Mike Deasy

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Mike Deasy
Mike Deasy Parnu 1992.jpg
Mike Deasy i Pärnu i Estland 1992
Fødd4. februar 1941 (78 år)
FødestadLos Angeles
FødenamnMichael William Deasy
AliasFriar Tuck, Lybuk Hyd,
The Flower Pot, The Guitar Man
OpphavUSA
Aktiv1958 til i dag
SjangerRock, jazz
InstrumentGitar, sitar, song,
Kjende instrumentFender, PRS
PlateselskapCapitol, Sparrow, Saltmine
Verka somMusikar, låtskrivar

Michael William Deasy (fødd 4. februar 1941) er ein amerikansk er ein rocke- og jazzgitarist. Som studiomusikar har Deasy spelt på mange hitsinglar og album spelt inn i Los Angeles frå 1960- til 1980-åra. Han vert stundom omtalt som Mike Deasy Sr..

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Medan han enno var på vidaregåande skule byrja han å spele i banda som akkompagnerte vitjande musikarar som Ricky Nelson og The Everly Brothers, og spelte òg i turnébandet til Ritchie Valens i lag med Bruce Johnston, Larry Knechtel, Sandy Nelson og Jim Horn. I 1959 vart han med i gruppa til Eddie Cochran, the Kelly Four, der han spelte både gitar og barytonsaksofon og gjorde dei første innspelingane sine.[1][2][3] Han spelte òg med The Coasters og Duane Eddy.[4]

Då Cochran døydde i 1960 vart Deasy ein aktiv studiomusikar i Los Angeles.[5] Deasy gifta seg med systera til Jim Horn, Kathie i 1961, og paret starta seinare sitt eige platestudio og produksjonsselskap, Saltmine Recording. Han spelte som medlem av The Wrecking Crew med Hal Blaine, Joe Osborn, Larry Knechtel og andre, på innspelingar for Phil Spector, og spelte gitar på The Beach Boys-albumet Pet Sounds.[4][5] I 1960-åra og i seinare år arbeidde han òg for the Monkees, the Association, Scott McKenzie, Johnny Rivers, the Fifth Dimension, Rick Nelson, Randy Newman, Spanky & Our Gang, Tommy Roe, Fats Domino, The Byrds, Michael Jackson, Frank Zappa og andre.[4][1]

Han spelte gitar (med Tommy Tedesco og Al Casey) på Elvis Presley sin TV-spesial i 1968, Elvis. Han heldt òg konsertar med musikarar som Cannonball Adderley og Little Richard, og vann magasinet Down Beat si lesarundersøking i 1968.[2] I 1969 vart han av plateprodusenten Terry Melcher invitert til å spele med den nyoppdaga songaren og låtskrivaren Charles Manson.[6] Deasy forlét heimen til Manson etter tre dagar «i ein tilstand av doppåverka paranoia».[5]

Deasy heldt fram å spele for leiande musikarar, som Frank Sinatra, Ella Fitzgerald, Barbra Streisand, Chet Baker og Mel Tormé.[4] Gitaren hans er med i musikken til fleire filmar som The Graduate, Guess Who's Coming to Dinner, Duel, Bullitt og Dirty Harry, og mange reklamefilmar.[4][7]

Frå tidleg i 1970-åra vart Deasy nykristen og spelte i aukande grad kristen musikk.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]