Hopp til innhald

Time Out of Mind

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Versjonen frå 29. september 2011 kl. 10:02 av ZéroBot (diskusjon | bidrag) (r2.7.1) (robot la til: hu:Time Out of Mind)
Time Out of Mind
Studioalbum av Bob Dylan
Språk engelsk
Utgjeve 30. september 1997
Innspelt 1996-1997
Sjanger Americana, bluesrock, folkrock
Lengd 72:50
Selskap Columbia
Produsent Daniel Lanois
Kritikk
Bob Dylan-kronologi 
MTV Unplugged
(1995)
Time Out of Mind The Bootleg Series Vol. 4: Bob Dylan Live 1966, The "Royal Albert Hall" Concert
(1998)


Time Out of Mind er det 30. studioalbumet til Bob Dylan. Det kom ut i september 1997 på Columbia Records. Det var det første doble studioalbumet hans, sidan det vart gjeven ut på vinyl, sidan Self Portrait frå 1970. Det kom òg ut som ein enkel CD.

For både tilhengjarar og kritikarar markerte albumet eit kunstnarisk comeback for Dylan etter at han hadde slite med den musikalske identiteten sin gjennom 1980-åra, og ikkje hadde gjeve ut originale songar sidan Under the Red Sky i 1990. Time Out of Mind vert trekt fram som eit av dei beste albuma hans og vann tre Grammy-prisar, mellmo anna for årets album i 1998. Magasinet Uncut kåra det òg til årets album. Albumet er òg plassert på 408. plass på lista til musikkmagasinet Rolling Stone frå 2003 over dei 500 største albuma gjennom tidene.[1] Albumet nådde andreplassen på VG-lista i Noreg.

Albumet har eit særleg atmosfærisk lydbilete, skapt av produsent Daniel Lanois. Trass i at han stort sett har rost Lanois, særleg etter arbeidet han gjorde på Oh Mercy i 1989, har Dylan uttalt at han var misnøgd med lydbiletet på Time Out of Mind. Han har sidan produsert alle albuma sine sjølv etter dette.

Innhald

Alle songar er skrivne av Bob Dylan.

Nr.TittelLengd
1.«Love Sick»05:21
2.«Dirt Road Blues»03:36
3.«Standing in the Doorway»07:43
4.«Million Miles»05:52
5.«Tryin' to Get to Heaven»05:21
6.«Til I Fell in Love with You»05:17
7.«Not Dark Yet»06:29
8.«Cold Irons Bound»07:15
9.«Make You Feel My Love»03:32
10.«Can't Wait»05:47
11.«Highlands»16:31

Medverkande

  • Bob Dylan – gitar, munnspel, piano, vokal
  • Bucky Baxter – akustisk gitar, pedal steel (3,5,7,8)
  • Brian Blade – trommer (1,3,4,6,7,10)
  • Robert Britt – Martin acoustic, Fender Stratocaster (3,6,7,8)
  • Cindy Cashdollar – slide gitar (3,5,7)
  • Jim Dickinson – keyboard, Wurlitzer elektrisk piano, pumpeorgel (1,2,4,5,6,7,10,11)
  • Tony Garnier – elektrisk bass, ståbass
  • Jim Keltner – trommer (1,3,4,5,6,7,10)
  • David Kemper – trommer på «Cold Irons Bound»
  • Daniel Lanois – gitar, mando-gitar, Firebird, Martin 0018, Gretsch gold top, rytme, solo
  • Tony Mangurian – perkusjon(3,4,10,11)
  • Augie Meyers – Vox organ combo, Hammond B3 orgel, trekkspel
  • Duke Robillard – gitar, elektrisk l5 Gibson (4,5,10)
  • Winston Watson – trommer på «Dirt Road Blues»

Kjelder

  • Denne artikkelen bygger på «Time Out of Mind» frå Wikipedia på engelsk, den 4. oktober 2010.
    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
  1. "#408 Time Out of Mind" "The 500 Greatest Albums of All Time" 1. november 2003. Vitja 4. oktober 2010.

Mal:Link GA