Dag Jostein Fjærvoll

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Dag Jostein Fjærvoll (fødd 20. januar 1947) i Hadsel er ein norsk politikar frå Kristeleg Folkeparti. Han sat på Stortinget frå 1985 til 1997, innvald frå Nordland.

Dag Jostein Fjærvoll var statsråd og sjef for to departement i Regjeringa Bondevik I:

Før han blei rikspolitikar, var Fjærvoll ordførar i Hadsel kommune. Han er utdanna lærar frå Oslo lærerskole og har tilleggsutdanning i matematikk og rådgjevingsfag. Han var også lærar, undervisingsinspektør og rektor på Melbu skole. Fjærvoll er busett på Stokmarknes og etter den politiske karrieren har han vore arbeidande styreleiar for Vesterålen Høgskolesenter på Stokmarknes.

På Stortinget sat sat Fjærvoll to periodar i presidentskapen, høvesvis i Lagtinget og Odelstinget.

Far til Dag Jostein Fjærvoll, Edmund K. Fjærvoll (1910–1975), var stortingsrepresentant for Nordland KrF i to periodar, 1961–1965 og 1969–1973. Anne Orderud Paust var Fjærvoll sin sekretær då han var forsvarsminister.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]