Samisk språkforvaltingsområde

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Samisk språkforvaltingsområde, eller forvaltingsområdet for samisk språk eit område der norsk og samisk er likestilte språk, slik at kommunale og statlege organ i kommunane pliktar å leggje tilrette for bruk av samisk språk. Dei som brukar samisk språk når dei kontaktar eit offentleg organ innan forvaltningsområdet, har i mange tilfelle krav på å få svar på samisk. Den norske kyrkja skal innanfor forvaltingsområdet yte individuelle kyrkjelege tenester på samisk. Kongen fastset kva for norske kommunar som skal inngå i det samiske språkforvaltingsområdet.[1]

Tolv kommunar er med i det samiske språkforvaltningsområdet: Nesseby, Tana, Karasjok, Porsanger, Kautokeino, Kåfjord, Lavangen, Tysfjord, Snåsa, Røyrvik[2], Hattfjelldal[3] og Røros[4] kommunar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]