Janne Formoe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Janne Miriam Rudolfsen Formoe (fødd 13. juli 1975), Kristiansand) er ein norsk profesjonell skodespelar, uteksaminert frå Statens Teaterhøgskole i 2000. Ho er best kjend som Sunniva i Kaptein Sabeltann-framsyningane i Dyreparken, 14 sesongar på rad frå ho var ung tenåring.

Janne Formoe har sidan 2003 vore tilknytt Nationaltheatret.

Frå 2010 er ho aktuell som Mona-Lizzie Olsen i Hotel Cæsar, og som stuntreportar i ManshowTV 2 Zebra. Ho har hatt fleire større- og mindre roller i ei lang rekkje teateroppsetjingar, tv-seriar og filmar.

Familie[endre | endre wikiteksten]

Ho er dotter av den folkekjære underhaldningsartisten og forfattaren Terje Formoe, som er best kjend som skaparen av Kaptein Sabeltann's verd. Janne Formoe var sambuar med Jan Fredrik Karlsen fram til desember 2006, og dei har ei dotter saman.