Jimmy Bond

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Jimmy Bond
Fødd27. januar 1933(1933-01-27)
FødestadPhiladelphia i USA
Død26. april 2012 (79 år)
DødsstadLos Angeles i California i USA
FødenamnJames Edward Bond Jr.
OpphavUSA
AktivTidleg i 1950-åra til seint i 1980-åra
SjangerJazz, R&B, pop, folk, gospel
InstrumentKontrabass
Verka somMusikar, komponist, arrangør

James Edward Bond Jr. (27. januar 193326. april 2012), kjend som Jimmy Bond, var ein USA-amerikansk kontrabassist, arrangør og komponist, som spelte med mange leiande artistar innan jazz, blues, folk og rock mellom 1950-åra og 1980-åra.

Han har mellom anna spelt med Charlie Parker, Thelonious Monk, Gene Ammons, Chet Baker, Ella Fitzgerald, Sonny Rollins og George Shearing i 1950-åra.[1]

Han flytta til Los Angeles i 1959 og vart fast bassist på nattklubben Renaissance på Sunset Boulevard, der han spelte med Ben Webster. Art Pepper, Jim Hall og Jimmy Giuffre, og var i studio med Paul Horn. Frå 1962 vart han studiomusikar i Los Angeles.[1] Frå då og fram til tidleg i 1970-åra, og stundom inn i 1980-åra, spelte han på hundrevis av innspelingar innan både jazz, rock, pop, folk og gospel. Han vart ein av medlemmane i The Wrecking Crew, ei gruppe studiomusikarar som ofte arbeidde for Phil Spector. Andre musikarar han spelte med var mellom andre Randy Newman, Frank Zappa, Tim Buckley, The Jazz Crusaders, Nina Simone, Lightnin' Hopkins, Jimmy Witherspoon, Linda Ronstadt, Henry Mancini, Lou Rawls, Tony Bennett og B.B. King.[2][3] Han arbeidde òg gradvis meir og meir som arrangør i lag med produsentane Nik Venet, David Axelrod og andre, i tillegg til at han komponerte og arrangerte jinglar for radio.[3]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Med Curtis Amy

Med Earl Anderza

Med Chet Baker

Med Louis Bellson

Med Tim Buckley

With Terry Gibbs

Med Joe Gordon

Med Lightnin' Hopkins

Med Paul Horn

Med The Jazz Crusaders

Med Irene Kral

Med Julie London

Med Brownie McGhee og Sonny Terry

Med Frank Morgan

Med Gerry Mulligan

Med Nina Simone

Med Art Pepper

Med Jim Sullivan

  • U.F.O. (Monnie, 1969)

Med Gerald Wilson

Med Jimmy Woods

Kjelder[endre | endre wikiteksten]