og var usamd med han om korleis albumet skulle høyrast ut.[11]

Under innspelinga av albumet spelte Genesis inn konsertfavoritten «Twilight Alehouse», som var blitt framført med det opphavlege medlemmet og gitaristen Anthony Phillips i bandet. Han kom ikkje ut før kom ut som ein avgrensa singel med magasinet ZigZag og via fanklubben til bandet i 1973.[12] Eit stykke laga av Rutherford og øvd inn av bandet i 3/4-takt vart heller ikkje brukt, men vart tilpassa av Hackett til «Shadow of the Hierophant» på Voyage of the Acolyte.[12] Gruppa prøvde seg på eit tidleg opptak av Banks-songen «Firth of Fifth», men klarte ikkje då å inspirere bandet godt nok. Banks arbeide på stykket året etter og han kom med på det neste albumet, Selling England by the Pound.[13] Då Charisma-eigaren Tony Stratton-Smith høyrde albumet første gongen etter det var ferdig, sa han til venen og scenearbeidaren til bandet, Richard Macphail: «Dette er plata som kjem til å gjere karrieren deira».[14] Stratton-Smith sa: «Eg måtte tørke ei tåre. Alt som eg hadde tru på i bandet hadde kome fram».[1] Banks var særskild nøgd med Foxtrot som han meinte ikkje hadde eit einaste svakt spor.[15]

Songar[endre | endre wikiteksten]

Side ein[endre | endre wikiteksten]

Peter Gabriel syng «Watcher of the Skies» på scenen.

«Watcher of the Skies» har henta tittelen frå ei linje i sonnetten On First Looking into Chapman's Homer av John Keats frå 1817.[16] Songen byrjar med ein solo spelt på ein Mellotron, som bandet hadde fått kjøpt av King Crimson.[17][18] Banks «leitte etter akkordar som faktisk høyrdest bra ut... fordi det var problem med å få instrumentet stemt» og slo seg til ro med dei to opningsakkordane «som høyrdest flott ut ... Dei var så atmosfæriske».[18] Banks og Rutherford skreiv musikken under øvingane til bandet for ein konsert i Palasaport i Reggio Emilia i april 1972 under den første turneen deira i Italia. Tekstane vart skriven i Napoli veka etter.[8] Dei lurte på korleis ei tom jord ville ha sett ut om eit romvesen hadde vitja. Banks skildra teksten som «ein slags sci-fi fantasy» laust basert på romanen Childhood's End (1953) av Arthur C. Clarke og Watcher-rasen i Marvel Comics.[19][18] Rutherford meinte dei var «interessante ord, men dei var ikkje gode å syngje».[20] Collins meinte at songen trengde «nokre vanskelege arrangement» i rytmen etter å ha sett ein konsert med Yes.[21]

«Time Table» har eit romantisk tema som lengtar etter tradisjon, sømmelegheit og ei tid der kongar og dronningar er forviste av krig og konflikt.[22][23] Songen var skriven av Banks, som presenterte songen som eit komplett stykke og fekk bandet til å framføre han.[24] Chris Welch i Melody Maker skildra songen som ei lysare avløysing og ein «dempa, men gripande popsong» etter den «hamrande spaninga» i «Watcher of the Skies».[23] Gabriel-biografen Daryl Easlea meinte songen var ein av dei mest oversedde frå Gabriel-tida i bandet med ein «melodisk og rørande» smak og ein likskap til Genesis-songar seinare i 1970-åra.[25]

«Get 'Em Out by Friday» omfatta å flytte leigebuarar frå London til Harlow New Town.

