Katy Lied

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Katy Lied
Studioalbum av Steely Dan
Språk engelsk
Utgjeve Mars 1975
Innspelt November 1974 til januar 1975
Studio ABC, Los Angeles
Sjanger
Lengd 35:25
Selskap ABC
Produsent Gary Katz
Steely Dan-kronologi 
Pretzel Logic
(1974)
Katy Lied The Royal Scam
(1976)


Singlar frå Katy Lied
  1. «Black Friday»
    Utgjeve: 1975
  2. «Bad Sneakers»
    Utgjeve: September 1975

Katy Lied er det fjerde studioalbumet til det amerikanske rockebandet Steely Dan, gjeve ut i 1975 på ABC Records. Det selde til gullplate og nådde 13. plassen på den amerikanske albumlista.[1] Singelen «Black Friday» nådde 37. plassen på singellista.[2]

Albumet var det første etter den originale kvintetten Steely Dan bestod av vart oppløyst album. Tre av medlemmane slutta etter ein krangel om turnering og innspelinga. Donald Fagen og Walter Becker ønskte ikkje lenger å turnere og berre fokusere på album. Dei ønskte òg i aukande grad å bruke studiomusikarar, og spelte inn albumet med fleire prominente studiomusikarar frå Los Angeles. Det var første gongen songaren Michael McDonald song på eit Steely Dan-album. Jeff Porcaro, som då berre var 20 år gammal, spelte trommer på alle songane utanom «Any World (That I'm Welcome To)», som vart spelt av trommeslagaren Hal Blaine. Det var òg første gongen for Larry Carlton, som spelte gitar på «Daddy Don't Live in That New York City No More».

Bandleiarane Becker og Fagen var misnøgde med lydkvaliteten på albumet på grunn av eit nytt støyreduksjonssystem. Gruppa har hevda at skaden stort sett vart fiksa etter å ha snakka med teknikarar hos dbx, som leverte systemet, men Fagen og Becker nektar framleis å lytte til det ferdige albumet.

Albumet kom ut på ny på MCA Records etter at ABC Records vart kjøpt av MCA i 1979.

Konsept[endre | endre wikiteksten]

Plateomslaget syner biletet av ein katydid, eit «syngjande» insekt i slekt med sirissar og grashopper. Dette er eit ordspel på platetittelen, som kjem frå ei linje i «Doctor Wu»: «Katy lies, you can see it in her eyes».

Sporet «Black Friday», som kom ut som den første singelen frå albumet, fortel soga ein skurkaktig spekulant som tener store pengar og rømmer til Australia. Muswellbrook, ein by i New South Wales, passa inn i teksten, som Fagen seinare forklarte: «Det var den staden som var lengst unna LA som me kom på... og sjølvsagt passa det takten i songen og rima med book». Dei som spelte på sporet var Michael Omartian på piano og David PaichHohner elektrisk piano.[3]

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic5/5 stars[4]
Chicago Tribune3.5/4 stars[5]
Christgau's Record GuideA–[6]
Encyclopedia of Popular Music3/5 stars[7]
The Great Rock Diskografi8/10[8]
MusicHound Rock4/5[9]
Pitchfork9.1/10[10]
The Rolling Stone Album Guide4.5/5 stars[11]
Tom Hull – on the WebA[12]

I ei melding for The Village Voice i 1975, sa Robert Christgau at Katy Lied kan ha vore det «største» Steely Dan-albumet, men fann det «litt skuffande» på eit musikalsk nivå på grunn av tapet av gitaristen Skunk Baxter og det han såg på som «kul, cerebral, ein-dimensjonal» jazzgitar. Han innrømde likevel at han spelte plata ofte[13] og rangerte det som det tredje beste albumet i 1975 i kritikarundersøkinga Pazz & Jop,[14] der det totalt sett hamna på sjetteplassen.[15] John Mendelsohn var meir kritisk i Rolling Stone, og meinte at «uansett kor ulasteleg smakfullt og intelligent» musikken til Steely Dan kan vere i teorien, rørte det ikkje kjenslene hans og var berre «eksemplarisk godt utforma og uvanleg intelligent søppel». Mendelsohn meinte tekstane var interessante, men usynleg, musikalsk smakfullt og godt utført, men ikkje stimulerande, og røysta til Fagen er framleis unik, men tilsynelatande lidenskapslaus.[16]

