Hopp til innhald

Samiske kommunar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Samiske kommunar er kommunar i Noreg, Finland, Sverige og Russland der eitt eller fleire samiske språk har ein offisiell status.

Tradisjonelle grenser for dei samiske språkregionane: 1. Sørsamisk, 2. Umesamisk, 3. Pitesamisk, 4. Lulesamisk, 5. Nordsamisk, 6. Skoltesamisk, 7. Enaresamisk, 8. Kildinsamisk, 9. Tersamisk. Mørkare område representerer kommunar der samisk er eit offisielt språk. På norsk side manglar kommunane Hamarøy, Hattfjelldal, Røros, Røyrvik og Tjeldsund på dette kartet.

Desse kommunane er:

I Finland høyrer desse kommunane med i det samiske forvaltningsområdet:

Kart over alle kommunar i Noreg, Sverige og Finland som høyrer til under det samiske forvaltningsområdet i desse tre landa. På norsk side manglar kommunane Hamarøy, Hattfjelldal, Røros, Saltdal og Tjeldsund på dette kartet.

I det opphavlege samiske forvaltingsområdet var det fire kommunar, Arjeplog, Jokkmokk, Gällivare og Kiruna. Sidan har det vore fire utvidingar av forvaltingsområdet, hhv. i 2010, 2012, 2018 og 2019. Med den siste utvidinga 1. januar 2024[1] utgjer forvaltingsområdet for dei samiske språka no 26 kommunar.[2][3] Lova presiserer ikkje kva samisk(e) språk som er offisielt språk innanfor kvar kommune.

Det samiske forvaltningsområdet i Noreg

[endre | endre wikiteksten]

I det opphavlege forvaltningsområdet for samisk språk frå 1.1.1992 var det berre seks kommunar, alle frå nordsamisk område, fem i Finnmark og éin (Kåfjord) i Troms.[4] I dag består forvaltningsområdet av 14 kommunar. Kommunane er delt inn i tre kommunekategorier kalla språkstimuleringskommunar, språkvitaliseringskommunar og språkutviklingskommunar. Skilnaden mellom dei tre kategoriane er gjort greie for av Kultur- og distriktsdepartementet[5] og fordeling av kommunar er gjort i ei eiga forskrift:[6]

Pliktene til forvaltningskommunane går fram av Samelova. For alle forvaltningskommunane skal kunngjeringar, skjema og forskrifteer vere tilgjengelege både på samisk og norsk (§3-2). Kommunen skal i lag med fylkeskommunen drøfte korleis dei kan styrke samisk språk i planarbeidet sitt (§3-13), og tilsette i offentlege organ har rett til permisjon med lønn for å skaffe seg kunnskap viss organet treng det (§3-7).

I tillegg har kommunane i kvar av dei tre ulike kategoriane ulike plikter, som vist nedanfor. Alle pliktene i førre kategori gjeld også for kommunane i neste kategori på lista.

Språkstimuleringskommunar

[endre | endre wikiteksten]

Dette er det lågaste nivået. Disse kommunene skal sørge for et samisk språk- og kulturtilbud til barn, unge og eldre (Samelova § 3-10). I denne kategorien er det ein kommune (frå 1.1.2026):

Språkvitaliseringskommunar

[endre | endre wikiteksten]

For språkvitaliseringskommunar gjeld det at den som vender seg munnleg eller skriftleg på samisk til organa i kommunen, har rett til svar på samisk (§ 3-3). Den som ønskjer å bruke samisk ovafor offentlege helse- og omsorgsinstitusjonar har rett til å bli betent på samisk (§ 3-5).

Følgjande kommunar er språkvitaliseringskommunar:

Språkutviklingskommunar

[endre | endre wikiteksten]

I språkutviklingskommunar er retten til munnleg svar ein rett til samtidig munnleg svar, dvs. at dat i kommunen skal vere samiskspråklege sakshandsamarar. Samisk skal i desse kommunane vere likestilt med norsk i den interne kommunale administrasjonen og i kommunestyret. Kommunestyret kan bestemme at samisk også skal vere likestilt med norsk i andre folkevalde organ.

Følgjande kommunar er språkutviklingskommunar:


I alle andre kommunar (også utanfor forvaltningsområdet) kan kommunestyret bestemme at samisk skal vere likestilt med norsk i heile eller delar av den interne kommunale administrasjonen og i dei fleste folkevalde organ (§ 3-9).

Tidlegare og potensielt nye samiske kommunar

[endre | endre wikiteksten]

Tysfjord (lulesamisk, frå 1.1.2006 til 31.12.2019) er frå 2020 delt i to, og inngår i dag i høvesvis nye Hamarøy og Narvik kommunar. Nye Hamarøy kommune vart med dette innlemma i språkforvaltningsområdet, men ikkje nye Narvik kommune.

Bodø vedtok i bystyret 9.12.2021 å søka innlemming i forvaltningsområdet for samisk språk.[11] Det er uklart om søknaden er send, og ev. når det vil verta gjort vedtak om innlemming av Kongen i Statsråd.[12] Det litt spesielle med Bodø sin situasjon er at kommunen strekkjer seg over to samiske språkområde, lulesamisk og pitesamisk, og kommunen ønskjer derfor å søkja innlemming for begge språka. Bodø vil i så fall verta den fyrste samiske kommunen med to offisielle samiske språk, den andre lulesamiske kommunen (etter Hamarøy).

Sjå også

[endre | endre wikiteksten]
  1. «Skellefteå kommun blir samiskt förvaltningsområde» (på svensk). 2023-11-16. Henta 2023-11-18.
  2. «Förvaltningsområdena växer stadigt» (på svensk). 2023-11-09. Henta 2023-11-18.
  3. «Lag (2009:724) om nationella minoriteter och minoritetsspråk» (på svensk). 2022-03-01. Henta 2023-11-18.
  4. I lovframlegget frå 21.12.1990 var berre dei 5 Finnmarkskommunane med, men Stortinget la til Kåfjord i vedtaket om opprettinga av forvaltingsområdet, som vart gjort gjeldande frå 1.1.1992.
  5. Det samiske forvalningsområdet
  6. 1 2 «Forskrift om forvaltningsområdet for samiske språk - Lovdata», lovdata.no, henta 2026-08-23
  7. Kommunal- og moderniseringsdepartementet
  8. Digitaliseringsdirektoratet
  9. moderniseringsdepartementet, Kommunal-og (2018-05-15), «Røros inn i forvaltningsområdet for samisk språk», Regjeringen.no (på norsk), henta 2020-08-27
  10. «Forskrift om forvaltningsområdet for samisk språk - Lovdata», lovdata.no, henta 2020-08-27
  11. Nergård, Naima Khan (2021-12-09). «Første by i Norge likestiller samisk og norsk». NRK (på norsk bokmål). Henta 2022-03-30.
  12. «Regjeringa si temaside om forvaltningsområdet for samisk språk» (på norsk bokmål). 2022-04-29. Henta 2022-05-14.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]