«Get 'Em Out by Friday» er ein song skildra som ein «komisk opera» som Gabriel skildra som «dels samfunnskommentar, dels profetisk».[22][26] Han var dels inspirert av problema Gabriel hadde med sin eigen vert i leilegheita si i Campden Hill Road,[25] og ein fjernsynsdokumentar han hadde sett om bustadbygging i bydelen Islington.[27] Liknande som «Harold the Barrel» og «The Fountain of Salmacis» frå Nursery Cryme, har songen forskjellige karakterar som Gabriel representerte med forskjellige vokalstilar for kvar av dei. Songen har fire roller: John Pebble, ein forretningsmann i Styx Enterprises; Mark Hall (eller The Winkler), ein tilsett i Styx som kastar ut leigebuarar; Mrs. Barrow, ein leigebuar i eit hus eigd av Pebble, og Joe Ordinary, ein kunde på ein pub.[28] Songen byrjar med at Hall informerer Mrs. Barrow om at eigedomen hennar har blitt kjøpt opp og at ho skal kastast ut, men ho nektar å dra, og Pebble aukar husleiga hennar. Hall gjev så eit tilbod til Mrs. Barrow på 400 pund for å flytte til ein ny eigedom i Harlow New Town, som ho gjer, før Pebble igjen hevar husleiga hennar. Etter ein instrumentaldel er datoen 18. september 2012 og Genetic Control annonserer i eit innringingsprogram på TV at dei har planar om å korte høgda på alle menneske ned til fire fot. Joe meiner dette kjem av at bygningane då vil kunne huse dobbelt så mange folk..[28] Rutherford og Collins meinte at «Get 'Em Out by Friday» var ein av dei tidlege Genesis-songane som leid av særs mykje tekst frå Gabriel, noko som gjorde sporet travelt og overfylt.[29] Collins meinte dette kom av at bandet som regel skreiv og spelte inn musikken og det instrumentale først, fø dei skreiv tekst og spelte inn vokalen etterpå.[30] Uansett meinte Rutherford at teksten var blant dei beste Gabriel skreiv.[31]

«Can-Utility and the Coastliners» var ein av dei første songane skrivne for albumet, og vart framført under ein italiensk turné. Han er basert på kong Knut og korleis han ikkje klarte å halde tidvatnet borte.[32] Welch meinte at songen i røynda kan handle om korleis Gabriel var byrja å bli klar over rolla si som songar og den smigrande fansen hans.[33]

Side to[endre | endre wikiteksten]

Side to byrjar med «Horizons», ein kort gitarinstrumental framført av Hackett og spelt inn i løpet av den korte tida då Potter var produsent.[34] Han vart skriven i løpet av eit år,[35] og henta inspirasjon frå preludiet til Suite nr. 1 i G-dur, BWV 1007 for cello av Bach. Han la stykket fram for gruppa under ei øving på ein elektrisk gitar, sjølv om han hadde skrive det på ein akustisk gitar. Trass i at han var nervøs då han spelte gjennom, tenkte han først at bandet kom til å avvise stykket.[35] Hackett hugsa at Collins sa det burde vere applaus lagt til mot slutten av stykket, og vart overraska då bandet gjekk med på å ta det med på albumet.[36] Hackett skreiv det med engelske komponistar frå tudortida i tankane, mellom andre William Byrd, som ofte komponerte særs korte stykke, og eit stykke av Julian Bream.[35] Han sa at folk ofte feilaktig mistolka «Horizons» som opninga på «Supper's Ready», men det plaga han ikkje.[36][35]

Resten av den andre sida består av «Supper's Ready», eit 22 minuttar langt spor i sju delar og det lengste bandet spelte inn. Gabriel meinte at bandet hadde vokse som eit konsertband og gav dei sjølvtillit til å skrive lengre stykke..[37] Songen og temaet om det gode mot det vonde var inspirert av ei hending Gabriel og den dåverande kona Jill hadde med Anthony i Kensington Palace, då ho visstnok gjekk inn i ein transe då eit vindauge brått blåste ope. Gabriel samanlikna hendinga med ein scene frå «ein Hammer Horror-film».[38] Ført tok songen form som eit akustisk stykke liknande «Stagnation» på Trespass eller «The Musical Box» frå Nursery Cryme, noko bandet ikkje ønskte å repetere. For å utvikle stykket vidare kom Gabriel med ideen om ein femte del for songen, kalla «Willow Farm», på piano.[39][40] Banks merka at ei endring frå den meir romantiske starten på songen til «Willow Farm», med sin «stygge akkordsekvens», tok songen «til ein ny dimensjon».[41] Genesis drog ut på gata og henta åtte barn for å spele inn vokal for songen, og betalte dei ti shilling kvar.[31] «Apocalypse in 9/8» vart improvisert av Banks, Rutherford og Collins.[42] Denne er hovudsakleg instrumental og framført i 9/8-takt. Han byrjar med Rutherford som speler på basspedalar, som Collins hugsa som «totalt abstrakt utan ein fast takt» og la oppå eit trommemønster.[43][40] Banks tenkte at orgelsoloen hans ikkje skulle ha noko vokal, men etter at Gabriel spelte inn ein tekst over det,[40] noko han først var heilt i mot, sa han, «det tok berre kring ti sekund før eg tenkte 'Dette høyrest fantastisk ut, det er så sterkt'».[44] Banks plukka «Apocalypse in 9/8» og «As Sure as Eggs Is Eggs» som «dei beste komposisjonane» Genesis spelte inn i tida med Gabriel som frontmann,[41] men meinte at Gabriel hadde skrive teksten for raskt.[45] Collins var samd i dette og meinte at Gabriel skunda seg å skrive teksten medan akkompagnementet vart spelt inn.[43]

