Arnoldus Koren

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Arnoldus Koren. På lerretet er det skrive med blekk: «Sorenskriver Arnoldus von Western Sylov Koren, født 22. juli 1764. Malt i hans 86. års alder, (han var da blind) av Anna Nerdrum, nu fru Melby». Måleriet tilhøyrer Eidsvoll 1814.
Frå DigitaltMuseum

Arnoldus von Westen Sylow Koren (22. juli 17648. oktober 1854) var ein embetsmann, eidsvollsmann og stortingsmann.

Koren var fødd i Bergen, der far hans var kjøpmann. Sjølv vart han student frå katedralskulen i byen i 1784, og cand. jur. i 1789. Same året byrja han som volontør i det danske rentekammeret i København. År 1795 vart han sorenskrivar i vestre Råbyggelaget, fire år seinare fekk han tilsvarande embete i Hardanger og Voss. I tillegg til dette embetet var han birkedommar på godset Lyse kloster og frå 1818 på godset Rosendal.

I 1814 var Koren utsending frå Søndre BergenhusriksforsamlingaEidsvoll, han slutta seg til sjølvstendepartiet.[1] 17. mai 1814 var han medlem av deputasjonen som møtte Kristian Fredrik. Han var representant for amtet på det overordentlege storting 1814 og Stortinget 1818. I 1814 var han medlem av Lagtinget og av undersøkingskomiteen. Fire år seinare var han medlem av Lagtinget og av 12 komitear. I fire av komiteane var han formann, som komiteen om skattelova av 1816, om fyr- og merkevesen, om skysslova og om nasjonalfargen og «overdaadighet».

Koren tok avskjed frå embeta sine i 1840, og døydde på prestegarden i Ullensvang i 1854.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Arnoldus von Westen Sylow Koren (1764-1854). Eidsvoll 1814. Vitja 2. juli 2015.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]