Arbeidsdyr

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tamelefant kan brukast som ride- og transportdyr.
Hest og hundar brukt ved jakt. Illustrasjon frå Codex Manesse frå tidleg på 1300-talet.

Arbeidsdyr er husdyr som blir brukt til å utføra oppgåver, til dømes bering, trekking, gjeting, jakting, vakthald, føring og lukting. Ei rekkje dyr kan passa til å gjera nyttig arbeid gjennom avl og trening. Dyr kan også lærast opp til å gjera oppgåver meint som underhaldning.

Dei fleste arbeidsdyr har vore husdyr gjennom fleire generasjonar, og er blitt utvikla gjennom kunstig utval slik at dei passar godt til arbeidsoppgåvene dei er meint for. Slik har ein til dømes fått hunderasar med ulike eigenskapar som gjer dei særs eigna som til dømes jakthund, gjetarhund eller vakthund. Planmessig avl kan brukast til å få fram ønskte kombinasjonar av eigenskapar. I nokre høve kan ein kryssa fram hybridar mellom ulike dyr som ein veit gjev arbeidsdyr med ein viss type bygnad og temperament, til dømes muldyr og dzo. Andre dyr som blir brukt til å utføra oppgåver kan ha blitt fanga frå naturen direkte eller berre vore halde i fangengskap i nokre få generasjonar, som delfinar og pingvinar.

Arbeidsområde[endre | endre wikiteksten]

  • Jaktdyr blir nytta til å finna og i nokre høve fanga byttedyr. Hundar er mykje brukt som jaktdyr, men kattedyr, rovfuglar og frittar blir også brukt til dette.
  • Kløvdyr blir nytta til å bera laster, som regel med kløv, men elefantar kan også bruka snabelen til å bera.
  • Ridedyr blir nytta til å ri på for å kunna reisa raskare eller lengre, for fritid, sport eller underhaldning. Dei kan også brukast til å heva ryttaren for å gje han større oversyn, til dømes i politi- eller militære samanhengar.
  • Trekkdyr kan nyttast til å dra tunge eller uhandterlege ting, som vogner, kjerrer, sleder og båtar til transport, plogar, harvar og ardar innan jordbruk, eller treskjeverk, kverner og liknande innan vidare produksjon.
  • Gjeting. Visse dyr, særleg hundar men i nokre høve også hestar, kan hjelpa til med å samla, styra eller dela ein flokk husdyr.
  • Sansing. Ein kan få dyr til å bruka sansar som menneske manglar til å finna eller oppfatta ting. Søkehundar kan lukta seg fram til og markera ei rekkje ulike stoff, som narkotika eller sprengstoff, særskilde lukter frå kroppsvæsker, sjukdomssymptom eller lik, og levande vesen, som menneske, dyr eller skadedyr. Også andre dyr med god luktesans kan brukast til ulike føremål, som trøffelgris eller mineryddande gambisk kjempeposerotte.
  • Vakting. Dyr som vakthundar kan merka om ukjende folk eller dyr prøver å ta seg inn ein stad, og påkalla hjelp eller skrema dei vekk.
  • Hjelp og terapi. Dyr kan brukast til å hjelpa folk med funksjonshemmingar eller sjukdom. Førarhundar (eller førarhestar) kan leia menneske med synshemmingar, medan høyrehundar kan signalisera lydar til folk med nedsett høyrsle. Hundar og apekattar kan trenast opp til å utføra oppgåver for funksjonshemma, som å trykka på knappar, opna post eller bla i bøker. Ei rekkje ulike dyr er blitt særskild trente for å brukast til ulike former for terapi, som terapiriding. Også kjæledyr kan ha funksjonar som terapidyr.
  • Kommunikasjon. Gjennom trening eller instinkt kan ein få dyr til å bera meldingar som ein ønskjer skal sendast ein stad. Eit kjent døme er brevduer.
  • Underhaldning. Dyr kan brukast til tevlingar, typisk kappløp eller tvikamp. Dei kan også trenast opp til å utføra imponerande triks til underhaldning, til dømes ved sirkus, dyrehagar eller akvarium. Ofte er det opphavleg ville dyr og ikkje husdyr som blir brukt til dette. Mange dyrevelferdgrupper er kritiske til underhaldning som kan omfatta skading eller unaturleg behandling av dyr.
  • Forsking. Dyr kan trenast opp til å gjera dyreforsøk i laboratorium eller ved nye ved utforsking av nye område, som romfart.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]


Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Arbeidsdyr