Plateomslag[endre | endre wikiteksten]

Plateomslaget var det siste av tre omslag designa av Paul Whitehead for Genesis, etter Trespass og Nursery Cryme. Han henta inspirasjon frå teksten til «Supper's Ready» som inneheld referansar til apokalypsen. Whitehead ønskte å presentere Dei fire ryttarane i apokalypsen i på ein original måte, men det vart i staden noko «litt meir underleg»,[46] med ei ape og eit romvesen som to av ryttarane.[47] Omslaget til Nursery Cryme hadde vist bilete av krokket, som representerte den den engelske øvre klassen, som Whitehead igjen tok fram på Foxtrot med avbilding av revejakt.[46] Krokketscenen dukkar òg opp att, plassert i bakgrunnen med eit viktoriansk herskapshus no erstatta av eit hol i bakken.[47] Whitehead føreslo tittelen på albumet, slik han hadde gjort for Trespass og Nursery Cryme sidan gruppa ikkje kom på noko.[48] Han hadde høyrt ordet «foxy», eit amerikansk uttrykk for ei attraktiv kvinne, under ein tur til USA, og «Foxy Lady» av The Jimi Hendrix Experience, som han brukte som inspirasjon til å teikne ei kvinne med revehovud.[46] Dei originale illustrasjonane til Whitehead for dei tre albuma vart stolne då arkiva til Charisma vart selde til Virgin Records i 1983. Whitehead hevda at tilsette ved Charisma fekk nyss om salet og tok med seg ting frå kontoret.[49]

Omslaget vart ikkje så godt motteke av bandet på den tida. Gabriel meinte det ikkje var like bra som dei tidlegare omslaga Whitehead laga for dei.[50] Hackett kjende seg «usikker» på omslaget då han såg det første gongen, og kalla det eit «rart» design som ikkje gav meining for han på den tida.[51] Banks meinte det var det svakaste omslaget Whitehead laga for Genesis.[52] Rutherford meinte designet mangla kvaliteten etter den «deilige atmosfæren» på Trespass og Nursery Cryme.[53] Collins meinte et ikkje var «særskild spesielt» og mangla ein profesjonell utsjånad.[54]

Utgjeving[endre | endre wikiteksten]

Foxtrot kom ut i oktober 1972.[3][55][11] «Happy The Man», som ikkje er med på albumet, kom ut på singel på same tid.[42] «Watcher of the Skies» vart korta ned til singel, men ikkje utgjeve. Denne kom sidan ut i plateboksen Genesis Archive 1967–75 i 1998.[56]

Det vart det bestseljande albumet deira til då og nådde 12. plassen på UK Albums Chart i løpet av sju veker på lista.[1][42] Som dei førre tre albuma deira, gjekk ikkje Foxtrot inn på lista i USA.[57] Det gjekk til topps i Italia, og synte at dei framleis var populære i Europa etter at Trespass hadde toppa lista i Belgia.[42] Foxtrot har selt til sølvplate i Storbritannia for 60 000 selde eksemplar.[58]

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic5/5 stars[59]
BBC Music(positiv)[60]
Christgau's Record GuideC[61]
The Rolling Stone Album Guide3/5 stars[62]
The Daily VaultA-[63]

