Håkon Kyllingmark

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Håkon Olai Kyllingmark (19. januar 191511. august 2003) var ein offiser, forretningsmann og politikar for Høgre. Han var stortingsrepresentant frå 1953 til -1981 og hadde to ulike statsrådposter; forsvarsminister i 1963 og samferdsleminister 1965-71. I si tid som samferdsleminister var han sentral i arbeidet med å bygge flyplassar på kysten av Vestlandet og i Nord-Noreg.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Kyllingmark vart fødd i Honningsvåg. Etter utdanning på befalskurs livnærde han seg som handelsagent i åra før 2. verdskrigen, busett i Svolvær. Han deltok så som soldat under krigen i Nord-Noreg våren 1940, heilt til det norske Forsvaret kapitulerte i juni 1940. Under okkupasjonen av Noreg deltok han i illegalt motstandsarbeid, og flykta i 1943 til Sverige.

I 1945 tok Kyllingmark oppatt sitt yrke som agent. Han engasjerte seg i lokalpolitikken, vart same året vald inn i Svolvær bystyre på ei borgarleg fellesliste. Seinare melde han seg inn i partiet Høgre og vart hausten 1953 vald inn på Stortinget for Nordland Høgre. Sidan vart han attvald seks gongar og var såleis stortingsrepresentant i 28 år.

Kyllingmark vart fyrst og fremst ein samferdsle-politikar. Bortsett frå eit par år i sjøfarts- og fiskerikomiteen var han gjennom heile si tid på Stortinget medlem av samferdslekomiteen. Hausten 1965 vart han samferdsleminister i den nydanna Borten-regjeringa, ein post han hadde heilt til regjeringa gjekk av i mars 1971. Gjnnom desse åra leia han utbygginga av det såkalla kortbanenettet, eit prosjekt som kom til å revolusjonere norsk luftfart. Særleg viktig var kortbane-flyplassane for flytrafikken i Nord-Noreg og på Vestlandet.

Allereie i 1958 vart Kyllingmark vald til 2. viseformann i Høgre, ein posisjon han hadde heilt fram til 1970. Deretter var han i mange år medlem av sentralstyret i partiet. I perioden 1973–81 var han nestformann i Høgre si stortingsgruppe. Hausten 1963 var Kyllingmark forsvarsminister i den kortvarige Lyng-regjeringa.

Kyllingmark budde i sitt vaksne liv i Vågan kommune, der han også døydde.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]