Pretzel Logic

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne artikkelen handlar om albumet. For songen, sjå songen Pretzel Logic.
Pretzel Logic
Studioalbum av Steely Dan
Utgjeve 20. februar 1974
Innspelt Oktober 1973 til januar 1974
Studio The Village Recorder i Los Angeles
Sjanger
Lengd 34:02
Selskap ABC
Produsent Gary Katz
Steely Dan-kronologi
Countdown to Ecstasy
(1973)
Pretzel Logic Katy Lied
(1975)


Singlar frå Pretzel Logic
  1. «Rikki Don't Lose That Number»
    Utgjeve: 25. april 1974
  2. «Pretzel Logic»
    Utgjeve: 20. juni 1974

Pretzel Logic er det tredje studioalbumet til det amerikanske rockebandet Steely Dan, utgjeve 20. februar 1974 på ABC Records. Albumet vart skrive av bandmedlemmane Walter Becker og Donald Fagen, og spelt inn i The Village Recorder i Los Angeles med produsenten Gary Katz. Det var det siste albumet deira som kvintett med Becker, Fagen, Denny Dias, Jeff Baxter og Jim Hodder. I tillegg hadde albumet viktige bidrag frå fleire prominente studiomusikarar i Los Angeles.

Albumet selde godt og fekk god kritikk då det kom ut. Hitsingelen «Rikki Don't Lose That Number» vart mykje spelt på radio, etter at det førre albumet, Countdown to Ecstasy frå 1973, hadde skuffande salstal. Pretzel Logic kom ut på CD i 1987 og vart ommastra i 1999.

Innspeling og produksjon[endre | endre wikiteksten]

Pretzel Logic vart spelt inn i The Village Recorder i Los Angeles.[3] Det vart produsert av Gary Katz og hovudsakleg skriven av Walter Becker og Donald Fagen, som òg var vokalist.[4] Albumet markerte byrjinga av Becker og Fagen i rollene som hovudmedlemmane i Steely Dan. Dei henta inn markante studiomusikarar frå Los Angeles for å spele inn albumet, men brukte dei berre for enkelte ekstra lydspor,[5] utanom trommene. Den opphavlege trommeslagaren Jim Hodder vart redusert til korsongar og vart erstatta av Jim Gordon og Jeff Porcaro på trommer på alle songane. Steely Dan-medlemmet Jeff «Skunk» Baxter spelte pedalsteelgitar og handtrommer.[4]

Plateomslaget syner ein kringlekiosk i New York, teken av Raeanne Rubenstein,[6] ein fotograf som brukte å ta bilete av musikarar og Hollywood-kjendisar.[7] Biletet vart teke på vestsida av Fifth Avenue og 79th Street, ved ein av inngangane til Central Park kalla «Miners' Gate».[8]

Musikk og tekst[endre | endre wikiteksten]

Pretzel Logic har kortare songar og færre soloar enn på Countdown to Ecstasy.[9] Steely Dan prøvde å oppnå heilskaplege musikalske uttrykk i løpet av tre minuttar lange popsongar.[4] Musikken på albumet er prega av harmoniar, kontramelodiar og bop-fraseringar.[9] Det legg òg ofte vekt på streit pop.[10] Dei synkoperte pianolinjene som opnar «Rikki Don't Lose That Number» utvikla seg til ein popmelodi og tittelsporet går over frå ein bluessong til eit jazza refreng.[9]

Steely Dan nytta ofta jazz i musikken sin i 1970-åra.[11] «Rikki Don't Lose That Number» har eit bassmønster frå Horace Silver-songen «Song for My Father» frå 1965,[11] medan «Parker's Band» har Charlie Parker–aktige riff og ein tekst som inviterer lyttaren til å «ta eit stykke av Mr. Parker's band.»[12] Gitarspelinga til Baxter var basert på både jazz og rock and roll. På Duke Ellington sin «East St. Louis Toodle-oo», imiterer han ein ragtime-aktig,sordin trombonesolo.[4] Visse songar nyttar instrument, som eksotisk perkusjon, fiolin, bjøller og horn.[4] Musikkritikaren Robert Christgau skreiv at soloane er «funksjonelle heller enn personlege og uttrykksfulle, låst fast i musikken».[12]

Utgjeving[endre | endre wikiteksten]

Pretzel Logic kom ut på ABC Records den 20. februar 1974,[13] og selde godt.[10] Det nådde åttandeplassen på Billboard 200 og vart det tredje albumet deira som selde til gullplate i USA.[14] Etter dei skuffande salstala til Countdown to Ecstasy, sendte albumet dei igjen inn på radio med singelen «Rikki Don't Lose That Number»,[15] som vart den største hitten deira i heile karrieren, då han nådde fjerdeplassen på Billboard Hot 100.[16] 7. september 1993 hadde Pretzel Logic selt til platinaplate USA for ein million selde eksemplar i USA.[13]