I meldinga si for magasinet Sounds meinte Jerry Gilbert at Genesis «nesten hadde laga eit perfekt album». Stundom merka han seg at «den totale lyden manglar den naudsynte vitaliteten» og augneblink der bandet «berre prøver litt for hardt», men slike augneblink «er sporadiske»,[64] og rekna det som langt meir interessant enn Trespass og Nursery Cryme.[31] Welch meinte at Foxtrot var «ein milepåle i karrieren til gruppa», «eit viktig punkt i utviklinga av britisk gruppemusikk», og at bandet hadde oppnådd «eit kunstnarisk høgdepunkt».[65] Ei kort melding frå Rich Aregood i Philadelphia Daily News sa: «Genesis har framleis vanskar med å setje songar saman, men dei spelar og syng vakkert. Jade Warrior har eit album som er langt betre enn det meste desse har gjort».[66]

Seinare meldingar har generelt vore positive. Stephen Thomas Erlewine sa Foxtrot var «første gongen Genesis gjekk til åtak som eit rockeband».[59] Nettsida François Couture skildra «Supper's Ready» som det «ubestridte meisterverket» deira.[67] BBC Music gav albumet middels god kritikk og likte produksjonen, men meinte tekstane var utdaterte.[60]

Albumet vart rangert på 14. plassen på lista til Rolling Stone over dei 50 beste progrockalbuma gjennom tidene.[68] XTC-gitaristen Dave Gregory sa: «Til i dag er Foxtrot eit magisk album. 'Supper's Ready' vert som ein avhengigheit. Det har så bra lyd, og nok mystikk til at du ønskjer å høyre det om att og om att. Eg vil aldri bli lei dette albumet».[25]

Nyutgjevingar[endre | endre wikiteksten]

Foxtrot kom ut på ny i 1994 med ommastra digital lyd på CD av Virgin. Som ein del av plateboksen Genesis 1970–1975 i 2008, vart Foxtrot gjeve ut på ein hybrid CD/Super Audio CD med ein ny stereo- og 5.1 kringlydmiks med ein DVD som inneheldt bonusspor som ikkje var gjevne ut før. Nyutgjevinga inneheld notat skrivne av Queen-trommeslagaren Roger Taylor.[69]

Turné[endre | endre wikiteksten]

Mot slutten av september 1973 spelte Genesis ein konsert på National Stadium i Dublin. Under den siste songen, «The Musical Box», forsvann Gabriel under instrumentalen og kom inn att i ein raud kjole og eit revehovud, slik som på plateomslaget til Foxtrot. Han hadde med vilje ikkje fortalt bandet at han kom til å gjere dette, og han hamna på framsida av Melody Maker og gjorde bandet langt meir kjend.[70]

Turneen dekte Europa og Nord-Amerirka mellom september 1972 og august 1973. Han opna med ein britisk del i lag med Lindisfarne.[71][31] Gruppa spelte dei første konsertane sine i USA på denne turneen, mellom anna ein konsert i Brandeis University i Waltham i Massachusetts etterfølgd av Philharmonic Hall i New York City med String Driven Thing i desember 1972.[55][71]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar komponerte, arrgangerrte og framførte av Tony Banks, Phil Collins, Peter Gabriel, Steve Hackett og Mike Rutherford.[28]

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Watcher of the Skies»7:23
2.«Time Table»4:46
3.«Get 'Em Out by Friday»8:36
4.«Can-Utility and the Coastliners»5:45
Side to
Nr.TittelLengd
1.«Horizons» (instrumental)1:41
2.«Supper's Ready»
a. «Lover's Leap»
b. «The Guaranteed Eternal Sanctuary Man»
c. «Ikhnaton and Itsacon and Their Band of Merry Men»
d. «How Dare I Be So Beautiful?»
e. «Willow Farm»
f. «Apocalypse in 9/8 (Co-Starring the Delicious Talents of Gabble Ratchet)»
g. «As Sure as Eggs Is Eggs (Aching Men's Feet)»
23:06

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Henta frå plateomslaget frå 1972.[28]

Genesis

Produksjon

Salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Region Salstrofé Salstal
Storbritannia (BPI)[72] Sølv 60 000^