Katy Lied vart seinare kalla «anonymt, heilt upåklageleg swing-pop» av Rolling Stone-skribenten Cameron Crowe, som ikkje såg at det «viser kjensler på billig vis»,[17] medan Travis Elborough meinte det ikkje var på nivå med Pretzel Logic frå 1974 eller Aja frå 1977 «men likevel der oppe med jazzrock-klassikarane».[18] Stephen Thomas Erlewine meinte det var ei meir raffinert utgåve av Pretzel Logic og «nok ei glimrande plate» frå Steely Dan i ei seinare medling for AllMusic.[4] I The Rolling Stone Album Guide (2004) sa Rob Sheffield at albumet fullførte ein trilogi av album, som byrja med Countdown to Ecstasy (1973), og som var «ei rockeutgåve av Chinatown, ei filmnoir-reise blant dekadente taparar, showbiz-folk og kokainmisbrukarar i L.A.».[11] Jazzhistorikaren Ted Gioia meiner at albumet er eit døme på at Steely Dan «syner at poprock kunne ha god nytte av ein sunn dose jazz», i ein periode då rockemusikarar ofte eksperimenterte med jazz..[19]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Walter Becker og Donald Fagen.

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Black Friday»3:40
2.«Bad Sneakers»3:16
3.«Rose Darling»2:59
4.«Daddy Don't Live in that New York City No More»3:12
5.«Doctor Wu»3:59
Side to
Nr.TittelLengd
6.«Everyone's Gone to the Movies»3:41
7.«Your Gold Teeth II»4:12
8.«Chain Lightning»2:57
9.«Any World (That I'm Welcome To)»3:56
10.«Throw Back the Little Ones»3:11
Total lengd:35:25

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Steely Dan[endre | endre wikiteksten]

Andre medverkande[endre | endre wikiteksten]

Produksjon[endre | endre wikiteksten]

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Album[1]

År Liste Plassering
1975 Pop Albums 13
1975 UK Albums 13

Popsinglar

År Singel Selskap & nummer Plassering
1975 «Black Friday» (B-side: «Throw Back the Little Ones») ABC 12101 37[2]
1975 «Bad Sneakers» (B-side: «Chain Lightning») ABC 12128 103

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Katy LiedAllmusic. Henta 13. januar 2021.
  2. 2,0 2,1 Katy LiedAllmusic. Henta 13. januar 2021.
  3. Sweet, Brian (2000). Steely Dan: Reelin' in the Years. Omnibus Press. ISBN 9780711982796. 
  4. 4,0 4,1 Erlewine, Stephen Thomas. Katy LiedAllmusic. Henta 13. januar 2021.
  5. Kot, Greg (16. august 1992). «Thrills, Scams and Nightflys». Chicago Tribune. Henta 13. januar 2021. 
  6. Christgau, Robert (1981). «Consumer Guide '70s: S». Christgau's Record Guide: Rock Albums of the Seventies. Ticknor & Fields. ISBN 089919026X. Henta 11. januar 2021 – via robertchristgau.com. 
  7. Larkin, Colin (2011). «Steely Dan». The Encyclopedia of Popular Music (5th concise utg.). Omnibus Press. ISBN 0-85712-595-8. 
  8. Strong, Martin Charles (2002). «Steely Dan». The Great Rock Diskografi. The National Academies. ISBN 1-84195-312-1. 
  9. Graff, Gary (1996). «Steely Dan». I Graff, Gary. MusicHound Rock: The Essential Album Guide. Visible Ink Press. ISBN 0787610372. 
  10. Richardson, Mark (20. november 2019). «Steely Dan: Katy Lied». Pitchfork. Henta 13. januar 2021. 
  11. 11,0 11,1 Sheffield, Rob (2004). «Steely Dan». I Brackett, Nathan; Hoard, Christian. The New Rolling Stone Album Guide. Simon and Schuster. s. 778–9. ISBN 0743201698. 
  12. Hull, Tom (n.d.). «Grade List: Steely Dan». Tom Hull – on the Web. Henta 9. januar 2021. 
  13. Christgau, Robert (21. april 1975). «What Kind of a Best Rock and Roll Band in the World Is This?». The Village Voice. Henta 13. januar 2021. 
  14. Christgau, Robert (29. desember 1975). «It's Been a Soft Year for Hard Rock». The Village Voice. Henta 13. januar 2021. 
  15. Anon. (29. desember 1975). «The 1975 Pazz & Jop Critics Poll». The Village Voice. Henta 13. januar 2021. 
  16. Mendelsohn, John (8. mai 1975). «Steely Dan Katy Lied > Review». Rolling Stone (186). Arkivert frå originalen 17. desember 2007. Henta 13. januar 2021. 
  17. Crowe, Cameron (15. desember 1977). «[no title]». Rolling Stone. 
  18. Elborough, Travis (2009). The Vinyl Countdown: The Album from LP to iPod and Back Again. Soft Skull Press. s. 322. ISBN 1593763484. 
  19. Gioia, Ted (2011). The History of Jazz. Oxford University Press. s. 332. ISBN 9780199831876. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]