Wind & Wuthering

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Wind & Wuthering
Studioalbum av Genesis
Utgjeve 23. desember 1976 (UK)
27. desember 1976 (US)[1]
Innspelt September – oktober 1976 i Relight Studios/Hilvarenbeek, NL
Sjanger Progressiv rock
Lengd 50:54
Selskap Charisma, Virgin, Atco
Produsent David Hentschel og Genesis
Kritikk
Genesis-kronologi
A Trick of the Tail
(1976)
Wind & Wuthering Spot the Pigeon
(1977)

Wind & Wuthering er det åttande studioalbumet til det britiske rockebandet Genesis, opphavleg gjeve ut i desember 1976.[1]

Tony Banks har omtalt Wind & Wuthering som eit av hans to favorittalbum av Genesis.[6] Steve Hackett har òg sagt han er veldig glad i dette albumet.[6]

Tittel[endre | endre wikiteksten]

Tittelen på albumet kjem frå to stykke: «Wind» kjem frå «The House of the Four Winds» (ein kinarestaurant i Manhattan), tittelen Hackett gav ti leit stykke som seinare vart det rolege mellomspelet på «Eleventh Earl of Mar»; medan «Wuthering» er hante frå romanen Wuthering Heights av Emily Brontë. Titlane på spor 7 og 8 er henta frå den siste setninga i romanen: «I lingered round them, under that benign sky: watched the moths fluttering among the heath and harebells, listened to the soft wind breathing through the grass, and wondered how any one could ever imagine unquiet slumbers for the sleepers in that quiet earth».

«Eleventh Earl of Mar» syner til den historiske figuren John Erskine, 11. jarlen av Mar. Den første linja i songen ('The sun had been up for a couple of hours, covered the ground with a layer of gold') er den første linja i romanen The Flight of the Heron av D. K. Broster.

«Afterglow» vart komponert av Tony Banks, som skildrar det som eit spontant stykke som vart skriven på omtrent like lang tid som det tar å spele det og som liknar litt på «Have Yourself A Merry Little Christmas». Denen songen vart mykje spelt på konsertane til Genesis dei neste 10 åra.

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Rolling Stone gav albumet positiv kritikk og hylla Genesis for å vere både meir eksperimentelle og meir basert på vanleg rock enn sine samtidige progrock-kollegaer. Dei trekte særleg fram «Your Own Special Way» som «ein førsteklasses popsong».[4]

Allmusic skreiv noko av det same om «Your Own Special Way», og kalla det «den første Genesis-songen som kan kvalifiserast som ein kjærleikssong».

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
# Tittel Låtskrivar(ar) Lengd
1. «Eleventh Earl of Mar»   Tony Banks, Steve Hackett, Mike Rutherford 7:41
2. «One for the Vine»   Banks 10:00
3. «Your Own Special Way»   Rutherford 6:15
4. «Wot Gorilla?»   Phil Collins, Banks 3:12
Side to
# Tittel Låtskrivar(ar) Lengd
1. «All in a Mouse's Night»   Banks 6:35
2. «Blood on the Rooftops»   Hackett, Collins 5:20
3. «Unquiet Slumbers for the Sleepers…»   Hackett, Rutherford 2:23
4. «…In That Quiet Earth»   Banks, Collins, Hackett, Rutherford 4:50
5. «Afterglow»   Banks 4:10

2007-versjonen[endre | endre wikiteksten]

Ein ny versjon av Wind & Wuthering kom ut i 2007. I USA og Canada vart han gjeven ut som ein del av boksen Genesis 1976-1982. Versjonen inneheld heile albumet miksa på nytt i stereo, heile albumet i kringlyd og tilknytte videospor.

Lister[endre | endre wikiteksten]

Wind & Wuthering nådde sjuandeplassen i Storbritannia der han låg på albumlista i 22 veker, og 26. plass i USA. I USA vart «Your Own Special Way» den første singelen til bandet som nådde singellista med Collins som solovokalist, med ein 62. plass. Songen vart òg mykje spelt på FM-radio.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Produksjon[endre | endre wikiteksten]

Turnè[endre | endre wikiteksten]

Genesis turnerte etter Wind & Wuthering mellom januar og juli 1977. Turneen var første gong dei spelte med Chester Thompson som trommeslagar og det var den siste turneen deira med gitarist Steve Hackett. Turneen vart dokumentert på konsertalbumet Seconds Out.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Gallo, Armando (1980). I Know What I Like. Los Angeles: D.I.Y Books. s. 161. ISBN 0-283-98703-0. 
  2. Wind & WutheringAllmusic
  3. Andy Fyfe Q,. mai 2007, Issue 250.
  4. 4,0 4,1 Marsh, Dave (1977-02-24). «Genesis: Wind & Wuthering : Music Reviews». Rolling Stone. Arkivert frå originalen den 2007-12-01. http://web.archive.org/web/20071201223301/http://www.rollingstone.com/artists/genesis/albums/album/136099/review/5943334/wind__wuthering. Henta 16. oktober 2012. 
  5. Nathan Brackett; Christian David Hoard (2004). The new Rolling Stone album guide. New York: Simon & Schuster. ss. 327-328. ISBN 978-0-7432-0169-8. 
  6. 6,0 6,1 Reissue Interviews 2007, on the Wind and Wuthering 2007 SACD/CD/DVD Release