^salstala er basert på sertifiseringa aleine

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Foxtrot (album)» frå Wikipedia på engelsk, den 7. mars 2020.
  • Bowler, Dave; Dray, Bryan (1992). Genesis: A Biography. Sidgwick & Jackson Ltd. ISBN 978-0-283-06132-5. 
  • Brackett, Nathan; Hoard, Christian David (2004). The New Rolling Stone Album Guide. New York: Simon & Schuster. ISBN 978-0-7432-0169-8. 
  • Banks, Tony; Collins, Phil; Gabriel, Peter; Hackett, Steve; Rutherford, Mike (2007). Genesis: Chapter and Verse (1st utg.). St. Martin's Griffin. ISBN 978-0-312-37956-8. 
  • Easlea, Daryl (2013). Without Frontiers: The Life & Music of Peter Gabriel. Omnibus Press. ISBN 978-0-857-12860-7. 
  • Hewitt, Alan (2001). Opening the Musical Box – A Genesis Chronicle. Firefly Publishing. ISBN 978-0-946-71930-3. 
  • Macan, Edward (1997). Rocking the Classics: English Progressive Rock and the Counterculture. Oxford: Oxford University Press. ISBN 0-19-509887-0. 
  • Halliwell, Martin; Hegarty, Paul (2011). Beyond and Before: Progressive Rock Since the 1960-åra. Bloomsbury Publishing USA. ISBN 978-1-441-11480-8. 
  • Platts, Robin (2001). Genesis: Inside & Out (1967–2000). Collector's Guide Publishing. ISBN 978-1-896-52271-5. 
  • Romano, Will (2010). Mountains Come Out of the Sky: The Illustrated History of Prog Rock. Backbeat Books. ISBN 978-0-87930-991-6. 
  • Welch, Chris (2011). Genesis: The Complete Guide to Their Music. Omnibus Press. ISBN 978-0-85712-739-6. 
  • Various Mojo Magazines (2007). The Mojo Collection: 4th Edition. Canongate Books. ISBN 978-1-84767-643-6. 
  • Banks, Tony; Collins, Phil; Gabriel, Peter; Hackett, Steve; Rutherford, Mike. (10. november 2008). Genesis 1970–1975 [Foxtrot]. [DVD]. Virgin Records. UPC 5099951968328. 
  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Mojo 2007, s. 290.
  2. Bowler & Dray 1992, s. 58–59.
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 Hewitt 2001, s. 34.
  4. 4,0 4,1 4,2 Bowler & Dray 1992, s. 62.
  5. Foxtrot 2008, 2:10–3:01.
  6. Golder, Paul (7. september 2014). Steve Hackett talks about Genesis, turnerte and his new album. Phoenix FM. Hendinga finn stad ved 4:40–6:25. Henta 7. mars 2020. [daud lenkje]
  7. 7,0 7,1 7,2 7,3 Platts 2001, s. 54.
  8. 8,0 8,1 Bowler & Dray 1992, s. 61.
  9. 9,0 9,1 Bowler & Dray 1992, s. 64.
  10. Foxtrot 2008, 0:57–2:09.
  11. 11,0 11,1 Welch 2011, s. 37.
  12. 12,0 12,1 Platts 2001, s. 57.
  13. Platts 2001, s. 67.
  14. Bowler & Dray 1992, s. 63.
  15. Welch 2011, s. 38.
  16. Halliwell & Hegarty 2011, s. 96.
  17. Genesis Songbook. Wise Publications. 1977. ISBN 0-86001-352-9. 
  18. 18,0 18,1 18,2 Genesis 2007, s. 120.
  19. Altham, Keith (10. februar 1973). «The Genesis Bag». New Musical Express: 21. Henta 7. mars 2020. 
  20. Foxtrot 2008, 6:48–6:56.
  21. Foxtrot 2008, 5:53–6:21.
  22. 22,0 22,1 Bowler & Dray 1992, s. 67.
  23. 23,0 23,1 Welch 2011, s. 39.
  24. Foxtrot 2008, 08:26–08:31.
  25. 25,0 25,1 25,2 Easlea 2013, s. 114.
  26. Foxtrot 2008, 20:28–20:30.
  27. Weir, Paul (24 Mars 1973). «Genesis Fantasy». New Musical Express. s. 8. Arkivert frå originalen 9. september 2018. Henta 7. mars 2020. 
  28. 28,0 28,1 28,2 28,3 Foxtrot. Charisma Records. 1972. CAS 1058. 
