Busetjinga Ariel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ariel
اريئيل
by
Våpenskjold
Namneopphav: Guds løve
Land  Vestbreidda
Distrikt Judea- og Samaria-området
Koordinatar 32°6′21.6″N 35°11′16.43″E
Areal 14,677 km²
Folketal 18 638  (2012[1])
Folketettleik 1 270 / km²
Grunnlagd 1978
 - Bystatus 1998
Borgarmeister Eliyahu Shaviro
Kart
Busetjinga Ariel
32°6′22″ N 35°11′16″ E
Wikimedia Commons: Ariel (city)

Ariel (hebraisk אֲרִיאֵל‎, arabisk اريئيل‎) er ei israelsk busetjing på den okkuperte Vestbreidda. Busetjinga vart etablert i 1978 og fekk bystatus av israelske styresmakter i 1998. Folketalet er 16 700.(2008) Ariel er den femte største israelske busetjinga på Vestbreidda og vert, saman med dei andre busetjingane, rekna som ulovleg etter folkeretten. Ariel ligg i Salfit-provinsen.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Ariel ligg om lag 17 kilometer aust for grensa mellom Israel og Vestbreidda og 34 km vest for Jordanelva, som er grensa til Jordan. Den næraste palestinske byen er Salfit, Nablus ligg litt lenger unna mot nordaust. Avstanden til Tel Aviv er 42 km og til Jerusalem 60 km.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Busetjinga Ariel vart grunnlagd våren 1978, då ei gruppe busetjarar sette opp telt på ein bakketopp, som var vald ut fordi han låg strategisk til langs ei mogleg jordansk invasjonsrute i retning Tel Aviv. I august 1978 busette 40 israelske familiar seg her. Telta vart etter kvart bytte ut med prefabrikerte betonghus, og busetjinga fekk lagt inn vatn, elektrisitet og anna infrastruktur.

I 1982 vart det oppretta ei avdeling av Bar-Ilan-universitetet her. Denne institusjonen vart ein frittståande høgskule i 2004, under namnet Ariel universitetssenter i Samaria (המרכז האוניברסיטאי אריאל בשומרון‎) og søkte om universitetsstatus, men har per 2010 ikkje fått dette.

Israelske styresmakter gav busetjinga Ariel bystatus i 1998. Det var opphavleg meininga at den israelske sperringsgjerdet/-muren skulle byggjast ut frå grensa til Israel og austom Ariel, men dette vart i første omgang stoppa i påvente av handsaming av israelsk høgsterett. I mellomtida har busetjinga blitt omringa av eit elektrisk piggtrådgjerde.[2] Den israelske statsministeren Ehud Olmert, frå partiet Kadima, sa under valkampen i 2006 at Israel aldri ville gi frå seg Ariel.[3] Statsminister Benjamin Netanyahu, frå Likud-partiet, gjentok under ein seremoni i Ariel i januar 2010 dette standpunktet, og sa at uansett framtidige forhandlingar og avtalar vil Ariel alltid vera ein integrert del av staten Israel.[4]

I mars 2008 vart det bygd nye bustader i Ariel for å gi husrom til israelske busetjarar som hadde vorte tvinga til å flytta frå Gazastripa då Israel trekte seg ut derifrå.[5] I juni 2008 var den israelske presidenten Shimon Peres til stades i Ariel under feiringa av 30-årsjubileet for busetjinga. Peres var med i regjeringskomiteen som godkjende opprettinga av Ariel i 1978.[6]

Etter planen skal eit teatersenter opna i Ariel 8. november 2010. 60 framståande israelske skodespelarar, forfattarar og regissørar har kunngjort at dei vil nekta å opptre på dette teateret, fordi dette ville ha styrkt dei israelske busetjingane på Vestbreidda.[7]

Venskapsbyar[endre | endre wikiteksten]

Ariel er venskapsby med:

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. http://www.ketzaleh.co.il/BRPortalStorage/a/62/98/02-rKDS1yclI3.pdf
  2. "Israeli Settlement Seeks Protection" frå National Public Radio, på engelsk.
  3. "Israel 'to keep major settlement'" frå BBC.
  4. "Benjamin Netanyahu: Israel to retain key West Bank settlement in any peace deal" frå Haaretz.
  5. "New home for ex-Gaza settlers: Deep in W.Bank" frå Haaretz.
  6. "Peace Now: Peres aiding 'enemies of peace' by attending Ariel anniversary" frå Haaretz.
  7. "Israeli actors refuse to take the stage in settlement theatre" frå The Independent, på engelsk.
  8. 8,0 8,1 Hodorov, Irit (26. september 2008). «Gemini Sign». Yediot Petah Tikva (Yedioth Ahronoth). 
  9. «Mobile's Sister Cities». City of Mobile. Henta 5. september 2015.