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svg[9]
Chicago Tribune4/4 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svg[17]
Christgau's Record GuideA+[12]
Encyclopedia of Popular Music5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svg[18]
The Great Rock Diskografi9/10[19]
Music Story5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svg[19]
MusicHound Rock4.5/5[19]
The Rolling Stone Album Guide5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svg[20]
Tom Hull – on the WebA+[21]
Uncut5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svg[22]

Pretzel Logic vart hylla av kritikarane då det kom ut.[10] Bud Scoppa frå Rolling Stone meinte at «den fantastiske, flytande ensemble-lyden» på albumet ikkje var høyrt før i popverda og sa at dei fleirtydige tekstane «skapte ein kjenslemessig ladd atmosfære, og dei beste er ganske påverkande.»[4] Down Beat meinte at «det finst ikkje ei betre rockegruppe i Amerika, og forbanna få i resten av verda.»[5] Christgau meinte at albumet var nyskapande og skreiv i Creem: «Musikken kan kallast jazza utan å verke fornærmande, og Donald Fagen og Walter Becker er den verkelege verda sitt svar på Robert Hunter og Jerry Garcia[23] I ei meir middels melding var Noel Coppage i Stereo Review imponert over musikken, men meinte «tekstane forvirrar meg. Kanskje dei veit kva dei snakkar om, meg eg har inga aning.»[24]

Mot slutten av 1974 vart Pretzel Logic kåra til årets album i magasinet NME,[25] og det hamna på andreplassen for 1974 i den årlege Pazz & Jop-kåringa blant kjende kritikarar i The Village Voice.[26] Christgau, som skapte kåringa, rangerte albumet på toppen av si eiga liste.[27] Han skreiv seinare at albumet innkapsla «den seige perversiteten til Steely Dan, like passande som tittelen», med vokal av Fagen som «verkar som eit gyldent middel av popvokal, strippa for drama og teknikk, nesten ... oppriktig, smålåten.»[12]

I The All-Music Guide to Rock (1995) gav Rick Clark albumet fem av fem stjerner og sa at det var Steely Dan si «mest suksessrike blanding av kjærleiken for jazz med ein stram pop/rock-stil.»[2] Allmusic-skribenten Stephen Thomas Erlewine kalla plata det «rikaste albumet» deira og skreiv at låtskrivinga til Becker og Fagen hadde blitt «saumlaus, medan dei klarte å halde på særpreget og vere spanande tilgjengeleg.»[9] Stylus Magazine-skribenten Patrick McKay sa at det var eit «suverent» album og meinte dei «brukte seg av dei beste studiomusiakrane som kunne realisere dei stadig meir komplekse komposisjonane deira.»[28] Rob Sheffield skreiv i The Rolling Stone Album Guide (2004) at «låtskrivinga til Steely Dan og synginga til Fagen var på sitt beste: Heile albumet er feilfritt».[20]

Pretzel Logic har vore med på mange lister over beste album gjennom tidene.[29] I 1994 vart det rangert på 67. plassen i boka All Time Top 1000 Albums av Colin Larkin, som meinte at blandinga av jazz, R&B og pop var «særs nyskapande» og «større enn summen av partane»[30] (i den neste utgåva frå 2000 hadde albumet falle ned til 292. plassen).[31] I 2003 rangerte Rolling Stone Pretzel Logic på 385. plassen på lista si over dei 500 beste albuma gjennom tidene,[32] og 386. plassen på den reviderte utgåva frå 2012.[33] På den oppdaterte lista deira frå 2020 var ikkje albumet med lenger. Basert på slike rangeringar har samlenettsida Acclaimed Music Pretzel Logic på 403. plassen på lista over tidenes beste album, 114. plassen for 1970-åra og sjuandeplassen for 1974.[29]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar skrivne av Walter Becker og Donald Fagen, utanom der andre er nemnde.

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Rikki Don't Lose That Number» 4:32
2.«Night by Night» 3:40
3.«Any Major Dude Will Tell You» 3:05
4.«Barrytown» 3:17
5.«East St. Louis Toodle-Oo»Duke Ellington, Bubber Miley2:45
Side to
Nr.TittelLengd
1.«Parker's Band»2:36
2.«Through with Buzz»1:30
3.«Pretzel Logic»4:32
4.«With a Gun»2:15
5.«Charlie Freak»2:41
6.«Monkey in Your Soul»2:31

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Steely Dan[endre | endre wikiteksten]

Andre medverkande[endre | endre wikiteksten]

Produksjon[endre | endre wikiteksten]

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Album

År Liste Plassering
1974 Pop Albums 8

Singlar

År Singel selskap & number Plassering
1974 «Pretzel Logic» (B-side: «Through With Buzz») ABC 12033 57
1974 «Rikki Don't Lose That Number» (B-side: «Any Major Dude Will Tell You») ABC 11439 4

