Home by the Sea

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Home by the Sea
Singel av Genesis
frå albumet Genesis
Språk engelsk
Utgjeve 31. oktober 1983
Innspelt Februar til august 1983
Sjanger Progressiv rock
Lengd 11:14 (5:08 og 6:06)
Selskap Atlantic, Virgin, Vertigo
Komponist Tony Banks, Phil Collins, Mike Rutherford
Tekstforfattar Tony Banks, Phil Collins, Mike Rutherford
Låtskrivar(ar) Tony Banks, Phil Collins, Mike Rutherford
Produsent Genesis, Hugh Padgham
Genesis-kronologi 
«That's All»
(1983)
Home by the Sea «Illegal Alien»
(1984)


«Home by the Sea» er ein song av det engelske rockebandet Genesis på albumet Genesis frå 1983.

Tekstmessig handlar songen om ein innbrotstjuv som bryt seg inn i eit hus, men finn ut at det er eit fengsel det spøkar i.[1] Innbrotstjuven vert fanga av spøkelse som tvingar han til å lytte til sogene deira for resten av livet sitt - «Cause you won't get away no with us you will stay for the rest of your days, let us relive our lives in what we tell you».

Stykket vert ofte rekna som ein del av ein suite i lag med den neste songen på albumet, «Second Home by the Sea».

Songen vart gjeven ut på singel i fleire land og det vart laga ein musikkvideo til songen. Videoen var basert på klipp frå heimevideoen The Mama Tour Live.

Songen vart spelt på alle turneane til Genesis etter albumet kom ut. Konsertopptak av songen finst på DVDane Genesis Live at Wembley Stadium, The Way We Walk - Live in Concert og When in Rome 2007, samt heimevideoen The Mama Tour.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Tony Banks interview, The Way We Walk - Live in Concert DVD (2001)