Rainy Day Women No. 12 & 35

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Rainy Day Women #12 & 35
Singel av Bob Dylan
frå albumet Blonde on Blonde
B-side «Pledging My Time»
Utgjeve April 1966
Innspelt 10. mars 1966
Sjanger Folkrock, jazz
Lengd 4:36
Selskap CBS
Låtskrivar(ar) Bob Dylan
Produsent Bob Johnston
Bob Dylan-kronologi
«One of Us Must Know (Sooner or Later)»
(1966)
Rainy Day Women #12 & 35 «I Want You»
(1966)

«Rainy Day Women #12 & 35» er ein song av Bob Dylan og opningssporet på albumet hans Blonde on Blonde frå 1966.

Songen er kjend for dei uvanlege instrumenta og er den einaste songen på Blonde On Blonde med blåsarar. Kvar linje i versa startar med den noko linja «They'll stone ya», medan refrenget går «But I would not feel so all alone--everybody must get stoned!». Stoned kan på engelsk tyde både å verte steina og å vere påverka (stein) av narkotika. Songen vart bannlyst av mange amerikanske radiostasjonar og av BBC, sidan dei såg på songen som ein «dopsong».

Songen er i røynda ein enkel bluessong i F. Delar av songen vert spelt av trombone, tuba, piano, bass, trommer og tamburin. Ein kan òg høyre mykje rop og latter i bakgrunnen, og Dylan sjølv ler fleire gonger medan han syng songen. Songen nådde andreplass på den amerikanske singellista og 7. plass i Storbritannia.

Andre utgåver[endre | endre wikiteksten]

Andre artistar som har spelt songen er mellom andre Lester Flatt og Earl Scruggs, The Black Crowes, Ben Fong-Torres, Sammy Hagar, Jessi Colter og Jimmy Buffett.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]