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Varis, Chris (7. juli 2000). «Steely Dan revival a mix of fun surprises, letdowns». The Cincinnati Enquirer. Henta 11. januar 2021. 
  2. 2,0 2,1 Clark, Rick; et al. (October 1995). Erlewine, Michael, red. The All-Music Guide to Rock. Miller Freeman, Inc. ISBN 087930376X. Check |isbn= value: invalid character (hjelp). 
  3. «Steely Dan - Pretzel Logic CD Album». CD Universe. Muze. Henta 11. januar 2021. 
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 4,4 4,5 Scoppa, Bud (23. mai 1974). «Pretzel Logic». Rolling Stone (New York). Henta 11. januar 2021. 
  5. 5,0 5,1 Morse 1998, s. 189.
  6. Sweet, Brian (2015). Steely Dan: Reelin' In the Years (Updated utg.). London: Omnibus Press. s. PT126. ISBN 978-1-78323-529-2. 
  7. «Fotografi: Meeting Country Music's Superstars: Behind Each Portrait, A Story». NPR. 27. september 2014. Arkivert frå originalen 2015-03-13. Henta 12. januar 2021. 
  8. «Pretzel Logic - Steely Dan (1974)» at popspotsnyc.com
  9. 9,0 9,1 9,2 9,3 9,4 Erlewine, Stephen Thomas. «Pretzel Logic - Steely Dan». Allmusic. Henta 11. januar 2021. 
  10. 10,0 10,1 10,2 Bacon, Tony (February 1981). «The Royal Scam». Hi-Fi News & Record Review (London) 26 (2): 71. 
  11. 11,0 11,1 English 2007, s. 12.
  12. 12,0 12,1 12,2 12,3 Christgau, Robert (1981). «Consumer Guide '70s: S». Christgau's Record Guide: Rock Albums of the Seventies. Ticknor & Fields. ISBN 089919026X. Henta 11. januar 2021 – via robertchristgau.com. 
  13. 13,0 13,1 «American album certifications – Steely Dan». Recording Industry Association of America. If necessary, click Advanced, then click Format, then select Album, then click SEARCH. Henta 9. januar 2021. 
  14. Rees & Crampton 1991, s. 501.
  15. Uslan, Clark & Solomon 1981, s. 392.
  16. English 2007, s. 13.
  17. Kot, Greg (16. august 1992). «Thrills, Scams and Nightflys». Chicago Tribune. Henta 9. januar 2021. 
  18. Larkin, Colin (2007). Encyclopedia of Popular Music (5th utg.). Omnibus Press. ISBN 978-0857125958. 
  19. 19,0 19,1 19,2 «Pretzel Logic». Acclaimed Music. Henta 9. januar 2021. 
  20. 20,0 20,1 Sheffield et al. 2004, s. 798–9.
  21. Hull, Tom (n.d.). «Grade List: Steely Dan». Tom Hull – on the Web. Henta 9. januar 2021. 
  22. «Review: Pretzel Logic». Uncut (London): 88. October 2000. 
  23. Christgau, Robert (July 1974). «The Christgau Consumer Guide». Creem. Henta 11. januar 2021. 
  24. Coppage, Noel (July 1974). «Steely Dan: Pretzel Logic». Stereo Review 33 (1): 94. 
  25. «Pictures of NME's albums of the year, 1974-2011». NME.com. IPC Media. Arkivert frå originalen 29. desember 2011. Henta 4. mai 2013. 
  26. «The 1974 Pazz & Jop Critics Poll». The Village Voice (New York). 20. januar 1975. Henta 11. januar 2021. 
  27. Christgau, Robert (20. januar 1975). «Our Own Critics' Poll». The Village Voice (New York). Henta 11. januar 2021. 
  28. McKay, Patrick (27. august 2007). «Top Ten Obscure Steely Dan Lyrics». Stylus Magazine. Arkivert frå originalen 12. oktober 2007. Henta 12. januar 2021. 
  29. 29,0 29,1 «Steely Dan – Pretzel Logic». Acclaimed Music. Henta 12. januar 2021. 
  30. Larkin, Colin (1994). Guinness Book of Top 1000 Albums (1 utg.). Gullane Children's Books. s. 29. ISBN 978-0-85112-786-6. 
  31. «Rocklist». Henta 22. juli 2018. 
  32. Levy, Joe; Steven Van Zandt (2006) [2005]. «385 | Pretzel Logic - Steely Dan». Rolling Stone's 500 Greatest Albums of All Time (3rd utg.). London: Turnaround. ISBN 1-932958-61-4. OCLC 70672814. Henta 12. januar 2021. 
  33. «500 Greatest Albums of All Time Rolling Stone’s definitive list of the 500 greatest albums of all time». Rolling Stone. 2012. Henta 12. januar 2021. 
  34. http://www.toto-music.net/jeff_tribute/prasa/prasa25.php

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]