Anne-Grete Strøm-Erichsen
Anne-Grete Strøm-Erichsen (fødd 21. oktober 1949) er ein Norsk arbeidarparti-politikar frå Bergen. Sidan 20. oktober 2009 har ho vore helseminister i regjeringa Stoltenberg II. Frå 2005 til 2009 var ho forsvarsminister i den same regjeringa. Strøm-Erichsen vart også innvald på Stortinget frå Hordaland i 2005 og attvald i 2009.
Strøm-Erichsen gjekk reallinja på Langhaugen gymnas mellom 1965 og 1968 og Danielsen skole frå 1968 til 1969. Deretter utdanna ho seg til EDB-ingeniør ved Høgskolen i Bergen frå 1970 til 1974 og tok South Dakota School of Mines & Technology i perioden 1980–1981.
Strøm-Erichsen var operatør ved EDB-avdelinga på Universitetet i Bergen frå 1974-1977, og deretter arbeidde ho som programmerar på Nordisk Institutt ved Universitetet i Bergen frå 1977 til 1984, før ho byrja som systemkonsulent og systemsjef i GPI AS i perioden 1984–1987 og som dagleg leiar i Talesystemer AS i perioden 1987–1988. Ho var seniorkonsulent i Siemens Nixdorf mellom 1988 og 1991 og seniorkonsulent i BDC AS frå 1991 til 1995.
Strøm-Erichsen har også vore varaordførar (1998–1999), ordførar (1999–2000) og byrådsleiar (2000–2003) i Bergen. Ho har i tillegg representert Bergen som president i Organization of World Heritage Cities.
Ho er gift med Arve Strøm-Erichsen, som arbeider i IT-bransjen, og dei har to ungar.
[endre] Kjelde
| Norske forsvarsministrar etter 1945 | |
|---|---|
| Oscar Torp (1945) · Jens Chr. Hauge (1945–52) · Nils Langhelle (1952–54) · Kai Birger Knudsen (1954–55) · Nils Handal (1955–61) · Gudmund Harlem (1961–63) · Håkon Kyllingmark (1963) · Gudmund Harlem (1963–65) · Otto Grieg Tidemand (1965–70) · Gunnar Hellesen (1970–71) · Alv Jakob Fostervoll (1971–72) · Johan Kleppe (1972–73) · Alv Jakob Fostervoll (1973–76) · Rolf Hansen (1976-79) · Thorvald Stoltenberg (1979–81) · Anders C. Sjaastad (1981–86) · Rolf Presthus (1986) · Johan Jørgen Holst (1986–89) · Per Ditlev-Simonsen (1989–90) · Johan Jørgen Holst (1990–93) · Jørgen Kosmo (1993–97) · Dag Jostein Fjærvoll (1997–99) · Eldbjørg Løwer (1999–2000) · Bjørn Tore Godal (2000–01) · Kristin Krohn Devold (2001–05) · Anne-Grete Strøm-Erichsen (2005–09) · Grete Faremo (2009–2011) · Espen Barth Eide (2011-) |
- Fødde i 1949
- Norske politikarar
- Arbeidarpartipolitikarar
- Ordførarar i Bergen
- Folk frå Bergen
- Stortingsrepresentantar 2005-2009
- Stortingsrepresentantar 2009-2013
- Norske forsvarsministrar
- Norske helseministrar
- Ap-statsrådar
- Stortingsrepresentantar for Hordaland
- Stortingsrepresentantar frå Ap
- Ap-ordførarar i Hordaland