The Ballad of Frankie Lee and Judas Priest

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
The Ballad of Frankie Lee og Judas Priest
Song av Bob Dylan
frå albumet John Wesley Harding
Utgjeve 27. desember 1967
Innspelt 17. oktober til. 29. november 1967
Sjanger Folk, folkrock
Lengd 5:35
Selskap Columbia
Låtskrivar(ar) Bob Dylan
Produsent Bob Johnston

«The Ballad of Frankie Lee and Judas Priest» er ein song av Bob Dylan på albumet John Wesley Harding frå 1967.

Balladen er den lengste songen på John Wesley Harding og er utan refreng, mellomspel eller anna som varierer strukturen, berre fleire vers som nærast vert tala fram av Dylan. Som resten av albumet er instrumenteringa enkel, teksten er stemningsfull og inviterer til tolking som ein allegori. Historia omhandlar Frankie Lee som svarer på forslag og freistingar frå ein viss Judas Priest. Frankie Lee døyr til slutt «av torste» etter å ha vore 16 døgn i eit hus med 24 kvinner i, truleg eit bordell.

«It’s not a house,» said Judas Priest,
«It’s not a house . . . it’s a home.»

Bob Dylan

Uvanleg for ein Dylan song ser «The Ballad of Frankie Lee and Judas Priest» ut til å ende med ein tydeleg moral som fortel lyttaren at «moralen i denne soga, moralen i denne songen, er rett og slett at ein ikkje bør vere der ein ikkje høyrer heime», å hjelpe naboen sin med lastene hans, og «ikkje mistolke paradis for heimen på andre sida av vegen».

Heavy metal-bandet Judas Priest har teke namnet sitt frå denne songen.[1]

Andre utgåver[endre | endre wikiteksten]

Andre artistar som har spelt denne songen er mellom andre

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Al Atkin om skipinga av Judas Priest

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]