Songen Invisible Touch
Invisible Touch Singel av Genesis frå albumet Invisible Touch | ||
B-side | The Last Domino | |
---|---|---|
Utgjeve | 19. mai 1986 | |
Innspelt | The Farm, Surrey, oktober 1985 - mars 1986 | |
Sjanger | Poprock, New Wave | |
Lengd | 3:27 | |
Selskap | Atlantic Vertigo | |
Låtskrivar(ar) | Tony Banks, Phil Collins, Mike Rutherford | |
Produsent | Genesis, Hugh Padgham | |
Genesis-kronologi | ||
«Taking It All Too Hard» (1984) |
Invisible Touch | «Throwing It All Away» (1986) |
-kronologi | ||
«Jesus He Knows Me» (Live) (1992) |
Invisible Touch | «Tell Me Why" (1993)
|
«Invisible Touch» er tittelsporet på Genesis-albumet med same namn frå 1986. Det er den mest suksessrike singelen til bandet og den første singelen deira som nådde toppen av singellista i USA.[1] Han nådde fjerdeplassen i Canada, men berre 15. plass i Storbritannia.[2]
B-sida til singelen var andre delen av «Domino», kalla «The Last Domino».
Innhaldsliste
Historie[endre | endre wikiteksten]
«Invisible Touch» kom til kring ein jam for den andre delen av «Domino», Rutherford spelte eit riff medan Collins improviserte linja «She seems to have an invisible touch». Han vart spelt inn i The Farm i Surrey i 1984, 1985 og 1986.
Sommaren 1986 var t«Invisible Touch» ein populær singel som gjekk heilt til topps på Billboard Hot 100 og tok over topplasseringa etter «Sledgehammer» av tidlegare Genesis-frontmann Peter Gabriel.
Singelen nådde òg toppen av den amerikanske Mainstream rock tracks-lista.
Konsertversjonar[endre | endre wikiteksten]
Konsertopptak av «Invisible Touch» finst på albuma The Way We Walk, Volume One: The Shorts og Live over Europe 2007, samt DVDane Genesis Live at Wembley Stadium, The Way We Walk - Live in Concert og When in Rome 2007.
«Invisible Touch» vart framført på alle turneane til Genesis frå 1986 til 2007.
Eit konsertopptak frå 1991-1992 vart òg gjeven ut som singel, og i motsetnad til den originale singelen, nådde denne versjonen 7. plass på lista i Storbritannia.
Medverkande[endre | endre wikiteksten]
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Invisible Touch (song)» frå Wikipedia på engelsk, den 20. oktober 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Dean, Maury (2003). Rock N' Roll Gold Rush. Algora. s. 317. ISBN 0-87586-207-1.
- ↑ Genesis UK chart history, The Official Charts Company. Henta 30. september 2012.