Slåttar frå Hardanger

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Hardanger er attmed Voss det rikaste og mest sentrale hardingfeledistriktet i Hordaland. Området har vore ein gjæringsstad for slåttar og for utveksling av slåttar til andre område, særskild Telemark. Det finst likevel ein rad slåttar som berre er funne her.

Rull[endre | endre wikiteksten]

etter Severin Kjerland[endre | endre wikiteksten]

Severin Kjerland frå Granvin, far til Anders S. Kjerland, var kjelde til ei rekkje rudlar som ikkje var å finne andre stader. Desse slåttane fekk nummer 1 til 9:

Severin Kjerland hadde og to sermerkte Huldreslåttar:

Rull 2/4:

Etter Per Kjepso[endre | endre wikiteksten]

Per Kjepso var frå Kvam i Hardanger.

Dette er eit døme på eit av dei redaksjonelle mistaka i verket. Slåtten er nett den same, trykt opp to gonger i same bandet.Arne Bjørndal skreiv ned slåtten i 1920-åra, og han vart registrert to gonger. Difor vart han og trykt to gonger ved eit mistak. Slåtten er opphavleg etter Olav Håstabø (B 2243). Ein kan og merke seg at Bjørndal har notert slåtten noko ulikt i dei to versjonane, medan Kjepso har spela han på same vis.

Andre kjelder[endre | endre wikiteksten]

Springar[endre | endre wikiteksten]

Slåttekrinsar med opphav i Hardanger[endre | endre wikiteksten]

Ein del av slåttane etter Nils Rekve vart vandreslåttar og henta til Telemark med Knut Lurås og Myllarguten. Mellom desse finn ein

Håstabøen[endre | endre wikiteksten]

Hardingfeleverket nr 366. Slåttenamnet etter Olav Håstabø i Kinsarvik. Det var Ola Mosafinn som gav springaren dette namnet, av di han ville heidre kjelda si. Håstabø hadde slåtten frå Per Bulko.

Vetla gjento mi[endre | endre wikiteksten]

Hardingfeleverket nr 390. Nedstilt bass. Båe nedskrifter er gjort av Arne Bjørndal. Slåtten er gamal i Hordaland, og skriv seg vel helst frå Nils Rekve.

Sagafossen/Bulkospringar[endre | endre wikiteksten]

Hardingfeleverket nr 392. Slåtten har vandra til Telemark og attende. Det er sagt at Ola Bulko frå inst i Sørfjorden skulle ha laga slåtten. Per Bulko pla nytte slåtten når han spela i bryllaup.

Jomfru Lisken[endre | endre wikiteksten]

Hardingfeleverket nr 393. Båe former skrivne opp av Arne Bjørndal. Jomfru Lisken var dotter av Sokneprest Liske i Ullensvang. Ho gjekk ofte og tralla på denne slåtten, og så fekk han namn etter henne.

Springar[endre | endre wikiteksten]

Hardingfeleverket nr 394. Båe former skrivne ned av Arne Bjørndal. Kjelda for slåtten er Lars Røynstrond frå Granvin. Han skal ha slåtten frå Myllarguten.

Ungkoneslåtten[endre | endre wikiteksten]

Hardingfeleverket nr 415. Slåtten har og vore nytta i Nordhordland.

Sørfjorden[endre | endre wikiteksten]

Hardingfeleverket nr 418. Slåtten er og kalla Sørfjord-bulkoen, og skriv seg frå Per Bulko. Slåttenamnet er etter Ola Bulko, son hans Per. Sørfjorden er namnet på den inste greina av Hardangerfjorden.