  29. Foxtrot 2008, 20:30–22:49.
  30. Foxtrot 2008, 21:34–22:49.
  31. 31,0 31,1 31,2 31,3 Gilbert, Jerry (9. september 1972). «Genesis doing the foxtrot». Sounds. Henta 7. mars 2020. 
  32. Bowler & Dray 1992, s. 60,67.
  33. Welch 2011, s. 40.
  34. Genesis 2007, s. 119.
  35. 35,0 35,1 35,2 35,3 Hewitt, Alan (21. august 1997). «Just for the record – Steve Hackett talks about his career with Genesis». The Waiting Room Online. Henta 7. mars 2020. 
  36. 36,0 36,1 Foxtrot 2008, 17:51–18:51.
  37. Foxtrot 2008, 0:13–0:47.
  38. Bowler & Dray 1992, s. 66–67.
  39. Bowler & Dray 1992, s. 66.
  40. 40,0 40,1 40,2 Genesis 2007, s. 121.
  41. 41,0 41,1 Foxtrot 2008, 11:09–11:32.
  42. 42,0 42,1 42,2 42,3 Bowler & Dray 1992, s. 69.
  43. 43,0 43,1 Tyler, Tony (18. november 1972). «Genesis: Poised on the brink». New Musical Express: 31. Henta 7. mars 2020. 
  44. Genesis 2007, s. 122.
  45. Welch, Chris (3 Mars 1973). «Genesis: Melody Maker Band Breakdown». Melody Maker: 28–29. Henta 7. mars 2020. 
  46. 46,0 46,1 46,2 Platts 2001, s. 58.
  47. 47,0 47,1 Macan 1997, s. 80.
  48. Romano 2010, s. 142.
  49. «Interview with Paul Whitehead». 25. juli 2001. Henta 7. mars 2020. 
  50. Foxtrot 2008, 23:35–25:05.
  51. Foxtrot 2008, 25:05–25:38.
  52. Foxtrot 2008, 25:38–26:18.
  53. Foxtrot 2008, 26:18–26:37.
  54. Foxtrot 2008, 26:37–27:30.
  55. 55,0 55,1 Platts 2001, s. 60.
  56. Archive 1967–75. Virgin / EMI. CDBOX6 (7243-8-42221-2-3). 
  57. Bowler & Dray 1992, s. 71.
  58. «BPI Awards – Genesis – Foxtrot». British Phonographic Industry. Henta 7. mars 2020. 
  59. 59,0 59,1 Erlewine, Stephen Thomas. «Foxtrot – Genesis (Songs, Reviews, Credits, Awards)». AllMusic. 
  60. 60,0 60,1 Jones, Chris (18. april 2007). «BBC – Music – Review of Genesis – Foxtrot». BBC. Henta 7. mars 2020. 
  61. Christgau, Robert (1981). «Consumer Guide '70s: G». Christgau's Record Guide: Rock Albums of the Seventies. Ticknor & Fields. ISBN 089919026X. Henta 23. februar 2020 – via robertchristgau.com. 
  62. Brackett & Hoard 2004, s. 327.
  63. Ray, Benjamin (2019). «The Daily Vault Music Reviews : Foxtrot». dailyvault.com. Henta 7. mars 2020. 
  64. Gilbert, Jerry (30. september 1972). «Special review of the new Genesis album by Jerry Gilbert». Sounds. Henta 7. mars 2020. 
  65. «Advert – Genesis – Foxtrot album – Melody Maker – 14th Oct». Melody Maker: 23. 14 Oktober 1972. Henta 7. mars 2020. 
  66. Aregood, Rich (25. november 1972). «Joni Sounds Fine Where Others Would Falter». Philadelphia Daily News. s. 14. Henta 30 Desember 2017 – via Newspapers.com. 
  67. Couture, Francois. «Song Review by François Couture». AllMusic. Henta 7. mars 2020. 
  68. Dolan, Jon (7. mars 2020). «Genesis, 'Foxtrot' (1972) | 50 Greatest Prog Rock Albums of All Time». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 30. januar 2018. Henta 2 Mars 2017. 
  69. «Genesis 1970–1975». Amazon. Henta 7. mars 2020. 
  70. Bowler & Dray 1992, s. 69–70.
  71. 71,0 71,1 Hewitt 2001, s. 35.
  72. «British album salstrofé – Genesis – Foxtrot». British Phonographic Industry.  Enter Foxtrot in the field Search. Select Title in the field Search by. Select album in the field By Format. Click Go